Jamaicansk kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jamaicansk fan ved Sommar-OL 2012.

Jamaicansk kultur omfattar religion, normer, verdiar og livsstil som definerer folket på Jamaica. Kulturen har oppstått av ei blanding frå fleire folkegrupper som har budd på øya, med ei historie som byrja med urfolka på Jamaica, tainoane. Øya blei seinare teken over av Spania, som fyrst innførte slavar frå Afrika, og seinare styrt av Storbritannia. Jamaica fekk sjølvstyre den 1. august 1838, og sjølvstende frå Storbritannia den 6. august 1962. Svarte slavar blei den dominerande kulturelle krafta då dei leid under og motsette seg dei harde vilkåra for tvangsarbeid. Etter at slaveriet var avskaffa, blei kinesiske og indiske immigrantar frakta til øya som kontraktsarbeidarar, og tok med seg kulturelle impulsar frå sine heimland.

Nasjonalsymbol[endre | endre wikiteksten]

Det jamaicanske flagget er svart, gult (gull) og grønt. Det blei teke i bruk då landet fekk sjølvstende 6. august 1962. Svart står for styrken til folket, gull for naturrikdommen og sollyset og grønt for håp og landbruksressursar. Opphavleg stod svart for vanskane ein stod overfor, medan dei andre fargane stod for landet og sola – «Hardships there are but the land is green and the sun shineth».[1] Rastafarirørsla kan bruka desse fargane, med raudt i tillegg til eller i staden for svart.[2] Også desse fargane er utbreidde innan jamaicansk kultur.[3]

Nasjonalfuglen er den endemiske kolibriarten strimmelstjert, nasjonaltreet er Talipariti elatum eller blue mahoe, nasjonalblomen er Guiacum officinale[1] eller lignum vitae, og nasjonalfrukta er ackee.[4]

Høgtider og festivalar[endre | endre wikiteksten]

Sjølvstendedagen blir feira årleg den 6. august. Det blir halde ein festival med tevlingar, dans og opptog i samband med han. Frigjeringsdagen frå slaveriet, Emancipation Day, blir feira 1. august. Det blir også halde karnevalsfeiringar her med kostyme, opptog, musikk og dans.[5]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Det offisielle språket i Jamaica er jamaicansk standardengelsk, som blir brukt under alle offisielle høve i landet. I tillegg til engelsk blir det tala eit kreolspråk kalla Jamaican Patois eller patwa, som er den vanlege dialekten blant jamaicanarar.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Den anglikanske domkyrkja St. Jago de la Vega i Spanish Town.

Den største religionen på Jamaica er kristendomen. Anglikanske, katolske, metodistiske, baptistiske, sjuandedagsadventistar og Church of God (knytt til heilagdomsrørsla) har kyrkjelydar over heile landet. Mange gamle kyrkjer blir tekne vare på og er viktige historiske landemerke.[6] Rastafari-rørsla er avleidd frå den større kristne kulturen, men opphavet var påverka av aukande medvit om Afrika, og ein kjennskap til politiske hendingar i denne verdsdelen. Det finst òg eit lite tal jødiske synagoger i Jamaica, som kan gå tilbake til 1600-talet, og nokre moskéar.

Det finst att element frå gamle afrikanske religionar, særleg i fjernliggande område over heile øya. Nokre av desse skikkane blir generelt omtalte som obeah, kumina eller pocomania. Sjølv om gruppene er små, kan mange utanforståande vitja dei. Ein reknar med at så mykje som 40 % av folkesetnaden kan oppsøka dei afrikanske tradisjonelle religiøse healerane i løynd når dei står overfor alvorlege problem som tradisjonell medisin ikkje kan løysa.

Bahaitrua kom til Jamaica i 1943 med ein amerikansk bahaipioner, dr. Malcolm King.[7] I 2003, som del av 60-årsjubileet for etableringa av religionen på Jamaica, proklamerte generalguvernøren i Jamaica, sir Howard Cooke, ein nasjonal bahai-dag som skulle haldast årleg den 25. juli.[8] I 2005 feira trussamfunnet med rundt 5000 medlemmer aktiviteten og nærværet sitt på Jamaica med det internasjonale bahaikoret The Voices of Bahá.[9] Koret hadde konsertar på Ward Theatre og University of the West Indies' Chapel, med inntekter som gjekk til to jamaicanske velgjerdsorganisasjonar, ein for familiar til politifolk drepne i teneste og den andre Denham Town Golden Age Home).[10]

Andre religionar som blir praktiserte på Jamaica er buddhismen, hinduismen og islam.

