Elisabeth Andreassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elisabeth Andreassen
Elisabeth Andreassen 2010 2.jpg
Fødenamn Elisabeth Gunilla Andreasson
Verkeleg namn Elisabeth Gunilla Andreassen
Alias Bettan
Fødd 1958-03-2828. mars 1958, Göteborg i Sverige
Yrke Songar
Tilknytte artistar Hanne Krogh

Elisabeth Gunilla Andreassen, populært kalla Bettan (fødd 28. mars 1958) er ein svensk-norsk songar.

Andreassen vart fødd i Göteborg i Västra Götalands län i Sverige av norske foreldre. Ho voks opp på Källö-Knippla i den nordlege skjærgarden ved Göteborg. Ho oppheldt seg også mykje i Sykkylven, der familien hennar kom frå. Som vaksen busette ho seg på Ullern i Oslo. Ho er gift og har to barn.

Andreassen har gjeve ut ei rekkje album og har sunge alt frå country til musikalar. Ho vann den internasjonale finalen i Eurovision Song Contest i 1985 saman med Hanne Krogh.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1978 kom Elisabeth Andreassen på andreplass i Göteborgs-Tidningens talentkonkurranse Sjöstjärnan og spela country saman med Kalle Bäckström og Bengt Adielson i KEB Band på ulike pubar rundt omkring i Göteborg. I byrjinga av 1980 vart ho oppdaga av Lasse Holm ved ein country-galla i Medborgarhuset i Stockholm. Dagen etter fekk ho spele inn ein demo og vart tre veker seinare medlem av bandet Chips og drog rett på turné til Vest-Tyskland. I 1981 konkurrerte Chips (med «Bettan») i Melodifestivalen 1981 og det vart den første gongen av mange.

I 1981-1983 medverka Andreassen òg i musikalen Spök saman med Björn Skifs och Martin Ljung på Maximteater'n i Stockholm og turnerte rundt i Sverige med Chips. Ho arbeidde då òg med countrysongaren Mats Rådberg. På Melodifestivalen 1984 gjekk det ikkje særleg bra då stemma ikkje heldt, men ho fekk revansje året etter då ho og Hanne Krogh (i gruppa Bobbysocks) vann den internasjonale finalen. Etter sigeren kunne dei turnere i både Sverige og Finland og spela i 1986-1987 inn ei plate i Los Angeles. Bobbysocks vart oppløyst i 1988, og begge medlemene heldt fram med karrierane sine som soloartistar. Samanlagt har ho vunne den svenske Melodifestivalen og norske Melodi Grand Prix fire gonger.

Med Kikki Danielsson medverka ho i countryturnéen Country Cross Country (CCC). I 1988 spela ho inn ei countryplate i Nashville i Tennessee.

I 1990 flytte ho til Oslo, og i 1992 var ho programleiar for den norske Melodi Grand Prix-finalen. I 1994 song ho i Melodi Grand Prix med Jan Werner Danielsen og dei to song òg saman, blant anna ved kyrkjekonsertar og ved eit høve i Carnegie Hall i New York. I 1996 vann ho igjen den norske finalen med songen «I evighet». «I evighet» handlar om kjærleik på norsk, svensk («I evighet») og engelsk («Eternity»), og om sport på tysk («Wir sind dabei»).

Sidan slutten av 1990-talet har Andreassen mellom anna vore med i ein konsert-versjon av The Phantom of the Opera, Sofies verden og sunge revy med komikar-gruppa Dizzie Tunes. Platene hennar har vorte blant dei mest selde i Noreg.

Ho opptredde med Lotta Engberg og Kikki Danielsson i ein svensk TV-galla i november 2000 og det gav ideen til at dei tre skulle opptre saman. Trioen Kikki, Bettan & Lotta medverka i Melodifestivalen 2002 og i Melodi Grand Prix 2003. Trioen hadde i 2002-2003 eit tiljubla «krogshow» med tittelen Kikki, Bettan & Lotta - Tre stjerner på same scene - Rondo, Göteborg og Cirkus i Stockholm.

I 2004 turnerte Andreassen i Sverige med Lasse Holms i ein slagerturné som fekk namnet Diggiloo.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo
  • 1981: Angel of the Morning
  • 1983: I'm a Woman
  • 1985: Elisabeth Andreasson
  • 1985: Greatest Hits Vol. 2
  • 1986: Greatest Hits
  • 1988: Älskar, älskar ej
  • 1990: Elisabeth
  • 1992/1994: Stemninger
  • 1993: Julestemninger
  • 1995: Elisabeth Andreassens bästa 1981-1995
  • 1996: Eternity
  • 1996: Bettans jul
  • 1997: Så skimrande var aldrig havet
  • 1998: 20 bästa
  • 2001: Kjærlighetsviser
  • 2004: A Couple of Days in Larsville
  • 2005: Short Stories
  • 2007: Bettan Country
  • 2009: Spellemann
Med Rein Alexander
  • 2009: Julenatt
Med Mats Rådberg
  • 1980: I'm the Singer, You're the Song
Med Bobbysocks
  • 1984/1985: Bobbysocks
  • 1986: Waiting for the morning
  • 1987: Walkin' on air
  • 2010: Let It Swing - The Best of Bobbysocks
Med Kikki, Bettan & Lotta
  • 2002: 20 år med oss - Vem é dé du vill ha
  • 2003: Live från Rondo
Med Chips
  • 1982: Having a Party
  • 1997: 20 bästa låtar

Deltaking i Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Eurovision
Eurovision Song Contest
Tevla for Sverige
08 (F) 1982 Artist
Tevla for Noreg
01 (F) 1985 Artist
06 (F) 1994 Artist
02 (F) 1996 Artist
  • 1981: «God Morgon» med gruppa Chips kom på 2. plass i Melodifestival.
  • 1982: «Dag Etter Dag» med Kikki Danielsson i gruppa Chips vann Melodifestival og kom på 8. plass i Eurovision Song Contest.
  • 1984: «Kärleksmagi» kom med i Melodifestival.
  • 1985: «La Det Swinge» saman med Hanne Krogh i Bobbysocks vann Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest.
  • 1990: «Jag Ser Ein Stjärna Falla» kom på 7. plass i Melodifestival.
  • 1994: «Duett» saman med Jan Werner Danielsen vann Melodi Grand Prix og kom på 6. plass i Eurovision Song Contest.
  • 1996: «I Evighet» vann Melodi Grand Prix og kom på 2. plass i Eurovision Song Contest.
  • 1998: «Winds of the Northern Sea» kom på 2. plass i Melodi Grand Prix.
  • 2002: «Vem É Dé Du Vill Ha» saman med Lotta Engberg og Kikki Danielsson kom på 3. plass i Melodifestivalen.
  • 2003: «Din Hånd I Min Hånd» saman med Lotta Engberg og Kikki Danielsson kom på 3. plass i Melodi Grand Prix.
  • 2011: «Vaken I En Dröm» kom med i Melodifestivalen.

I 1992 var ho programleiar for Melodi Grand Prix.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elisabeth Andreassen