Metal Machine Music
Metal Machine Music Studioalbum av Lou Reed | ||
Utgjeve | juli 1975 | |
Sjanger | Støy Avantgarde | |
Lengd | 64:11 | |
Selskap | RCA | |
Produsent | Lou Reed | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Lou Reed-kronologi | ||
Lou Reed Live (1975) |
Metal Machine Music | Coney Island Baby (1976)
|
Metal Machine Music, med undertittelen *The Amine β Ring, er det femte soloalbumet til Lou Reed. Det vart opphavleg gjeven ut som eit dobbeltalbum av RCA Records i 1975. Det vart gjeven ut att på ein enkel CD av BMG i 1997 og igjen av Buddah Records i 2000.
Albumet skil seg kraftig ut frå resten av Reed-katalogen og vert generelt anten rekna som ein spøk, ein motvillig oppfylling av platekontrakten, eller eit tidleg døme på støymusikk. Albumet har ingen songar eller gjenkjennelege strukturar, er utan melodi og rytme og inneheld over ein time med overmodulert feedback og gitareffektar, miksa saman i forskjellig snøggleik av Reed sjølv. Albumet gjorde Reed til latter i rockeindustrien, medan han samstundes opna døra for dei seinare, meir eksperimentelle materiale sine. Metal Machine Music vert no rekna som ein viktig forgjengar for industriell musikk, støyrock og kontemporær lydkunst.[4][5]
I 2010 samarbeidde Reed, Ulrich Krieger og Sarth Calhoun på ein turne, der dei spelte fri improvisasjon inspirert av albumet. Dei kalla seg Metal Machine Trio. Same året annonserte Reed planar om å gje ut Metal Machine Music på ny med ny digital lyd.[6]
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Lou Reed.
# | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Metal Machine Music, Part 1» | 16:10 |
2. | «Metal Machine Music, Part 2» | 15:53 |
3. | «Metal Machine Music, Part 3» | 16:13 |
4. | «Metal Machine Music, Part 4» | 15:55 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Metal Machine Music» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic Review
- ↑ By James Wolcott (1975-08-14). «Rolling Stone Review». Rollingstone.com. Henta 2011-08-17.
- ↑ «Robert Christgau Review». Robertchristgau.com. Henta 5. okt. 2011.
- ↑ «Lou Reed Defends 'Metal Machine Music' Ahead of Album's Re-Release». Spinner. 2010-04-21. Arkivert frå originalen 2012-09-12. Henta 5. okt. 2011.
- ↑ Paul Morley (2010-04-11). «Paul Morley on music: Lou Reed's Metal Machine Music | Music | The Observer». London: Guardian. Henta 5. okt. 2011.
- ↑ «Lou Reed is back with experimental music of 1970s». Reuters. 2010-04-20. Henta 5. okt. 2011.
|