Lee Loughnane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lee Loughnane
Lee Loughnane.jpg
Loughnane i 2008
Fødd21. oktober 1946 (73 år)
FødestadElmwood Park i Illinois i USA
FødenamnLee David Loughnane
OpphavUSA
Aktiv1966 til i dag
SjangerRock, blues, R'n'B
InstrumentTrompet, flygelhorn, kornett
Kjende instrumentflygelhorn
Tilknytte artistarChicago
Verka somMusikar

Lee David Loughnane (fødd 21. oktober 1946) er ein USA-amerikansk trompetist, flygelhornspelar, vokalist og låtskrivar, mest kjend som opphavleg medlem av rockebandet Chicago.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Loughnane var fødd i Elmwood Park i Illinois, ein landsby nordvest i Chicago.

Gjennom vennskapen med gitaristen Terry Kath, møtte Loughnane trommeslagaren Danny Seraphine og saksofonisten Walter Parazaider. Parazaider, som prøvde å danne eit rockeband med blåserekkje, oppfordra Loughnane til å bli med på øvingane. Loughnane har vore medlem av bandet sidan starten. Gruppa kalla seg først The Big Thing, men skifta etter kvart namn til The Chicago Transit Authority med James Pankow på trombone, Robert Lamm på vokal og klaverinstrument, og Peter Cetera på vokal og bass i tillegg. Bandet korta ned namnet til Chicago etter trugsel om søksmål frå det verkelege Chicago Transit Authority.

Loughnane har skrive nokre songar for Chicago, mellom anna hittane «Call on Me» frå Chicago VII og «No Tell Lover» frå Hot Streets, og albumspor som «Together Again» på Chicago X og «This Time» på Chicago XI. Loughnane song solovokal første gongen på Terry Kath-songen «Song of The Evergreens» på Chicago VII. Han song òg korvokal på mange Chicago-songar, og stundom solovokal, som på «Let it Snow! Let It Snow! Let It Snow!» frå Chicago XXV: The Christmas Album.

Loughnane spelte horn på Bee Gees-albumet Spirits Having Flown.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. «Biography: Chicago». Allmusic. Henta 20. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]