Derek Walcott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Derek Walcott
Derek Walcott.jpg
Fødd 23. januar 1930
Castries
Død

17. mars 2017
Saint Lucia

Derek Walcott på Commons

Derek Alton Walcott (23. januar 193017. mars 2017) er ein karibisk forfattar som skriv dikt og skodespel. Han blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1992.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Walcott var son av Warwick Walcott og Alix Maarlin. Han var fødd i Castries, hovudstaden på Saint Lucia, som tvilling til Roderick Walcott. Dei hadde også ei syster, Pamela. Begge foreldra var lærarar og høyrde til metodistminoriteten på øya.[1] Dei var også interesserte i kunst; faren skreiv dikt og dreiv med akvarellmåling og mora delte ofte poesi med barna. Faren døydde berre 31 år gammal, då Walcott var svært ung.[2] Mora livnærte familien som lærar og sydame.[2]

Som ung lærte Walcott å måla av målaren Harold Simmons.[3] Han fann inspirasjon hjå Simmons og tidlegre kunstnarar som Cézanne og Giorgione.[2]

Han fekk stipend til å studera ved University College of the West Indies i Kingston på Jamaica.[4] Etter å ha gått ut frå universitetet flytta Walcott til Trinidad i 1953, der han verka som lærar, kritikar og journalist.[4]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Utdrag frå Omeros ved ein skule i Nederland.
Derek Walcott under VIII Festival Internacional i 1992

Walcott gav ut sitt første dikt som fjortenåring, eit miltonsk religiøst dikt som han fekk på trykk i avisa The Voice of St Lucia. Diktet blei kritisert som blasfemisk i ein engelsk katolsk prest i same avis.[2] Atten år gammal debuterte Walcott med ei sjølvutgjeven diktsamling med økonomisk støtte frå mora.[2] Gjennombrotet hans kom med In a Green Night, som kom ut i 1962. Samlinga tek for seg historia til Karibia i ein koloniell og postkoloniell kontekst..[5] Diktinga hans er generelt prega av den valdsame karibiske historia, med slaveri og undertrykking. Walcott bruker òg mykje symbolikk frå myter sett i samanheng med samfunnet, som i det episke diktet Omeros (1990), der han omarbeider Oddysséen av Homer til å finna stad i Karibia, London og den amerikanske vesten.

Forfattaren var også ein aktiv dramtikar. Han skipa Trinidad Theatre Workshop i 1959 og blei verande aktiv i styret for teateret i fleire tiår.[6][7] Han vekte internasjonal merksemd med skodespelet Dream on Monkey Mountain (1970). Det blei produsert på NBC-TV i USA året det kom ut, og sett opp av Negro Ensemble Company off-Broadway i New York City året etter. Stykket vann Obie-prisen for «beste utanlandske skodespel».[8] Året etter blei han utnemnd til offiser av Den britiske imperieordenen (OBE) for arbeidet sitt.[9]

Derek Walcott blei tilsett som lærar ved Universitetet i Boston, der han skipa Boston Playwrights' Theatre i 1981. Han delte tida si mellom Boston og reiser til Karibia og andre stader fram til han gjekk av med pensjon i 2007. I 2009 blei han scholar-in-residence ved Universitetet i Alberta. I 2010 blei han Professor of Poetry ved Universitetet i Essex.[10]

Walcott samarbeidde i 1997 med Paul Simon om musikalen The Capeman, som tek opp tilvera for ein puertoricanar som har flytta til USA.

I høve sjølvstendedagen til St Lucia i februar 2016 blei sir Derek Walcott utnemnd til ein av dei første riddarane av Saint Lucia-ordenen.[11]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Walcott gifta seg med sekretæren Fay Moston i 1954. Dei fekk ein son, Paul, men skilde seg etter to år.[12] Han gifta seg opp att med Margaret Maillard, som var sjelesørgar på eit sjukehus. Dei fekk to døtrer, Elizabeth og Anna, og skilde lag på midten av 1970-talet.[12] I 1976 inngjekk Walcott sitt tredje ekteskap, Norline Metivier, men også dette ende med skilsmål.[12]

