Chicago at Carnegie Hall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chicago at Carnegie Hall
Konsertalbum av Chicago
Utgjeve 25. oktober 1971
Innspelt 5. til 10. april 1971
Sjanger Rock, jazzfusion[1]
Lengd 1971: 2:48:33
2005: 3:43:59
Selskap Columbia
Chicago-kronologi
Chicago III
(1971)
Chicago at Carnegie Hall Chicago V
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Chicago at Carnegie Hall er det første konsertalbumet og det fjerde totalt av det amerikanske band Chicago. Det kom ut i 1971 som ein plateboks med fire LP-plater på Columbia Records. Det var òg ei stund til sals som to separate dobbeltplater. Det vart føreslått og lage ein kvadronisk miks av albumet, men det vart aldri gjort. Dette er det einaste av dei første ti utgjevingane til Chicago som ikkje kom ut i kvadrofonisk lyd.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Medan dei var på turné for å marknadsføre Chicago III, spelte Chicago i Carnegie Hall i ei veke i april 1971 og alle konsertane vart festa til lydband. Produsenten James William Guercio meinte at dei fleste songane som vart spelt der, frå dei tre første albuma, i tillegg til den nye songen «A Song For Richard And His Friends», var gode nok til å gjevast ut, og sette saman ein plateboks på fire LP-plater.

Columbia var særs skeptisk til den store samlinga og gjekk berre med på å gje ut albumet mot at bandet fekk mindre igjen for salet av albumet (noko liknande skjedde med debutplata The Chicago Transit Authority i 1969). Chicago gav ut Chicago at Carnegie Hall i oktober det året, til blanda mottaking. Samlinga selde bra, og nådde tredjeplassen på albumlista i USA, men gjekk ikkje inn på lista i det heile i Storbritannia. Kritikarane meinte albumet var for langt - til og med stemminga av instrumenta var med. Bandet sjølv har vore delt kring tankane om albumet.

Trass i dårleg lydkvalitet vart Chicago at Carnegie Hall ein av dei mestseljande plateboksane av eit rockeband. Dei hadde rekorden fram til utgjevinga av Live/1975-85 ein plateboks med fem plater av Bruce Springsteen & the E Street Band i 1986.

Den originale plata kom med to store plakatar av bandet.

I 2005 vart Chicago at Carnegie Hall mastra på ny og gjeve ut på tre CDar av Rhino Records med mykje betre lydkvalitet. I tillegg inneheldt det ein bonusdisk med åtte spor med alternative opptak og songar som ikkje var på 1971-utgåva, i tillegg til nesten alle dei originale plakatane og innpakninga.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Volum ein[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Side to[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Volum to[endre | endre wikiteksten]

Side tre[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Side fire[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Volum tre[endre | endre wikiteksten]

Side fem[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Side seks[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Volum fire[endre | endre wikiteksten]

Side sju[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Side åtte[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av James William Guercio
  • Lydteknikarar – Don Puluse, Bud Graham, Hank Altman, Aaron Baron og Larry Dahlstrom
  • Innspelt i Carnegie Hall, New York, NY
  • Miksa i Columbia Recording Studios i New York
  • Kunstnarisk leiing – John Berg/Virginia Team
  • Omslag – Fuding Cheng
  • Fotografi – Allen Goldblatt og Fred Lombardi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] allmusic - At Carnegie Hall, Vol. 1-4
  2. http://www.allmusic.com/album/r3845
  3. http://www.chicago-web.net/Chicagoboard1/ChicagoCarnegieTexte.html