Rastafari[endre | endre wikiteksten]

Rastafariartisten Khalilah Rose.
Eldre rastafarianar på Barbados med rastacap og buttons med Haile Selassie og cannabisblad.

Rastafari-rørsla, som oppstod på 1930-talet,[11] er ei av dei mest framståande, internasjonalt kjende aspekta av den afrikansk-karibiske kulturen i Jamaica, særleg dei elementa som blir uttrykte gjennom reggae-musikk. På 1970-talet og tidleg på 1980-talet blei Bob Marley den leiande representanten for rastafarikulturen og -trua.

Rastafari er eit monoteistisk trussystem som byggjer på læresetningar frå Det gamle og Det nye testamentet - særleg Openberringa.[12] Det som skil rastafari frå kristendommen, islam og jødedommen (som òg er abrahamittiske religionar) er at rastaer trur at keisar Haile Selassie av Etiopia var guddommeleg.

Haile Selassie I blir hylla av rastaer som H.I.M. (His Imperial Majesty), og blir sett på som Gud sjølv, den sanne etterkomaren til Salomo, og den jordiske lekamleggjeringa av Jah (Gud)[13] – noko truande ser på som ei oppfylling av profetien om Messias si atterkome.[14]

Desse rasta-trussetningane, som ikkje er uttrykte i Bibelen eller ein annan einskild heilag tekst. I staden blir rastatrua fyrst og fremst delt gjennom songar, messing og munnleg overlevering, i tillegg til diverse skrifter (inkludert på nettstader).[15] Den utstrekte bruken av song har gjort rastafari til ein viktig påverknad innan jamaicansk musikk.

Rastatradisjonar inkluderer å ha håret i uklippa, ukjemma lokkar kjende som dreadlocks (i tråd med nasirear-eiden), og å eta uprosessert (naturleg), helst vegetarisk mat som blir kalla ital.[16] Ein skal også avstå frå alkohol.[2] Ingen av desse tradisjonane blir sett på som obligatoriske, og mange rastafølgjarar har ikkje dreadlocks, medan mange av dei som har dreadlocks ikkje er rastaer.

Ein av dei mest kontroversielle tradisjonane innan rastakulturen er bruken av ganja (cannabis) som sakrament. Rastaer røyker dette for å hjelpa til med tenking (kontemplasjon og diskusjon) under dei religiøse rituala sine. Cannabis er eit strengt forbode rusmiddel på Jamaica, så bruken av det av rasta tyder at rørsla er i ei meir eller mindre permanent tilstand av spenning med styresmaktene.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Bob Marley & The Wailing Wailers opptrer i Zürich i 1980.

Jamaicansk musikk omfattar ulike former for folkemusikk og populærmusikk, som mento, ska, rocksteady, reggae, dub music, dancehall og reggae fusion.

Den jamaicanske musikkstilen som truleg er best kjend i verda er reggae, som særleg blei gjort kjend av Bob Marley. Ryet hans som ein innovativ musikar har halde fram med å vekse sidan han døydde. I 2004 hadde den største hitsamlinga hans, Legend, selt i 20 millionar eksemplar over heile verda, og gjorde han til kanskje den mest berømte jamaicanaren i musikkindustrien, og definitivt den mestseljande artisten i landet.[17][18]

Jamaicansk musikk har påverka musikk i andre land gjennom skikken med «toasting», snakking og synging over rytmespor, som blei teken til New York og vidareutvikla til rapping. Britiske sjangrar som lovers rock, jungle og grime er også blitt påverka av jamaicansk musikk.

Dans[endre | endre wikiteksten]

A Dance in Jamaica av Emeric Essex Vidal.

Dans har alltid vore viktig på Jamaica, frå kolonitida til i dag. Tidlege folkerytmar og rørsler bidrog ofte til å forsterka kristne religiøse feiringar, eller var knytte til kristne høgtider. I seinare tid har dans blitt knytt til musikken frå Jamaica, og særleg dancehall-stilar har fått global utbreiing.[19]

Rex Nettleford, Eddy Thomas, Tony Wilson, Olive Lewin og Edna Manley er fem jamaicanarar som har hatt ein svært viktig innverknad på kulturen, særleg musikk og dans. Nettleford, Thomas og Ivy Baxter danna National Dance Theatre Company i 1962.[20] Andre viktige jamaicanarar i danseutøving har inkludert den tonyprisvinnande koreografen Garth Fagan (med The Lion King på Broadway).

