I'm a Man av Spencer Davis Group

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I'm a Man
Singel av The Spencer Davis Group
B-side «I Can't Get Enough of It»
Utgjeve Januar 1967
Sjanger Rock, bluesrock
Lengd 2:58
Selskap Fontana TF785 (UK)

United Artists UA50144 (US)

Låtskrivar(ar) Steve Winwood, Jimmy Miller
Produsent Jimmy Miller
The Spencer Davis Group-kronologi
«Gimme Some Lovin'»
(1966)
I'm a Man «Time Seller»
(1967)


I'm a Man
Singel av Chicago Transit Authority
frå albumet The Chicago Transit Authority
A-side «Questions 67 and 68»
Utgjeve September 1971
Innspelt 27.- 30. januar 1969
Sjanger hardrock, heavy metal, bluesrock
Lengd 7:43 (album)
3:27 (singel)
Selskap Columbia 4-45467
Produsent James William Guercio
Chicago Transit Authority-kronologi
«Beginnings» /
«Colour My World»
(1971)
I'm a Man «Saturday in the Park»
(1972)


«I'm a Man» er ein song skriven av Steve Winwood og plateprodusent Jimmy Miller for The Spencer Davis Group.

The Spencer Davis Group[endre | endre wikiteksten]

Den originale innspelinga var ein rask, Hammondorgel-basert bluesrock som vart gjeven ut som singel av the Spencer Davis Group tidleg i 1967. Singelen nådde niandeplassen på UK Singles Chart[1] og tiandeplassen i USA (den amerikanske versjonen var noko forkorta).[2] Det var den siste hitsingelen til bandet før brørne Steve og Muff Winwood slutta for å følgje sin eigne karrierar.

«I'm a Man» vart med på albumet deira I'm a Man i 1967.

Chicago-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Chicago Transit Authority (seinare kalla Chicago) spelte inn ein versjon av «I'm a Man» for debtualbumet deira The Chicago Transit Authority i 1969. Då populariteten til bandet auka, gav bandet ut «I'm a Man» som B-side til ei nyutgjeving av «Questions 67 and 68». Radiostasjonar spelte begge sidene og «I'm a Man» klatra til 49. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i 1971.[3]

Arrangementet til Chicago nyttar seg av eit lengre perkusjon- og trommeparti som strekkjer songen ut til sju minuttar og 40 sekund, og er basert på bluesrock-gitaren til Terry Kath, trommene til Danny Seraphine, bassen til Peter Cetera, Hammondorgelet til Robert Lamm og blåserekkja, som innimellom byter til perkusjonsinstrument som claves, kubjølle, maracas og tamburin. Kath, Cetera og Lamm syng eit vers kvar. Versjonen inneheld ein lengre trommesolo før det andre og tredje verset og refrenga, med ein trommerull so klimaks før ein gitarsolo avslutta songen på dramatisk vis. Konsertopptak av songen finst på Chicago at Carnegie Hall frå 1971 og Chicago Live in Japan. Santana brukte òg delar av denne songen på «Waiting» frå debutalbumet deira i 1969.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Serfs-album The Early Bird Cafe frå 1968 har ein perkusjonstung intro (før Chicago-versjonen) og Mike Finnigan på solovokal. Detta arrangementet glei over i Bo Diddley-songen med same namn.

Det progressive ungarske bandet Syrius spelte ofte songen på konsertane sine mellom 1970 og 1973.

Den tidlegare Chicago-trommisen Danny Seraphine starta bandet California Transit Authority (CTA), som spelte «I'm a Man» på konsertane sine i 2006.

Marzio Vincenzi frå Italia og Mauro Malavasi spelte i 1978 ein versjon av «I'm a Man» under namnet Macho i ein klassisk discostil.

Ein annan disco-aktig versjon vart gjeven ut av klaverspelaren Keith Emerson på filmmusikkalbumet for filmen Nighthawks. Nok ein discoversjon vart gjeven ut av Star City i 1978.

I 1987 miksa den italienske produsenten Gianfranco Bortolotti songen som ein maxisingel kalla «I'm a man/Yéké Yéké».

Tribe of Gypsies spelte «I'm a Man» på minialbumet Nothing Lasts Forever i 1997.

Ein remix av den originale songen finst på Gravy: Remixes & Rarities i 2007 gjeve ut av Acid Jazz Records.

Los Lonely Boys spelte inn ein versjon i 2008 på albumet Forgiven.

The Sub spelte inn ein versjon i 1970-åra på albumet Sub - In Concert.

Funkgruppa Capri gav ut ein versjon med blåsarar i 2008 på EPen «I'm A Man».

VW Polo-reklame[endre | endre wikiteksten]

Volkswagen laga ein britisk fjernsynsreklame kalla «Dog» i 2008, der ein hund mimar til «I'm a Man». Versjonen ytta i reklamen var ein coverversjon av den unge britiske musikaren Charlie Winston. Reklamen vart teken av lufta etter fleire klagar frå RSPCA.[4][5]

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Ein instrumental discoversjon av songen vert nytta i underhaldningsprogrammet The Price Is Right.

Songen vart nytta i ein episode av Mad Men kalla «Time Zones» i sesong 7.

Songen vert nytta i filmen Minions frå 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]