New York av Lou Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
New York
Studioalbum av Lou Reed
Utgjeve 10. januar 1989
Innspelt Mai til oktober 1988
Studio Mediasound Studio B, New York City
Sjanger
Lengd 56:40
Selskap Sire
Produsent
Lou Reed-kronologi
Mistrial
(1986)
New York Songs for Drella
(1990)


Singlar frå New York
  1. «Romeo Had Juliette»
    Utgjeve: 1989
  2. «Dirty Blvd.»
    Utgjeve: 1989
  3. «Busload of Faith»
    Utgjeve: 1989

New York er det 15. soloalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i januar 1989 på Sire Records.[1] Det vart varmt teken imot då det kom ut og rekna som eit av dei beste soloplatene hans. Det vert særleg høgt akta for styrken og krafta i tekstane. Reed sa at han kravde enkel musikk slik at det ikkje tok merksemda bort frå den ærlege tekstane. Singelen «Dirty Blvd.» gjekk til topps på den nye Billboard Modern Rock Tracks-lista, der han låg i fire veker.

Det tidlegare bandet til Reed, The Velvet Underground, var på toppen av kult-populariteten sin seint i 1980-åra, men solokarrieren hans hadde teke nokre harde slag i 1980-åra. Den vide populariteten til New York sette fyr i karrieren hans att i så stor grad at The Velvet Underground vart samla saman att for ein verdsturné.

Velvet Underground-trommeslagaren Moe Tucker spelte perkusjon på to spor på albumet.

Bakgrunn og tekstar[endre | endre wikiteksten]

Den streite rockestilen på albumet var uvanleg på denne tida og i lag med andre utgjevingar som Graham Parker sitt The Mona Lisa's Sister var det eit forvarsel om at rocken var på veg attende til røtene. Tekstane gjennom dei 14 songane er overdådige og forsiktig fletta saman. New York er derfor eit konseptalbum. Den polemiske teksten i omslaget rådar lyttaren til å høyre gjennom heile albumet i ein eingong, som «om det var ei bok eller ein film». Teksten rettar kritikk mot mange offentlege personar på denne tida. Reed nemner Jomfru Maria, NRA, Rudy Giuliani, «the President» (Ronald Regan), «Statue of Bigotry» (Fridomsstatuen), Buddha, Mike Tyson, Bernard Goetz, Mr. Waldheim, «the Pontiff», Jesse Jackson, Hendrix, Swaggart og Morton Downey.

Reed henta òg inspirasjon frå somme av venen og samtidige artistar. Til dømes siterer Reed i siste songen «Last Great American Whale» John Mellencamp og refererer til han som «my painter friend Donald.»[2] Då Mellencamp sjølv høyrte albumet sa han «Ja, det høyrest ut som det vart produsert av ein åttandeklassing, men eg likar det.»[3]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget er eit fotografi med fem ulike bilete av Reed lagt over kvarandre i den same gata. Fotografiet er blått monokromt utanom skoa, som er brune. Fargane varierer i ulike utgåver. Fotografiet på baksida er frå same gate, men utan Reed. Bileta vart tekne av Waring Abbott. Omslaget vart designa av Spencer Drate, Judith Salavetz og Sylvia Reed.[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[5]
Chicago Tribune4/4 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svg[6]
Mojo4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]
Pitchfork8.7/10[8]
Q5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[10]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[11]
Spin4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[12]
Uncut8/10[13]
The Village VoiceA−[14]

New York vart kåra til det tredje beste albumet det året i kritikarundersøkinga Pazz & Jop i The Village Voice.[15] «Om du kjøper det Reed sa om at New York er ei samanhengande, integrert oppleving 'som ei bok eller ein film',» skreiv Q i årsoppsummeringa si, «er dette utan tvil ein av milepålane i ein glimrande karriere som har svinga opp og ned.»[16]

I 1995 skreiv Bill Prince i Q at New York «signaliserte byrjinga på avfrostinga av Velvet Underground[17] Mark Deming skreiv i meldinga si for AllMusic at «New York er eit meisterverk innan litterær, vaksen rock & roll, og det beste albumet i solokarrieren til Reed.»[5] David Marchese skreiv i Spin at albumet hadde ei «blanding av skarpe detaljar, rettferdig sinne og sylskarp rock» og «var det beste til Reed det tiåret.»[12] I melding for Pitchfork i 2020 skreiv Daniel Felsenthal at New York var «ein plate med umiskjenneleg overtyding, ei så direkte og litterær, lærd og rasande at ho ikkje liknar på noko protestmusikk skrive før eller sidan.» Felsenthal skreiv: «Fødebyen hans blir hans Yoknapatawpha County, ein stad for synekdoker som omfattar store opplevingar. Som mykje flott fiksjon, har Reed si handtering av emna hans – eit utarma miljø, urfolksforfølging, antiabortfolk, politidrap, rasevald – fått større relevans i dag.»[8]