For å forstå utviklinga av populære danseformer, hjelper det å forstå den musikalske utviklinga. Ska-musikk, med raske rytmar, hadde òg raske dansar. Den sakte musikkstilen rocksteady utvikla òg sakte dansar, slik at dansarane kunne vera lenger på dansegolvet. Reggae er har mange tilknytingar, inkludert rastafarirørsla, men påverka også dei nye stilene.

Dancehall-musikk skaper ofte sine eige dansar basert på tekstene i songane. Soca-musikk frå Trinidad og Tobago er også blitt populær blant mange jamaicaiske artistar, som Byron Lee, Fab 5 og Lovindeer.

Teater[endre | endre wikiteksten]

Det eldste teateret på Jamaica blei bygd i 1682. Det blei opna fleire teater på 1700-talet og 1800-talet, og både profesjonelle turnerande kompani og amatørgrupper hadde framføringar. Men teater var ikkje avgrensa til offisielle bygningar. Det kunne også finna stad i heimar, butikkar, domstolar og lukka utandørsrom som var store nok til å framføra stykke i. I denne perioden blei det mest produsert klassiske drama som Shakespeare. Etterkvart blei dei jødiske og franske samfunna på øya store nok til at det var verdt å setja opp stykke retta mot dei òg.

Etter at slaveriet var avskaffa, byrja jamaicanarar å smelta saman musikk, humor og dans i offentlege teaterførestillingar. Sjølv om det tok mange år før det utvikla seg heilt eigne jamaicanske stilar, var dei til slutt meir utbreidde enn europeiske verk. Den mest populære teaterforma i Jamaica, pantomime, byrja på 1940-talet som ein fusjon av engelsk pantomime med jamaicansk folklore. Ein annan populær stil, "Roots" (Grassroots) -teater, utvikla seg på 1960-talet og 1970-talet.[21] Desse ville framstillingane blei populære som gateteater i Kingston.[22]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Nobelprisvinnaren Derek Walcott, som var fødd og utdanna på St. Lucia, gjekk på college på Jamaica. Andre viktige skribentar frå øya inkluderer Claude McKay og Louis Simpson. Skodespel og verk på jamaikansk engelsk eller patois har særleg fått merksemd. Louise Bennett, Andrew Salkey og Mikey Smith har bidratt til dette fenomenet ved å skriva verk på patois. Ian Fleming skreiv sine berømte James Bond-romanar medan han budde på Jamaica. Jean Rhys er òg kjend for romanen sin Wide Sargasso Sea, som går føre seg på Jamaica. Den jamaicanske forfattaren Marlon James vann Man Booker-prisen i 2015 for romanen sin A Brief History of Seven Killings.

Nyare poet laureate-ar frå Jamaica inkluderer Mervyn Morris (utnemnd i 2014) og etterfølgjaren hans Lorna Goodison, som blei utnemnd i 2017.[23]

Film[endre | endre wikiteksten]

Filmindustrien på Jamaica er ikkje vidkjend, men er i vekst. The Harder They Come, Rasta Rockett, Shottas, Third World Cop, Rockers, Countryman og Dancehall Queen er nokre av dei best kjende jamaicanske filmane. Fleire populære Hollywood-filmar er også blitt filma på Jamaica. Nokre av dei er The Blue Lagoon, Cocktail, Cool Runnings og James Bond-filmane Dr. No, Live and Let Die og No Time to Die.

Den største årlege filmfestivalen på Jamaica er The Reggae Film Festival, som blir halden kvar februar i den jamaicanske hovudstaden Kingston. Medlemmar av filmindustrien i Jamaica samlar seg her for å knyta nye band, og mange nye prosjekter har røter i denne hendinga.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Cricket har ein lang tradisjon på øya, men fotball er blitt meir populært i nyare tid. Basketball og netball er også utbreidde lagidrettar. Friidrett er ein vanleg idrett, og landet har mange medaljeplasseringar. Hesteløp er også populære, og blir haldnre i Caymanas Park i Kingston. Domino er eit populært brettspel.[5]

Arkitektur og handverk[endre | endre wikiteksten]

Jamaicanarar har ei lang historie med fint handverk i tre og metall. Jamaica var heim til mange framifrå møbelfabrikar frå kolonitida av, og jamaicanske «georgianiske» møbler blei eksportert til koloniheimane.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Ackee and saltfish med callalloo.

