Hyrdestare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hyrdestarar)
Hyrdestare
Frå Cape Town i Sør-Afrika Foto: Dick Daniels
Frå Cape Town i Sør-Afrika
Foto: Dick Daniels
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiingskart. Blått viser det opphavlege området, raudt viser område der han lever som ein invasiv art.
Utbreiingskart. Blått viser det opphavlege området, raudt viser område der han lever som ein invasiv art.
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Starefamilien Sturnidae
Slekt: Acridotheres
Art: Hyrdestare A. tristis
Vitskapleg namn
Acridotheres tristis
Læte

Hyrdestare (Acridotheres tristis) er ein sporvefugl i starefamilien. Hyrdestaren har opphavleg utbreiingsområde i Asia, og er introdusert til store delar av verda. Dette er ein altetande fugl, og han lever i opne skogsområde og har tilpassa seg særs godt til urbane miljø. Han er sterkt territorial.

Hyrdestare er eit viktig motiv i indisk kultur og blir skildra både i sanskrit- og prakrit-litteratur. Det engelske artsnamnet myna er avleidd frå hindiordet mainā som vidare kjem frå sanskrit madanā.[1][2]

Utbreiinga av hyrdestarar aukar i ei så stor fart at IUCN i 2000 erklærte han som ein av dei mest invaderande artane i verda og ein av berre tre fuglar blant dei 100 artane som utgjer ein innverknad på biologisk mangfald, landbruk og menneskelege interesser.[3] Spesielt utgjer arten ein alvorleg trussel mot økosystema i Australia.[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hyrdestarar beitar mest på bakken.
Foto: T G Santosh

Hyrdestarar er enkle å identifisere med si brune og svarte fjørdrakt, lyst gule nebb og bein og eit gult fjørlaust område bak auget. Hovudet og halsen er svart. Dei har ein kvit flekk på ytre primærfjører og dekkfjørene på undersida av vengen kvite. Undergumpen og tuppane av undersida på halen er òg kvite. Kjønna er like, og fuglane er vanlegvis sett parvis.[5] Kroppslengda er ca. 23 centimeter og dei veg i området frå ca. 110 til 138 gram, hofuglane er størst.[6]

Hyrdestarar varierer i utsjånad ved at fuglar frå nordvestre India har tendens til å vere bleikare enn dei mørkare fuglane i Sør-India, i samsvar med regelen til Gloger.[6][7]

Dette er ein fugleart som var stadeigen til Asia med opphavleg leveområde som strekkjer seg frå Iran, gjennom heile Sør-Asia inkludert Pakistan, India, Nepal, Bhutan, Bangladesh og Sri Lanka, og dessutan Turkmenistan, Afghanistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Usbekistan, Tadsjikistan, Myanmar, til Malaysia, Singapore, Den thailandske halvøya, Indokina og Kina.[6][8]

Hyrdestarar har blitt innført i mange andre delar av verda som Canada, Australia, Israel, New Zealand, Ny-Caledonia, Hawaii, Sør-Afrika og øyar i Indiahavet, Atlanterhavet og Stillehavet.[6] Utbreiinga av hyrdestarar aukar i den grad at IUCN Species Survival Commission i år 2000 erklærte han blant verdas 100 vondaste invasive artar.[3]

Vokalisering og kvile[endre | endre wikiteksten]

Songen omfattar kvekking, hese skrik, kvitring, klikking fløyting og «knurring», og fuglen bruser ofte fjørene sine og vippar hovudet opp og ned under songen. Hyrdestarar skrik åtvaringar til partnaren sin eller andre fuglar i tilfelle av rovdyr i nærleiken eller når dei i ferd med å ta av for flukt.[9] Hyrdestarar er populære som burfuglar på grunn av evnene til å vokalisere variert. Dei er sosiale fuglar som samlar seg på felles kvileplassar om natta, og før dei fell til ro om kvelden, vokaliserer dei høgt i samklang. Støyen tar til att under oppvakning før soloppgang.[10]

Hyrdestarar samlar seg på felles overnattingsplassar heile året, anten i reine flokkar eller i blanda flokkar med krattstare, rosenstare, huskråke, tjukknebbkråke, kuhegre, halsbandparakitt og andre fuglar. Storleiken på slike flokkar kan variere frå under hundre til tusenar av fuglar.[10][11]