Walcott døydde 87 år gammal, heime på Cap Estate på St. Lucia den 17. mars 2017.[13]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlingar
  • 1948 25 Poems
  • 1949 Epitaph for the Young: Xll Cantos
  • 1951 Poems
  • 1962 In a Green Night: Poems 1948—60
  • 1964 Selected Poems
  • 1965 The Castaway and Other Poems
  • 1969 The Gulf and Other Poems
  • 1973 Another Life
  • 1976 Sea Grapes
  • 1979 The Star-Apple Kingdom
  • 1981 Selected Poetry
  • 1981 The Fortunate Traveller
  • 1983 The Caribbean Poetry of Derek Walcott and the Art of Romare Bearden
  • 1984 Midsummer
  • 1986 Collected Poems, 1948–1984
  • 1987 "Central America"
  • 1987 The Arkansas Testament
  • 1990 Omeros
  • 1997 The Bounty
  • 2000 Tiepolo's Hound, med akvarellar av Walcott
  • 2004 The Prodigal
  • 2007 Selected Poems (valde ut, redigerte og med introduksjon av Edward Baugh)
  • 2010 White Egrets
  • 2014 The Poetry of Derek Walcott 1948–2013
Skodespel
  • (1950) Henri Christophe: A Chronicle in Seven Scenes
  • (1951) Harry Dernier: A Play for Radio Production
  • (1953) Wine of the Country
  • (1954) The Sea at Dauphin: A Play in One Act
  • (1957) Ione
  • (1958) Drums and Colours: An Epic Drama
  • (1958) Ti-Jean and His Brothers
  • (1966) Malcochon: or, Six in the Rain
  • (1967) Dream on Monkey Mountain
  • (1970) In a Fine Castle
  • (1974) The Joker of Seville
  • (1974) The Charlatan (play)|The Charlatan
  • (1976) O Babylon!
  • (1977) Remembrance
  • (1978) Pantomime
  • (1980) The Joker of Seville and O Babylon!: Two Plays
  • (1982) The Isle Is Full of Noises
  • (1984) The Haitian Earth
  • (1986) Three Plays: The Last Carnival, Beef, No Chicken, and A Branch of the Blue Nile)
  • (1991) Steel
  • (1993) Odyssey: A Stage Version
  • (1997) The Capeman (bok og songtekstar, begge i samarbeid med Paul Simon)
  • (2002) Walker and The Ghost Dance
  • (2011) Moon-Child
  • (2014) O Starry Starry Night
Andre utgjevingar
  • (1990) The Poet in the Theatre, Poetry Book Society (London)
  • (1993) The Antilles: Fragments of Epic Memory Farrar, Straus (New York)
  • (1996) Conversations with Derek Walcott, University of Mississippi (Jackson, MS)
  • (1996, med Joseph Brodsky og Seamus Heaney) Homage to Robert Frost, Farrar, Straus (New York)
  • (1998) What the Twilight Says (essaysamling), Farrar, Straus (New York, NY)
  • (2002) Walker and Ghost Dance, Farrar, Straus (New York, NY)
  • (2004) Another Life: Fully Annotated, Lynne Rienner Publishers (Boulder, CO)
  • (2016) Morning, Paramin Derek Walcott; illustrert av Peter Doig, Farrar, Straus (New York, NY)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grimes, William (17 March 2017), Derek Walcott, Poet and Nobel Laureate of the Caribbean, Dies at 87, https://www.nytimes.com/2017/03/17/books/derek-walcott-dead-nobel-prize-literature.html, henta 18 March 2017 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 "Derek Walcott, The Art of Poetry No. 37", The Paris Review Winter 1986
  3. «Folk Research Centre - St. Lucia Folk Personalities». http://www.stluciafolk.org/folkPersonalities/view/18. 
  4. 4,0 4,1 British Council. «Derek Walcott – British Council Literature». contemporarywriters.com. http://www.contemporarywriters.com/authors/?p=authC2D9C28A0a4dc1BE88LsX2F7F9A1. 
  5. "Derek Walcott", Poetry Foundation.
  6. "Derek Walcott", Academy of American poets
  7. Als, Hilton (17 March 2017), Derek Walcott - a mighty poet has fallen, http://www.newyorker.com/culture/culture-desk/derek-walcott-a-mighty-poet-has-died, henta 18 March 2017 
  8. Obie Award Listing: Dream on Monkey Mountain, InfoPlease
  9. 9,0 9,1 http://www.ox.ac.uk/about_the_university/university_year/encaenia/past_five_years/honorary06.html
  10. «Nobel Laureate Derek Walcott is new Professor of Poetry». University of Essex. 11 December 2009. http://www.essex.ac.uk/news/event.aspx?e_id=1156. Henta 10 January 2010. 
  11. «List of awards to be given on Independence Day». St Lucia News Online. 22 February 2016. http://www.stlucianewsonline.com/list-of-awards-to-be-given-on-independence-day/. Henta 22 February 2016. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Wroe, Nicholas. «The laureate of St Lucia». Guardian News and Media Limited. https://www.theguardian.com/books/2000/sep/02/poetry. Henta 17 March 2017. 
  13. «Derek Walcott has died», St. Lucia Times, 17 March 2017, https://stluciatimes.com/2017/03/17/derek-walcott-died, henta 17 March 2017 
  14. "Derek Walcott, 2004 – Lifetime Achievement", Winners – Anisfield-Wolf Book Award.
  15. Charlotte Higgins, "TS Eliot prize goes to Derek Walcott for 'moving and technically flawless' work", The Guardian, 24 January 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]