Brown Sugar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brown Sugar
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Sticky Fingers
B-side «Bitch»/«Let It Rock»(UK)
«Bitch» (US)
Utgjeve 16. april 1971
Innspelt 2. til 4. desember 1969
Sjanger Rock
Lengd 3:50
Selskap Rolling Stones Records
RS-19100
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
The Rolling Stones-kronologi
«Honky Tonk Women»
(1969)
Brown Sugar «Wild Horses»
(1971)


Brown sugar, how come you taste so good
Brown sugar, just like a black girl should

Mick Jagger

«Brown Sugar» er ein song av The Rolling Stones på albumet Sticky Fingers frå 1971, der det er opningssporet. Songen var den første singelen frå albumet. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 495. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[1]

Inspirasjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste Stones-songane var «Brown Sugar» tilskriven songaren Mick Jagger og gitaristen Keith Richards, men vart i hovudsak skriven av Jagger, under filminga av Ned Kelly i 1969.[2] Songen vart opphavleg spelt inn i løpet av tre dagar i Muscle Shoals Sound Studio i Muscle Shoals i Alabama i desember 1969, men vart ikkje gjeven ut før over eit år seinare på grunn av rettslege stridar om det tidlegare selskapet til bandet. Stones spelte songen første gongen på den famøse konserten ved Altamont.

Songen har eit prominent bluesrock-riff, eit instrumentalt mellomparti med blåsarar og gitarar og dansbare rockerytmar. «Brown Sugar» er representativ for Stones tidleg i 1970-åra med tøff, bluesaktig hardrock. Teksten har vore mykje omdiskutert og kontroversiell. Musikkritikar Robert Christgau skildra songen som «ein rockesong så uimotståeleg at det hindrar lysta på å tolke han».[3] Populariteten til «Brown Sugar» vart ofte overskugga av den skandaløse teksten, som i hovudsak er ei rekkje tabubelagte emne, som sex mellom rasar, munnsex, slavevaldtekt, sadomasochisme, tapt jomfrudom og bruk av heroin.[4]

Ein alternativ versjon vart spelt inn 18. desember 1970 ved Olympic Studios i London, etter (eller under) ein gebursdagsfest for Richards. Han har med Al Kooper på piano og Eric Clapton på sologitar. Han har òg Richards på førsteverset og elles på kraftig koring. Songen finst på mange bootlegplater. Richards vurderte å gje denne utgåva ut på Sticky Fingers, mest på grunn av den spontane atmosfæren, men valde å gje ut originalen.[5]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Brown Sugar» vart gjeven ut på singel i mai 1971 som den første frå albumet. Han gjekk til førsteplassen i USA, andreplassen i Storbritannia og fjerdeplass i Noreg. Han har sidan vorte ein rockeklassikar. Den amerikanske utgåva av singelen hadde berre «Bitch» som B-side, medan den britiske utgåva hadde denne songen samt ei konsertutgåve av Chuck Berry sin «Let It Rock», spelt inn på University of Leeds under den britiske turneen deira i 1971.

Songen vart mykje spelt på konsertar, mellom anna under 1970-turneen, der han vart plassert mot slutten av konserten, trass i at han då var ukjend for publikum. Jagger endrar ofte teksten frå «Just like a young girl should» til «Just like a young man should». Linja «Hear him whip the women just around midnight» vert ofte endra til «You shoulda heard him just around midnight». Dette kan ein høyre på konsertalbuma Love You Live, Flashpoint, Live Licks og Shine a Light.

Songen er òg kjend som den første utgjevinga på Rolling Stones Records og er ein av to singlar av Rolling Stones (i lag med «Wild Horses») som både bandet og den tidlegare manageren Allen Klein har rettane til.

Songen vart nytta i ein Pepsi-reklame i 1998 der ei fluge syng ein coverversjon av songen etter å drukke noko sølt Pepsi.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones[6]

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australia 5
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[7] 10
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[8] 7
Canada Top Singles (RPM)[9] 1
Tyskland (Media Control AG)[10] 4
Irland (IRMA)[11] 2
New Zealand (Listener)[12] 11
Noreg (VG-lista)[13] 4
Nederland (Mega Single Top 100)[14] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[15] 1
UK Singles (Official Charts Company)[16] 2
US Billboard Hot 100[17] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australia[18] 38
Canada[19] 3
US Billboard Hot 100[20] 18
US Cash Box[21] 38

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[22] Sølv 250 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Brown Sugar». Rolling Stone. 9. desember 2004
  2. "Jagger Remembers". Rolling Stone. 14. desember 1995
  3. Robert Christgau "Rolling Stones". The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll. 1976
  4. Unterberger, Richie. The Rolling Stones «Brown Sugar». allmusic. 2007
  5. The Database "Brown Sugar". Time Is On Our Side. 2007
  6. McPherson, Ian. «Brown Sugar». http://www.timeisonourside.com/SOBrown.html. 
  7. "The Rolling Stones – Brown Sugar – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
  8. "Ultratop.be – The Rolling Stones – Brown Sugar" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 27. mars 2018.
  9. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 27. mars 2018.
  10. "The Rolling Stones - Brown Sugar". Charts.de. Media Control. Henta 27. mars 2018.
  11. "The Irish Charts – Search Results – Brown Sugar". Irish Singles Chart. Retrieved 18. juni 2016.
  12. «flavour of new zealand - search listener». http://www.flavourofnz.co.nz/index.php?qpageID=search%20listener&qartistid=27#n_view_location. Henta 2016-10-03. 
  13. "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Brown Sugar". VG-lista. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
  14. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Brown Sugar" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 27. mars 2018.
  15. "The Rolling Stones – Brown Sugar – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
  16. "Chart Stats – Rolling Stones – Brown Sugar" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 27. mars 2018.
  17. "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 27. mars 2018.
  18. «Australian Chart Book». Arkivert frå originalen den 5. mars 2016. https://web.archive.org/web/20160305064644/http://www.austchartbook.com.au/. Henta 2016-10-03. 
  19. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.7590&type=1&interval=24&PHPSESSID=mhe12pta2k83e08udtq66ot062. Henta 2016-10-03. 
  20. «Top 100 Hits of 1971/Top 100 Songs of 1971». http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1971.htm. Henta 2016-10-03. 
  21. «Cash Box YE Pop Singles - 1971». 1971-12-25. http://tropicalglen.com/Archives/70s_files/1971YESP.html. Henta 2016-10-03. 
  22. «British single salstrofé – The Rolling Stones – Brown Sugar». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 27. mars 2018.  Enter Brown Sugar in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go


491:
 «Running on Empty» 
Jackson Browne
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
490

The Rolling Stones – «Brown Sugar»

489:
 «Ignition» 
R. Kelly