Funksjonen til ein felles kvileplass er å synkronisere ulike sosiale aktivitetar, unngå rovdyr, og å utveksle informasjon om matkjelder.[12]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Unge i reir.
Foto: J.M. Garg
Egg

Ein trur hyrdestarar finn ein partnar for livet. Dei hekkar gjennom store delar av året avhengig av staden dei lever på, og byggjer reira sine i eit holt tre eller i ein vegg. Dei hekkar frå havnivå opp til 3000 moh. i Himalaya.[6]

Normalt er det 4-6 egg i kullet. Rugetida er 17-18 dagar og perioden fram til ungane flyg er 22 til 24 dagar.[6] Grønnebbkoelar er nokre gongar parasittiske på denne arten.[13] Hyrdestarar nyttar mellom anna kvistar, røter og menneskeleg avfall som reirmaterialar.

Hyrdestarar kan gjenbruke reirplassar etter hakkespettar, parakittar og andre, og tar gjerne i bruk fuglekassar. Dei kan kaste ut ungar av andre artar. Denne aggressive åtferda blir trudd å medverke til suksessen som ein invasiv art.[14]

Mat og beiting[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste andre stareartar er hyrdestarar altetande. Dei beitar på insekt, edderkoppar, krepsdyr, krypdyr, små pattedyr, frø, korn og frukt og søppel. Nede på bakken blant menneskeleg gras finn dei insekt, og spesielt grashopper, det er reflektert i slektsnamnet Acridotheres, 'grashoppejeger'. Han lever likevel av eit breitt spekter av insekt, hovudsakleg plukka frå bakken.[6][15] Dette er ein pollinator av blomar som Salmalia og Erythrina. Dei flyttar seg på bakken med sporadiske hopp og er ein opportunistisk jeger etter insekt som blir forstyrra av beitande storfe og dessutan når grasmarker brenn.[6]

Habitat[endre | endre wikiteksten]

Denne talrike sporvefuglen finn ein vanlegvis i opne skogsterreng, dyrka område og rundt bustader. Sjølv om dette er ein tilpassingsdyktig art, har populasjonen i Singapore og Malaysia minka monaleg på grunn av konkurransen med dei innførte javastarane der.[16]

Introdusert art[endre | endre wikiteksten]

Effekt på økosystema og menneske[endre | endre wikiteksten]

Hyrdestarar trivst i byar og forstadsmiljø, i Canberra til dømes, vart 110 hyrdestarar sette ut mellom 1968 og 1971. I 1994 hadde dei etablert seg med 75 fuglar per kvadratkilometer i eit område som ble undersøkt.[17] Saman med europeiske starar, gråsporvar og byduer er hyrdestarar til skade for bygga i byen, reira deira blokkerer takrenner og avløpsrøyr, årsaker vasskadar på byggeksteriør.[18]

Hyrdestare er ein hòlerugar. Jamført med innfødde artar er hyrdestarar ekstremt aggressive, og hekkande hannfuglar vil aktivt verne om område som strekkjer seg opp til 0,83 hektar i storleik, jamvel om hannar i bystrøk berre forsvarer området umiddelbart rundt reiret.[19]

Denne aggressiviteten har aktivert hyrdestarar å fortrenge mange hekkande par av innfødde hòlerugarar, og har dermed redusert formeiringssuksessen deira. Spesielt har reproduksjonstal av papegøyar i krattland i Aust-Australia blitt reduserte med opptil 80 % etter introduksjon av hyrdestarar.[20]

Trugsmål mot landbruk[endre | endre wikiteksten]

