Lulu av Lou Reed og Metallica
Lulu Studioalbum av Lou Reed og Metallica | ||
Utgjeve | 31. oktober 2011 | |
Innspelt | Mai-juni 2011 | |
Sjanger | Heavy metal, støyrock, avantgarde metal | |
Lengd | 87:04 | |
Selskap | Warner Bros., Vertigo | |
Produsent | Greg Fidelman, Metallica, Lou Reed, Hal Willner | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Lou Reed-kronologi | ||
The Creation of the Universe (2008) |
Lulu | |
Metallica-kronologi | ||
Death Magnetic (2008) |
Lulu |
|
Lulu er eit samarbeidsalbum mellom Lou Reed og Metallica. Albumet kom ut 31. oktober 2011.[2]
Bakgrunnen for samarbeidet starta i 2009 då både Metallica og Lou Reed spelte på 25-årsjubileumskonserten til Rock and Roll Hall of Fame.[2] Dei byrja då å snakke om å kanskje gjere noko i lag, men arbeidet kom først i gang to år seinare, og albumet vart spelt inn i mai og juni 2011. Samarbeidet skulle opphavlege vere Metallica som gjorde nyinnspelingar av forskjellige songar Reed hadde skrive, men ikkje gjeven ut.[3] Av desse songane var nokre meint for eit teaterstykke kalla Lulu, opphavleg skriven av tyskaren Frank Wedekind.[4] Reed delte demoane av desse songane med Metallica, som medverka i stor grad til arrangementa av dei.[5] David Fricke frå Rolling Stone høyrte minste to songar frå prosjektet i juni 2011 og skildra dei som «ei rasande blanding av Reed sitt mørke Berlin frå 1973 og Metallica sitt Master of Puppets frå 86.»[5]
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Disk 1[endre | endre wikiteksten]
All tekst er skriven av Lou Reed; all_musikk er komponert av Lou Reed, James Hetfield, Lars Ulrich, Kirk Hammett and Robert Trujillo.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Brandenburg Gate» | 4:19 |
2. | «The View» | 5:17 |
3. | «Pumping Blood» | 7:24 |
4. | «Mistress Dread» | 6:51 |
5. | «Iced Honey» | 4:36 |
6. | «Cheat on Me» | 11:26 |
Total lengd: | 39:50 |
Disk 2[endre | endre wikiteksten]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Frustration» | 8:34 |
2. | «Little Dog» | 8:01 |
3. | «Dragon» | 11:08 |
4. | «Junior Dad» | 19:29 |
Total lengd: | 47:12 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Kirk Hammett – sologitar
- James Hetfield – rytmegitar, vokal
- Lou Reed – gitar, continuum, vokal [6]
- Robert Trujillo – bass
- Lars Ulrich – Trommer
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Lulu (Lou Reed and Metallica album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Metal Hammer Review (German)
- ↑ 2,0 2,1 Kane, Tyler (August 19, 2011). «Lou Reed/Metallica Collaboration Gets a Release Date». Paste. Wolfgang's Vault. Henta 12. oktober 2011.
- ↑ NME Staff (August 30, 2011). «James Hetfield: 'Lou Reed asked us to stamp Metallica on Lulu'». NME. IPC Media. Henta 12. oktober 2011.
- ↑ Thiessen, Brock (August 19, 2011). «Metallica and Lou Reed Set Release Date for Collaborative Album». Exclaim!. Henta 12. oktober 2011.
- ↑ 5,0 5,1 Fricke, David (June 15, 2011). «Exclusive: Metallica and Lou Reed Join Forces on New Album». Rolling Stone. Henta 12. ok. 2011.
- ↑ Fricke, David. «Fall Music Preview: The Season's Hottest Albums». Rolling Stone. Jann Wenner. Henta 12. oktober 2011.