Kosovisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kosovisk geografi
Kosovo map-en.svg
Plassering
Land Kosovo
Koordinatar 42°35′N 21°00′EKoordinatar: 42°35′N 21°00′E
Totale landegrenser 702 km
Grenseland Albania 102 km; Republikken Makedonia 159 km; Montenegro 79 km; Serbia 352 km.
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

10 887 km²
10 887 km²
0 km²
Kystlinje 0 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Đeravica (2565 moh)
Beli Drim (297 moh)
Lengste elv Kvite Drin (122 km)
Største innsjø Gazivodasjøen (9,1 km²)


Naturressursar
Nikkel, bly, sink, magnesium, lignitt, kaolin, krom, bauksitt
Naturfarar
Jordskjelv


Kosovo er eit omstridd land på Balkan i Europa. Det har eit areal på om lag 10 908 km² med folketal på om lag 2 millionar innbyggjarar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kosovo ligg mellom Middelhavet og fjellområde søraust i Europa på Balkanhalvøya. Denne geografiske plasseringa fører til store årlege temperaturvariasjonar. Sommartemperaturen kan nå over 30 °C, medan vintertemperaturen -10 °C[1]. Kosovo har eit fuktig kontinentalklima,[2] med varme somrar og kalde, snørike vintrar.

Fjell og fjellkjeder[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Kosovo har eit fjellterreng. Šarfjella ligg i sør og søraust og grensar til Republikken Makedonia. Dette er ein av dei mest populære turist- og skistadene i regionen, med Brezovica og Prevalac som dei største turistsentra. Det høgaste fjellet i Kosovo er Đeravica med ei høgd på 2656 moh og ligg sørvest i landet ved grensa til Albania.

Kopaonikfjella ligg i nord. Dei sentrale regionane Drenica, Crnoljeva og den austlege delen av Kosovo, kalla Goljak, er hovudsakleg åslendte område.

Hydrologi[endre | endre wikiteksten]

Kosovo grenser ikkje til sjø, men har fleire kjende elvar og innsjøar innanfor grensene sine. Dei største elvane er Kvite Drin, som renn mot Adriahavet, med Erenik som den største sideelva, Sitnica, Sør-Morava i Goljak og Ibar i nord. Dei strørste innsjøane er Gazivodasjøen (380 million m³) i nordvest, Radonjićkosjøen (113 million m³) i sørvest, Batlavasjøen (40 million m³) og Badovacsjøen (26 million m³) i nordaust. Andre mindre fjellvatn er Liqeni i Zemrës, Đeravicasjøen og Liqenatsjøen. Kosovo har òg nokre fossefall:

  • Den 25 meter høge Drinfossen ligg ved munningen til Kvite Drin.
  • Mirušadalla er ei rekkje fossefall på Mirušaelva (ei sideelv til Drin) i kommunen Mališevo vest i Kosovo.

Rugovadalen og kløfta[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei mest prominente geologiske formasjonane er Rugovakløfta i Prokletije. Den 25 km lange kløfta nær grensa til Montenegro vart danna av Pećka Bistrica. Kløfta vart erklært eit verna nasjonamonument i 1988, og skal inn i den foreslåtte Prokletije nasjonalpark.

Sletter[endre | endre wikiteksten]

Det er to store sletter i Kosovo. Metohija ligg vest i Kosovo og Kosovosletta ligg i aust. Mellom desse to er det eit område med låge åsar kalla Drenica.

Kosovosletta er i snitt 100 meter høgare enn sletta i Metohija. Middelhøgda på Kovososletta er 550 meter over havet, medan Metohijasletta er om lag 450 meter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geografi
  2. Strahler & Strahler. (2006). Introducing Physical Geography, Boston: John Wiley & Sons Inc.