Little Red Rooster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Little Red Rooster
Singel av Howlin’ Wolf
B-side «Shake for Me»
Utgjeve 1962
Innspelt Juni 1961, Chicago
Selskap Chess (Cat. No. 1804)
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Little Red Rooster
Singel av The Rolling Stones
B-side «Off the Hook» Jagger/Richards
Utgjeve 13. november 1964
Innspelt 2. september 1964
Sjanger Blues
Lengd 3:05
Selskap Decca F12014
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi
«Time Is on My Side»
(1964)
Little Red Rooster «Heart of Stone»
(1964)


«Little Red Rooster» er ein bluessong skriven av Willie Dixon og først gjeve ut av Howlin’ Wolf som singel i 1962. Han var òg på det andre albumet hans, Howlin’ Wolf. Rock and Roll Hall of Fame har plassert songen på lista over dei 500 songane som forma rock and roll.[1]

Singelen vart spelt inn i juni 1961 i Chicago med Howlin’ Wolf (vokal, gitar), Johnny Jones (piano), Hubert Sumlin (gitar), Willie Dixon (bass) og Sam Lay (trommer).

Rolling Stones-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av The Rolling Stones og dei klarte å nå førsteplassen på den britiske singellista med songen den 3. desember 1964. Til i dag er songen den einaste bluessongen som har toppa den britiske singellista. Brian Jones spelte slidegitar på songen, som vart den siste bluessongen bandet gav ut på singel. I Noreg nådde songen sjetteplass på VG-lista.

I USA vart «Little Red Rooster» boikotta eller bannlyst av radiostasjonar på grunn av den seksuelt ladde teksten, og bandet måtte i staden gje ut «Heart of Stone» som singel her. Songen vart først gjeve ut i USA på albumet The Rolling Stones, Now! frå 1965. The Rolling Stones spelte songen fleire gonger på amerikanske TV-show i midten av 1960-åra.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964–65) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[2] 20
Tyskland (Media Control AG)[3] 14
Irland (IRMA)[4] 4
Nederland (Mega Single Top 100)[5] 4
Noreg (VG-lista)[6] 6
UK Singles (Official Charts Company)[7] 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har òg vorte spelt av mange andre artistar, mellom andre Tom Petty and the Heartbreakers, Luther Allison, James Blood Ulmer, Canned Heat, The Persuasions, Sam Cooke, The Yardbirds, The Grateful Dead, The Doors, The Roosters, Otis Rush og The Jesus and Mary Chain.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 500 Songs That Shaped Rock and Roll
  2. "Ultratop.be – The Rolling Stones – Little Red Rooster" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 25. mars 2018.
  3. "The Rolling Stones - Little Red Rooster". Charts.de. Media Control. Henta 25. mars 2018.
  4. "The Irish Charts – Search Results – Little Red Rooster". Irish Singles Chart. Retrieved 18. juni 2016.
  5. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Little Red Rooster" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 25. mars 2018.
  6. "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Little Red Rooster". VG-lista. Hung Medien. Henta 25. mars 2018.
  7. "Chart Stats – Rolling Stones – Little Red Rooster" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 25. mars 2018.