Kypriotisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Topografi på Kypros

Kypros er den tredje største øya i Middelhavet, etter dei italienske øyane Sicilia og Sardinia. Kypros ligg i den austlege delen av Middelhavet, sør for halvøya Anatolia (Litleasia) eller den asiatiske delen av det moderne Tyrkia. Derfor reknar ein geografisk øya som ein del av Vest-Asia eller Midtausten.

Kypros er 240 km lang og 100 km brei, og om lag 75 km frå Tyrkia i nord. Andre naboområde er Syria (105 km) og Libanon (108 km) i aust, Israel 200 km mot søraust, Egypt 380 km mot sør og Hellas i vest-nordvest (280 km til Kastellórizo i Dodekanesane, 400 km til Ródos, og 800 km til det greske fastlandet.

Tre fysiske trekk dominerer øya. Tróodosfjella dekkjer det meste av dei sørlege og vestlege områda, og om lag halvparten av øya. Den smale fjellkjeda Kyrínia strekkjer seg langs den nordlege kystlinja, og dekkjer eit mykje mindre område. Mellom desse to fjellkjedene ligg sletta Mesaoría.

Geopolitisk er øya vidare delt inn i fire hovudområde. Republikken Kypros, den internasjonalt godkjende styresmakta, dekkjer den sørlege to-tredjedelen av øya. Nord-Kypros okkuperer den nordlege delen av øya og er berre godkjend av Tyrkia. Den SN-kontrollerte grøne linja er ein buffersone som deler dei to. I tillegg ligg det to britiskstyrte basar på øya: Akrotíri og Dekélia.

Geografiske koordinatar: 35° N 33° E

Terreng[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete frå NASA 30. januar 2001, viser dei tre geologiske områda på øya. I sørvest ligg fjellkjeda Tróodos, med ei maks høgd på 1 953 m. Langs den nordlege kysten går den andre fjellkjeda på Kypros, Kyríniafjella. På sletta mellom desse fjellkjedene ligg hovudstaden Levkosía, synleg som ein gråaktig flekk nær midten av bilete.

Dei kuperte Tróodosfjella, som hovudsakleg strekkjer seg frå Pomosneset i nordvest og nesten til Larnacabukta i aust er det mest framtredane landskapet på øya. I sørvest heller fjellet gradvis nedover mot kystsletta.

Medan Tróodos er eit massiv forma av vulkansk stein, er fjellkjeda Kyrínia ei smal fjellkjede av kalkstein, som brått stig opp frå slettene. Den austlegaste delen vert ei rekkje småfjell på halvøya Karpass. Denne halvøya peikar i retning Litleasia, som Kypros geologisk høyrer til.

Sjølv den høgaste toppen i Kyrínia er ikkje meir enn halvparten av det store Tróodosmassivet, der Ólymbos strekkjer seg til 1 952 meter, det høgaste på Kypros. Dei utilgjengelege og taggete fjella i Kyrínia ser derimot mykje meir praktfulle ut. Den britiske forfattaren Lawrence Durrell skreiv ein gong i Bitter Lemons om Tróodos at dei var «eit lite vakkert virvar av knausar og tunge steinar», og om Kyrínia at dei høyrde til «det gotiske Europa, med høgreiste klipper oversådd med krossfararslott».

I antikken oppdaga ein store førekomstar av kopar i fjellsidene på Tróodos.

Drenering[endre | endre wikiteksten]

Avskoging i fleire hundreår har øydelagd mykje av det naturlege dreningssystemet på øya, slik at fleire område ikkje lenger har vatn året rundt. Eit nettverk av elvar oppstår om vinteren i Tróodos og renn ut frå dei i alle retningar. Elvane Yialias og Pedhieos renn austover over Mesaoría og ut i Ammókhostosbukta. Serraghis renn nordvestover gjennom Morfousletta. Alle elvane på øya tørkar derimot inn om sommaren, og eit omfattande system av demningar og vassvegar har vorte konstruert for å føre vatn til jordbruksområda.

Mesaoría er det største jordbruksområdet på øya, men kor mykje kveite og bygg ein produserer er svært avhengig av kor mykje nedbør det kjem om vinteren. Andre avlingar veks ved hjelp av kunstig vatning. Det er få spor som tyder på at denne breie og sentrale sletta, som er open til sjø i begge endar, ein gong var dekt av skog. Tømmeret frå denne skogen vart brukt for seglskip av erobrarar i antikken. Den no delte hovudstaden på øya, Levkosía, ligg midt på denne sentrale sletta.