Jamaicansk mattradisjon stammar frå ei blanding av teknikkar, smakar og matvarer som er påverka av dei ulike folkegruppene som har sett preg på øya. Skikken er òg påverka av avlingane som er blitt innført til øya frå tropisk Afrika og Søraust-Asia, og mange av dei blir no dyrka lokalt. Det blir brukt mange ulike typar sjømat, tropisk frukt og kjøt.

Nokre jamaicanske rettar er variasjonar av matrettar som er teken med til øya frå andre stader. Dei er ofte blitt endra for å ha med lokale produkt og krydder. Andre er nye eller blanda rettar som har utvikla seg lokalt. Nokre populære jamaicanske rettar er curry goat, steikte dumplings og nasjonalretten ackee and saltfish. Jamaican patties og andre bakverk er òg populære.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «National Emblem & Symbols», Consulate General of Jamaica (på engelsk), henta 23. august 2023 
  2. 2,0 2,1 «BBC - Religions - Rastafari: Rastafari at a glance», www.bbc.co.uk (på engelsk), henta 23. august 2023 
  3. Writer, Staff (21. mars 2004), «An overview of the influence of Rastafari on Jamaican culture.», Jamaicans.com (på engelsk), henta 23. august 2023 
  4. «Jamaican National Symbols», The National Library of Jamaica (på engelsk), 14. november 2016, henta 23. august 2023 
  5. 5,0 5,1 «Jamaica - Music, Cuisine, Religion | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 23. august 2023 
  6. «Churches». Kingston, Jamaica: Jamaica National Heritage Trust. 2005. Arkivert frå originalen 8 September 2009. Henta 21 October 2009. 
  7. Bridge, Abena (5 July 2000), «Divine rites – Uncovering the faiths», The Jamaican Gleaner 
  8. Jamaicans celebrate 4th National Baháʼí Day, Baháʼí World News Service, 11 August 2006 
  9. «Most Baha'i Nations (2005)». The ARDA (Association of Religion Data Archives). 2005. Arkivert frå originalen 14 April 2010. Henta 30 June 2016. 
  10. «Voices of Baha to Perform in Kingston» (Press release). Jamaica Information Service. 29 June 2005. Arkivert frå originalen 12 June 2011. Henta 30 June 2016. 
  11. Dread History, professor Robert A. Hill (2001), ISBN 0-948390-78-6 ISBN 978-0948390784.
  12. «Words of Wisdom - Biblical Quotations in Reggae Lyrics». Arkivert frå originalen 19 May 2009. Henta 26. februar 2009. 
  13. Anthony B: Lyrics to 'Conquer All". Arkivert 25 January 2011 ved Wayback Machine.
  14. «Words of Wisdom - Biblical Quotations in Reggae Lyrics». Arkivert frå originalen 14 October 2008. Henta 26. februar 2009. 
  15. Earth Culture Roots. A website explaining Rasta beliefs.
  16. Numbers 6:1–21 (King James Version)
  17. «Words of Wisdom - Biblical Quotations in Reggae Lyrics». Arkivert frå originalen 10 May 2009. Henta 26. februar 2009. 
  18. «The Top Earners For 2004». Forbes. Arkivert frå originalen 27 October 2004. Henta 16 October 2017. 
  19. Knutsen, Marthe (30. juli 2023), «Dans på liv og død», NRK (på norsk bokmål), henta 30. juli 2023 
  20. National Dance Theatre Company of Jamaica. Tony Wilson danced with the Martha Graham School of Contemporary Dance & Alvin Ailey Dance Theatre prior to founding his dance company, The Company Dance Theatre
  21. The Cambridge Guide to African and Caribbean Theatre, Martin Banham and Errol Hill.
  22. «Jamaica Gleaner News - Roots theatre declared 'dead' - Now under the 'mainstream theatre' umbrella - Entertainment - Sunday | April 5, 2009». Arkivert frå originalen 13 April 2009. Henta 15. desember 2014. 
  23. Richard Johnson, "Goodison is poet laureate" Arkivert 2 June 2019 ved Wayback Machine., Jamaica Observer, 20 March 2017.

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]

  • Mordecai, Martin and Pamela. Culture and Customs of Jamaica. Greenwood Press. 2001.
  • Hill, Errol. The Jamaican Stage, 1655–1900: Profile of a Colonial Theatre. University of Massachusetts Press. 1992.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]