Hyrdestarar utgjer ein trussel mot blåbæravlingar i Australia.[21] På Hawaii, der hyrdestarar vart introduserte for å kontrollere larver som skadedyr på sukkerrøyrplantasjar, har fuglen bidrege til å spreie den robuste ugrasplanten Lantana camara over dei opne grasslettene på øyane.[22] Dei er òg rekna som skadedyr for fruktindustrien på Hawaii.[23]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. myna. CollinsDictionary.com. Collins English Dictionary - Complete & Unabridged 11th Edition. Retrieved October 06, 2012.
  2. New Oxford American Dictionary
  3. 3,0 3,1 Lowe S., Browne M., Boudjelas S. and de Poorter M. (2000). 100 of the World’s Worst Invasive Alien Species. A selection from the Global Invasive Species Database. The Invasive Species Specialist Group (ISSG), a specialist group of the Species Survival Commission (SSC) of the World Conservation Union (IUCN), Auckland.
  4. «ABC Wildwatch». Abc.net.au. Henta 7. august 2012. 
  5. Rasmussen, PC & JC Anderton (2005). Birds of South Asia: The Ripley Guide. Vol 2. Smithsonian Institution & Lynx Edicions. s. 584. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 Ali, Salim; Ripley, S. Dillon (2001). Handbook of the Birds of India and Pakistan, Volume 5 (2 (paperback) utg.). India: Oxford University Press. s. 278. ISBN 0-19-565938-4. 
  7. Rasmussen, Pamela C.; Anderton, John C. (2005). Birds of South Asia - The Ripley Guide (volume 2). Smithsonian Institution, Washington & Lynx edicions, Barcelona. s. 683. ISBN 84-87334-66-0. 
  8. «Common Myna». Henta December 23, 2007. 
  9. Griffin, Andrea S. (2008). «Social learning in Indian mynahs, Acridotheres tristis: the role of distress calls.». Animal Behaviour 75 (1): 79–89. doi:10.1016/j.anbehav.2007.04.008. 
  10. 10,0 10,1 Mahabal, Anil; Vaidya, V.G. (1989). «Diurnal rhythms and seasonal changes in the roosting behaviour of Indian Myna Acridotheres tristis (Linnaeus)». Proceedings of Indian Academy of Sciences (Animal Science) (Indian Academy of Sciences, Bangalore) 98 (3): 199–209. doi:10.1007/BF03179646. Henta 22 January 2011. 
  11. Mahabal, Anil (1992). «Diurnal intra- and inter-specific assemblages of Indian Mynas». Biovigyanam (Maharashtra Association for the Cultivation of Science, Pune) 18 (2): 116–118. Henta 22 January 2011. 
  12. Mahabal, Anil (1997). «Communal roosting in Common Mynas and its functional significanca». Journal of Bombay Natural History Society (Bombay Natural History Society, Mumbai) 94 (2): 342–349. Henta 22 January 2011. 
  13. Choudhury A. (1998). «Common Myna feeding a fledgling koel». Journal of the Bombay Natural History Society 95 (1): 115. 
  14. Pande, Satish; Tambe, Saleel; Clement, Francis M; Sant, Niranjan (2003). Birds of Western Ghats, Kokan and Malabar (including birds of Goa). Mumbai: Bombay Natural History Society & Oxford University Press. s. 377. ISBN 0-19-566878-2. 
  15. Mathew, DN; Narendran, TC; Zacharias, VJ (1978). «A comparative study of the feeding habits of certain species of Indian birds affecting agriculture». J. Bombay Nat. Hist. Soc. 75 (4): 1178–1197. 
  16. «Ubiquitous Javan Myna». Bird Ecology Study Group, Nature Society (Singapore). Besgroup.blogspot.com. Henta October 25, 2007. 
  17. Pell 1997, side 146
  18. Bomford, M.; Ron Sinclair (2002). «Australian research on bird pests: impact, management and future directions» (PDF). Emu (Royal Australasian Ornithologists Union) 102: 35. doi:10.1071/MU01028. 
  19. Pell 1997, side 148
  20. Bomford 2002, side 34
  21. Bomford 2002, side 30
  22. Pimentel, D.; Lori Lach; Rodolfo Zuniga; Doug Morrison (January, 2000). «Environmental and Economic Costs of Nonindigenous Species in the United States». BioScience (American Institute of Biological Sciences) 50 (1): 53–56. doi:10.1641/0006-3568(2000)050[0053:EAECON]2.3.CO;2. 
  23. Koopman, ME & W C Pitt (2007). «Crop diversification leads to diverse bird problems in Hawaiian agriculture» (PDF). Human–Wildlife Conflicts 1 (2): 235–243. Arkivert frå originalen (PDF) 10. januar 2009. Henta 4. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hyrdestare