I Love You, Suzanne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Love You, Suzanne
Singel av Lou Reed
frå albumet New Sensations
Utgjeve 1984
Sjanger
Lengd 3:19
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent
Lou Reed-kronologi
«Martial Law»
(1983)
I Love You, Suzanne My Red Joystick
(1984)


«I Love You, Suzanne» er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut på både 7" og 12" singel frå det trettande soloalbumet hans, New Sensations (1984). Det var den første singelen frå albumet og den einaste som gjekk inn på singellista, då han nådde 78. plassen på UK Singles Chart. Musikkvidoen for «I Love You, Suzanne» vart noko spelt på MTV.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Fleire år etter utgjevinga av songen hevda bassisten Fernando Saunders at Robert Quine hadde komponert gitarriffet til «I Love You, Suzanne» i studio medan bandet øvde. Etter å ha høyrt riffet til Quine, hadde Reed skrive teksten til songen, men han hadde ikkje klart å gje Quine status som låtksrivar på songen på plateomslaget, og dermed fekk ikkje Quine nokre honorar for songen, som gjorde at forholdet deira vart ytterlegare forsura.[1]

Andre stader hadde Reed ei anna historie. «Eg må ha hatt det riffet i hovudet mitt i seks månader. Det er berre ein billeg D-akkord, for det eg er interessert i treng du ikkje mange akkordar for. Det kom berre fullt ut, og det var alltid sånn. Eg sat og spelte det riffet i seks månader fordi eg er i stand til å sitje og spela eitt riff i timevis, og så sa eg: 'Vel, det er så enkelt, kvifor ikkje bruka det?'»[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel
  1. «I Love You, Suzanne»
  2. «Vicious»
12"-singel
  1. «I Love You, Suzanne»
  2. «Vicious»
  3. «Walk on the Wild Side»

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Australia (Kent Music Report)[3] 71
UK Singles Chart[4] 78

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sounes, Howard (22. oktober 2015). Notes from the Velvet Underground: The Life of Lou Reed. ISBN 9781473508958. 
  2. Bill Holdship. «Lou Reed: New Rock Sensations». Rock's Backpages. (krev abonnement)
  3. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 11. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]