I 1989 kåra Rolling Stone albumet til det 19. beste albumet frå 1980-åra.[18] I 2006 plasserte Q albumet på 26. plassen på lista si over dei 40 beste albuma i 1980-åra[19] I 2012 plasserte Slant Magazine albumet på 70. plassen på lista si over dei 100 beste albuma frå 1980-åra.[20]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Reed framførte alle songane på New York i rekkjefølgje den 13. august 1989, i Théâtre Saint-Denis i Montreal i Canada, og denne framføringa kom ut på ein DVD kalla The New York Album.[21] DVD-en inneheld òg eit lydintervju med Lou Reed («A Conversation with Lou Reed»).

I september 2020 kom ei luksusutgåve av New York med den ommastra plata på både CD og ein dobbel-LP, i tillegg til ein andre CD med konsertopptak frå turneen til Reed frå 1989, ein tredje med demoar, alternative miksar og ein song frå albuminnspelinga som ikkje var gjeven ut før, i tillegg to opptak av ekstranummer, og ein DVD frå konserten i Montreal.[22]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Romeo Had Juliette» 3:09
2.«Halloween Parade» 3:33
3.«Dirty Blvd.» 3:29
4.«Endless Cycle» 4:01
5.«There Is No Time» 3:45
6.«Last Great American Whale» 3:42
7.«Beginning of a Great Adventure»
4:57
Side to
Nr.TittelLengd
8.«Busload of Faith»4:50
9.«Sick of You»3:25
10.«Hold On»3:24
11.«Good Evening Mr. Waldheim»4:35
12.«Xmas in February»2:55
13.«Strawman»5:54
14.«Dime Store Mystery»5:01
Total lengd:56:40
Luksusboksen CD 2
Nr.TittelLengd
1.«Romeo Had Juliette» (konsertopptak frå Warner Theatre, Washington, DC, 3/14/1989)4:44
2.«Halloween Parade» (konsertopptak frå Joseph Meyerhoff Symphony Hall, Baltimore, MD, 3/16/1989)4:51
3.«Dirty Blvd.» (konsertopptak frå Wembley Arena, London, UK, 7/14/1989)4:18
4.«Endless Cycle» (konsertopptak frå Warner Theatre, Washington, DC, 3/14/1989)4:38
5.«There Is No Time» (live at the Mosque, Richmond, VA, 8/8/1989)5:35
6.«Last Great American Whale» (konsertopptak frå Mosque, Richmond, VA, 8/8/1989)6:05
7.«Beginning of a Great Adventure» (konsertopptak frå Wembley Arena, London, UK, 7/14/1989)7:23
8.«Busload of Faith» (konsertopptak frå Falconer Theatre, Copenhagen, Danmark, 6/8/1989)5:05
9.«Sick of You» (konsertopptak frå Tower Theatre, Upper Darby, PA, 3/17/1989)5:21
10.«Hold On» (konsertopptak frå Mosque, Richmond, VA, 8/8/1989)3:34
11.«Good Evening Mr. Waldheim» (konsertopptak frå Joseph Meyerhoff Symphony Hall, Baltimore, MD, 3/16/1989)4:01
12.«Xmas in February» (konsertopptak frå Joseph Meyerhoff Symphony Hall, Baltimore, MD, 3/16/1989)3:43
13.«Strawman» (konsertopptak frå Wembley Arena, London, UK, 7/14/1989)5:21
14.«Dime Store Mystery» (konsertopptak frå Mosque, Richmond, VA, 8/8/1989)6:22
Luksusboksen CD 3
Nr.TittelLengd
1.«Romeo Had Juliette» (singelversjon)3:07
2.«Dirty Blvd.» (arbeidslydband)1:54
3.«Dirty Blvd.» (uferdig miks)3:35
4.«Endless Cycle» (arbeidslydband)1:06
5.«Last Great American Whale» (arbeidslydband)2:09
6.«Beginning of a Great Adventure» (uferdig miks)5:02
7.«Busload of Faith» (akustisk versjon)2:40
8.«Sick of You» (arbeidslydband)1:26
9.«Sick of You» (uferdig miks)3:40
10.«Hold On» (uferdig miks)2:44
11.«Strawman» (uferdig miks)5:59
12.«The Room»3:37
13.«Sweet Jane» (ekstranummer i The Mosque i Richmond 8/8/1989)5:51
14.«Walk on the Wild Side» (konsertopptak frå Mosque i Richmond, VA, 8/8/1989)3:57

