Street Hassle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Street Hassle
Studioalbum av Lou Reed
Utgjeve februar 1978
Innspelt The Record Plant, New York City og live i München, Wiesbaden, Ludwigshafen i Tyskland
Sjanger Rock
Lengd 36:15
Selskap Arista
Produsent Lou Reed, Richard Robinson
Kritikk

Allmusic 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

Lou Reed-kronologi
Walk on the Wild Side: The Best of Lou Reed
(1977)
Street Hassle Live: Take No Prisoners
(1978)


Street Hassle er det åttande soloalbumet til Lou Reed, opphavleg gjeven ut på Arista Records i 1978. Albumet er kjend som det første kommersielle popalbumet som nytta binaural innspelingsteknologi.[4] Street Hassle består av både konsertopptak (med ekstraspor lagt oppå i studio) og studioopptak.

Albumet har ein kort gjesteopptreden av ein ung Bruce Springsteen. Alle songane på Street Hassle er skriven av Reed, inkludert «Real Good Time Together», ein song frå tida i The Velvet Underground.

Albumet fekk hovudsakleg positive meldingar.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Studioinnspelingane på Street Hassle vart spelt inn i New York City, medan konsertopptaka vart gjort i München og Ludwigshafen i Vest-Tyskland. I motsetnad til vanlege konsertalbum vart publikum fjerna frå miksen.

Bruce Springsteen medverkar med ein munnleg del under «Slipaway»-delen av songen «Street Hassle».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed.

Nr.TittelLengd
1.«Gimmie Some Good Times»3:15
2.«Dirt»4:43
3.«Street Hassle»10:53
4.«I Wanna Be Black»2:55
5.«Real Good Time Together»3:21
6.«Shooting Star»3:11
7.«Leave Me Alone»4:44
8.«Wait»3:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Lou Reed - gitar, bass, piano, vokal
  • Stuart Heinrich - gitar på «Street Hassle», korvokal på «Leave Me Alone»
  • Michael Fonfara - piano på «I Wanna Be Black» og «Shooting Star»
  • Marty Fogel - saksofon
  • Steve Friedman - bass og korvokal på «Leave Me Alone»
  • Jeffrey Ross - sologitar, vokal på konsertopptak
  • Michael Suchorsky - trommer
  • Aram Schefrin - strykearrangement
  • Jo'Anna Kameron, Angela Howard, Christine Wiltshire & Genya Raven - korvokal
  • Bruce Springsteen - munnleg del på «Street Hassle: Slipaway»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]