As Tears Go By

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«As Tears Go By»
Singel av Marianne Faithfull
frå albumet Marianne Faithfull
B-side «Greensleeves»
Utgjeve Juni 1964
Innspelt 1964
Sjanger Pop
Lengd 2:33
Selskap Decca
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards/Oldham
Produsent Andrew Loog Oldham
Marianne Faithfull-kronologi
«As Tears Go By» «Blowin' in the Wind»
(1964)
«As Tears Go By»
singel av Rolling Stones
frå albumet December’s Children (And Everybody’s)
B-side «Gotta Get Away»
Utgjeve 18. desember 1965
Innspelt 26. oktober 1965, IBC Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 2:45
Selskap London 45-LON9808
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards/Oldham
Produsent Andrew Loog Oldham
Rolling Stones-kronologi
«Get Off of My Cloud»
(1965)
«As Tears Go By» «19th Nervous Breakdown»
(1966)

«As Tears Go By» er ein song av The Rolling Stones skriven av Mick Jagger, Keith Richards og manageren deira Andrew Loog Oldham. Songen vart først gjeven ut og gjort populær av britiske Marianne Faithfull i 1964.

Songen vert rekna som den første songen Jagger og Richards skreiv. Fram til då hadde bandet berre spelt andre sine blues-songar. Ei myte om opphavet til songen var at manageren til Rolling Stones, Andrew Loog Oldham, låste Jagger og Richards inne på eit kjøken og tvinga dei til å skrive ein song i lag. Den opphavlege tittelen var «As Time Goes By», som òg er tittelen på ein song som Dooley Wilson syng i filmen Casablanca. Det var Oldham som endra «Time» til «Tears». Stones hadde til då ikkje spelt balladar før og Oldham gav i staden songen til Faithfull, som då var 17 år, som ei B-side. Resultatet vart derimot så bra at plateselskapet, Decca, endra songen til ei A-side, som vart ein populær singel. Han nådde fjerdeplassen på den britiske singellista og var det store gjennombrotet for Faithfull. I USA gjekk songen opp til 22. plass på Billboard Hot 100.

The Stones spelte inn si eiga i 1965. Han kom ut som B-side til «19th Nervous Breakdown» i Storbritannia. Denne innspelinga er kjend for tungt strykeinstrument av Mike Leander. I USA vart songen gjeve ut som ein eigen singel og han kom ut på albumet December’s Children (And Everybody’s). Songen nådde sjetteplassen på Billboard-lista.

Songen vart første gongen spelt på konsertar av the Stones i november 2005 under A Bigger Bang-turneen.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Vanessa Paradis, The Primitives, Nancy Sinatra, PP Arnold og Psychic TV.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]