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget til New York.[23]

Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989/1990) Plassering
Australia (ARIA Charts)[24] 25
Den austerrikske albumlista 8
Den tyske albumlista 19
Den sveitsiske albumlista 1
US Billboard 200 40
UK Albums Chart 14
Den nederlandske albumlista 8
Liste (2021) Plassering
Den ungarske albumlista[25] 33

Sal og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[26] Platina 70 000^
Frankrike (SNEP)[27] Gull 100 000*
Nederland (NVPI)[28] Gull 50 000^
Spania(PROMUSICAE)[29] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[30] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[31] Gull 100 000^
USA (RIAA)[32] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holden, Stephen (21. mai 1989). «Pop's Angry Voices Sound the Alarm». The New York Times. Henta 9. april 2022. 
  2. Zak, Albin (2000). The Velvet Underground Companion: Four Decades of Commentary. Music Sales Group. s. 111. ISBN 978-0-8256-7242-2. 
  3. Forman, Bill (13. februar 2013). «James McMurtry on Lou Reed, gun control and why Leonard Cohen must die». Colorado Springs Independent. Arkivert frå originalen 20. februar 2013. Henta 9. april 2022. 
  4. Roberts, Fred. «Interview with Spencer Drate». Ragazine. Henta 22. september 2020. 
  5. 5,0 5,1 Deming, Mark. «New York – Lou Reed». AllMusic. Henta 9. april 2022. 
  6. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-Breaking Music». Chicago Tribune. Henta 31. mars 2022. 
  7. Savage, Jon (November 2020). «Mean streets». Mojo (London) (324): 92. 
  8. 8,0 8,1 Felsenthal, Daniel (9. april 2022). «Lou Reed: New York: Deluxe Edition». Pitchfork. Henta 9. april 2022. 
  9. «Lou Reed: New York». Q (London) (68): 103. May 1992. 
  10. DeCurtis, Anthony (23. februar 1989). «New York». Rolling Stone (New York). Henta 28. mars 2022. 
  11. Hull, Tom (2004). «Lou Reed». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 684–85. ISBN 0-7432-0169-8. 
  12. 12,0 12,1 Marchese, David (November 2008). «Discography: Lou Reed». Spin (New York) 24 (11): 67. Henta 29. mars 2022. 
  13. Bonner, Michael (November 2020). «Lou Reed: New York». Uncut (London) (282): 44–45. 
  14. Christgau, Robert (28. mars 1989). «Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 28. mars 2022. 
  15. «The 1989 Pazz & Jop Critics Poll». The Village Voice (New York). 27. februar 1990. Henta 28. mars 2022. 
  16. «The 50 Best Albums of 1989». Q (London) (40). January 1990. 
  17. Prince, Bill (April 1995). «Lou Reed: New York». Q (London) (103). 
  18. «100 Best Albums of the Eighties». Rolling Stone (New York). 16. november 1989. Henta 27. mai 2020. 
  19. «40 Best Albums of the '80s». Q (London) (241). August 2006. 
  20. «The 100 Best Albums of the 1980s». Slant Magazine. 5. mars 2012. s. 2. Henta 9. april 2022. 
  21. The New York Album. Lou Reed. Sire Records. 1990. 7599 38164-3. 
  22. Martoccio, Angie (29. juli 2020). «Lou Reed's 1989 Album 'New York' Gets Massive Reissue». Rolling Stone (New York). Henta 28. november 2020. 
  23. New York (CD booklet). Lou Reed. Sire Records. 1989. 9 25829-2. 
  24. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010 (pdf utg.). Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  25. «2021/42 heti Album Top 40 slágerlista» (på ungarsk). MAHASZ. Henta 30. november 2021. 
  26. «ARIA Charts – Accreditations – 2004 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  27. «French album salstrofé – Lou Reed – New York» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  28. «Dutch album salstrofé – Lou Reed – New York» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  29. «Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990» (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392. 
  30. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Lou Reed; 'New York')». Hung Medien. 
  31. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2013-02-06. Henta 4. november 2014. 
  32. «Gold & Platinum - RIAA». riaa.com. Henta 9. april 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]