Naturleg vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Kypros er eit lite område er den naturlege vegetasjonen variert. Her finn ein skogar av lauvtre, eviggrøne og breiblada tre, som Pinus latepensis, seder, sypress og eik. I følgje Eratosthenes (200-talet fvt.), ein gresk botanist, var det meste av Kypros dekt av skog i antikken, og store delar av desse skogane finst framleis i fjella Tróodos og Kyrínia i dag, og lokalt i lågare høgder. Om lag 17 % av heile øya er framleis skogområde. Der skogen har vorte hogd ned kan høge krattskogar av jordbærtre, Pistacia terebinthus, Olea europea, Quercus coccifera og Styrax officinalis overleve, men slike område er uvanleg. Det meste av øya, som ikkje er dyrka, er dekt av gras og låge buskar som cistus, Genista sphacelata, Calycotoime villosa, Lithospermum hispidulum, Phaganalon rupestre og lokalt pistacia lentiscus.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sandstormar frå Midtausten bles over Kypros, 19. oktober 2002.

Kypros har middelhavsklima med varmt og forholdsvis tørt vêr, og med regn hovudsakleg mellom november og mars. Øya har stort sett milde og våte vintrar med tørre og varme somrar. Variasjon i temperatur og nedbør er stort sett styrt av høgda, og til ein viss grad av avstanden til sjøen.

Om vinteren ligg Kypros i banen til dei mange små lågtrykka som kryssar Middelhavet frå vest til aust. Desse lågtrykka gjev det meste av nedbøren på øya, og frå desember til februar får øya om lag 60 % av den årlege nedbøren, som normalt er rundt 500 mm.

Dei høgare fjellområda er kjøligare og fuktigare enn resten av øya, og enkelte stader her kan få opp til 1 000 mm. Her kan ein òg få frost, og snø er ikkje uvanleg på fjelltoppane.

Sommartemperaturane er høge i låglandet, sjølv nær sjøen. Det varmaste området er Mesaoría. Den midla døgntemperaturen i juli og august er mellom 29 °C på den sentrale sletta til 22 °C i Tróodosfjella, medan den midla maksimumstemperaturen i desse månadane er mellom 36 °C på sletta og 27 °C i fjella. På grunn av den steikande varmen i låglandet har enkelte landsbyar i Tróodos utvikla seg til feriestader. Den årlege middeltemperaturen for heile øya er om lag 20 °C. Vintrane er milde med ein temperatur rundt 10 °C i januar på den sentrale sletta og 3 °C i Tróodos. Om vinteren kan temperaturen i Tróodos kome ned mot -7 °C.

Areal og landegrenser[endre | endre wikiteksten]

Areal:
total: 9 250 km² (der 3 355 km² utgjer Nord-Kypros)
land: 9 240 km²
vatn: 10 km²

Landegrenser: 0 km

Kystlinje: 648 km

Maritime krav:
kontinentalsokkel: til 200 meter djupt vatn eller til djup som kan utnyttast.
territorialfarvatn: 12 nm (22,4 km)

Geografiske ytterpunkt:
lågaste punkt: Middelhavet 0 m
høgaste punkt: Ólymbos 1 952 m

Ressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar: kopar, svovelkis, asbest, gips, tømmer, salt, marmor, leire

Arealbruk:
dyrkande land: 12 %
permanente avlingar: 5 %
permanente jorde: 0 %
skogområde: 13 %
anna: 70% (1993 est.)

Irrigert land: 400 km² (1999 est.)

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Naturfarar: jordskjelv

Miljøproblem: Vassressursproblem (ingen naturlege tilsig til reservoara, sesongsbasert regnfall, saltvassintrusjon i det største vassførande sjiktet på øya, auka tilsetjing av salt i jordsmonnet i nord). Vassforureining frå kloakk og industri. Forvitring av kysten. Urbanisering fører til mindre dyreliv.

Miljøvernsavtalar:
medlem av avtalar som omhandlar: Luftforureining, biologisk mangfald, klimaendringar, Kyoto-avtalen, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, marin dumping, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]