Live: Take No Prisoners

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Live: Take No Prisoners
Konsertalbum av Lou Reed
Utgjeve November 1978
Innspelt 17. til 21. mai 1978
Spelestad The Bottom Line i New York City
Sjanger Rock
Lengd 98:27
Selskap Arista
Produsent Lou Reed
Lou Reed-kronologi
[[Street Hassle]]
(1978)
Live: Take No Prisoners The Bells
(1979)


Live: Take No Prisoners er det tredje konsertalbumet til den amerikanske rockemusikaren Lou Reed. Det kom ut i 1978 og var eit dobbeltalbum, spelt inn i The Bottom Line i New York City.

Reed har fleire lange og morosame monologar mellom songane, mellom anna om opphavet til «Walk on the Wild Side» og ein tale mot musikkmeldarar, særleg Robert Christgau. [1]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Live: Take No Prisoners vart spelt inn i perioden då Reed nytta binaurale innspelingar på albuma sine, der eit mannekenghovud med mikrofonar i kvart øyre vart nytta til å ta opp lyden. På baksida av plateomslaget står det: «Produsert av Lou Reed for Sister Ray Enterprises LTD. Dette er ei binaural lydinnspeling.»

Bruce Springsteen, som snakka nokre linjer på studioversjonen av songen «Street Hassle», var i publikum under innspelinga av konsertalbumet. Under framføringa av «Walk on the Wild Side» på Take No Prisoners snakkar Reed til musikaren i publikum og sa «Hei Bruce. Springsteen er bra, forresten. Han får godkjent av meg. Eg syns han er groovy.»[2]

Reed sa seinare, «alle seier at eg aldri snakkar. Eg var i heimbyen min New York, så eg snakka... eg tenkte på å kalle albumet Lou Reed Talks, And Talks, And Talks... men me kalla det Take No Prisoners fordi me gjorde ein jobb, ei fenomenal tinging på eit lite hotell i Quebec. Brått sat denne fulle fyren aleine heilt framme og ropte 'LOU!! MAN!! TAKE NO PRIS'NERS, LOU!!'. Og så tok han hovudet sitt og slo det så hardt han kunne til trommerytmen. Og det var berre halvvegs gjennom!»[3]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjonane på plateomslaget vart offisielt tilskriven Brent Bailer[4][5] men den spanske illustratøren Nazario vann i 2000 eit søksmål etter det vart avgjort at den originale teikninga var blitt teikna av han for ei magasinframside i 70-åra. RCA måtte betale Nazario 4 millionar pesetas (kring 24 000 euro). Nazario har sagt at om Lou Reed hadde spurt han om løyve, ville han truleg ha gjeve han det gratis.[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Chicago Tribune2/4 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
Christgau's Record GuideC+[9]

Alex Neilson skreiv i The Wire at «dette er albumet eg valte å hugse Reed for. Umotivert, konfliktfylt, øydelagd av sin eigen glans – men som med judomeisteren som bruker styrken til motstandarden mot han, utnyttar Reed nettopp desse ingrediensane til å lage noko verkeleg overskridande.»[10] AllMusic sa «I dei få augneblinka når Lou er foksuert nok til å faktisk framføre ein song frå start til slutt (som »Pale Blue Eyes» or «Coney Island Baby»), er han i fin form, og høyrest lettslept, men entusiastisk ut, men desse augneblikka skjer ikkje særskild ofte.»[11] Christgau sa det var «i røynda ei komedieplate. Lenny Bruce er ein tydeleg innverknad. Og eg takkar Lou for å uttale namnet mitt rett.»[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Sweet Jane»10'44
2.«I Wanna Be Black»6'27
3.«Satellite of Love»7'06
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Pale Blue Eyes»7'36
5.«Berlin»6'13
6.«I'm Waiting for the Man»13'59
Side tre
Nr.TittelLengd
7.«Coney Island Baby»8'37
8.«Street Hassle»13'15
Side fire
Nr.TittelLengd
9.«Walk on the Wild Side»16'54
10.«Leave Me Alone»7'29

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Lou Reed - vokal, gitar, Roland gitarsynthesizer
  • Stuart Heinrich - gitar, korvokal
  • Marty Fogel - elektrisk saksofon
  • Michael Fonfara - Yamaha elektrisk piano
  • Ellard «Moose» Boles - bass, korvokal
  • Michael Suchorsky - trommer
  • Angela Howell - tamburin, korvokal
  • Chrissy Faith - korvokal
Teknisk
  • Miksa av Manfred Schunke i Delta Studio i Wilster i Tyskland
  • Lydteknikar - Gregg Caruso, Jay W. Krugman, Julie Last
  • Assisterande lydteknikar - René Tinner
  • Mastering av Ted Jensen i Sterling Sound i NYC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Live: Take No Prisoners» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2022.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. «BruceBase». Henta 11. juli 2020. 
  2. «Bruce Springsteen: The Essential Bruce Springsteen». Pitchfork. 
  3. Sandy Robertson. «Lou Reed: Blue Reedo A La Talk». Rock's Backpages. (krev abonnement)
  4. «Quiosco | El Mundo en ORBYT». Elmundo.es. Henta 29. februar 2012. 
  5. «Lou Reed Discography - Official CDs». Arrakis.es. Arkivert frå originalen 1999-10-08. Henta 29. februar 2012. 
  6. Manrique, Diego A. (26. oktober 2009). «Cuando Lou plagió a Nazario | Edición impresa | EL PAÍS». El País (Elpais.com). Henta 29. februar 2012. 
  7. Allmusic review
  8. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-breaking Music». Chicago Tribune. Henta 28. mars 2022. 
  9. 9,0 9,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 28. mars 2022 – via robertchristgau.com. 
  10. Alex Neilson. «Lou Reed 1942–2013: Alex Neilson: The Quality Of Mercy». The Wire. 
  11. Mark Deming. «Lou Reed Live: Take No Prisoners». AllMusic.