My Red Joystick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
My Red Joystick
Singel av Lou Reed
frå albumet New Sensations
Utgjeve 1984
Sjanger
Lengd 3:36
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent
Lou Reed-kronologi 
«I Love You, Suzanne»
(1984)
My Red Joystick High in the City
(1984)


«My Red Joystick» er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut på både 7" og 12" singel frå det trettande soloalbumet hans, New Sensations (1984). Etter den vesle suksessen med «I Love You, Suzanne», vart «My Red Joystick» gjeven ut som den andre singelen frå albumet, men selde ikkje like godt. Som «I Love You, Suzanne» fekk han òg ein offisiell musikkvideo, med den same blonde kvinna som hadde vore i den førstnemnde videoen.[1] Reed introduserte ein gong songen på ein konert som sin «versjon av James Brown», og spøkte med at det ikkje var så tydeleg sidan han måtte informere publikum om det før han spelte songen.[2]

«My Red Joystick» er ein av berre to songar frå New Sensations som har ein annan gitarist som spelar gitar enn Reed, der Fernando Saunders speler rytmegitar.[3]

Creem sa, «'My Red Joystick' er faktisk betre enn «Brand New Key», «Squeeze Box» og «No Particular Place to Go» med somme av dei mest morosame seksuelle bielta som nokon gong er nytta i ein rockesong.»[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel (104340)
  1. «My Red Joystick»
  2. «Turn to Me»
12"-singel (PC 3928)
  1. «My Red Joystick (Remixed Version)»
    • Remiksa av Francois Kevorkian og Jay Mark
  2. «My Red Joystick (Instrumental Version)»
    • Remiksa av Francois Kevorkian og Jay Mark
  3. «I Love You, Suzanne»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lou Reed - My Red Joystick». YouTube. Henta 9. april 2022. 
  2. «Lou Reed - My Red Joystick - 9/25/1984 - Capitol Theatre (Official)». YouTube. Henta 9. april 2022. 
  3. New Sensations (CD booklet). Lou Reed. RCA Records. 1984. 
  4. Bill Holdship. «Lou Reed: New Rock Sensations». Rock's Backpages. (krev abonnement)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]