The Blue Mask
The Blue Mask Studioalbum av Lou Reed | ||
Utgjeve | februar 1982 | |
Innspelt | oktober 1981 i RCA Studios i New York City | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 40:30 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | Lou Reed, Sean Fullan | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Lou Reed-kronologi | ||
Rock and Roll Diary: 1967-1980 (1980) |
The Blue Mask | Legendary Hearts (1983)
|
The Blue Mask er det 11. studioalbumet til Lou Reed. Det var det første albumet han gav ut etter at han forlet Arista Records og kom attende til RCA. Reed går her attende til eit enklare lydbiletet, liknande det han hadde med den førre gruppa si, the Velvet Underground, med berre gitarar, bass og trommer. Gitarane til Reed og Robert Quine vart miksa høvesvis i høgre og venstre stereokanal. I 2000 var ein versjon med betre digital lyd gjeven ut.
Quine, som mange år tidlegare følgde the Velvet Underground rundt om i landet og festa fleire av dei tidlege konsertane deira til lydband (som seinare vart gjeven ut som Bootleg Series Volume 1: The Quine Tapes), utfylte Reed perfekt. Quine turnerte òg i lag med Reed etter albumet.
Fernando Saunders spelar bass og syng korvokal. Trommeslagaren var Doane Perry som sidan vart med i Jethro Tull.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Lou Reed.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «My House» | 5:25 |
2. | «Women» | 4:57 |
3. | «Underneath the Bottle» | 2:33 |
4. | «The Gun» | 3:41 |
5. | «The Blue Mask» | 5:06 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Average Guy» | 3:12 |
7. | «The Heroine» | 3:06 |
8. | «Waves of Fear» | 4:11 |
9. | «The Day John Kennedy Died» | 4:08 |
10. | «Heavenly Arms» | 4:47 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Lou Reed - Gitar, Vokal
- Robert Quine - Gitar
- Fernando Saunders - Bass, korvokal
- Doane Perry - Trommer
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «The Blue Mask» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Deming, Mark. The Blue Mask på Allmusic
- ↑ Carson, Tom (15. april 1982). «Lou Reed: The Blue Mask : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 2009-02-18. Henta 8. oktober 2011.