We Love You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«We Love You»
Singel av The Rolling Stones
B-side «Dandelion»
Utgjeve 18. august 1967
Innspelt 12. juni 1967
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 4:35
Selskap Decca F.12654 (UK)
London 45.905 (US)
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi
«Let’s Spend the Night Together»
(1967)
«We Love You» «In Another Land»
(1967)


«We Love You» er ein song av The Rolling Stones, skriven av Mick Jagger og Keith Richards og først gjeve ut som singel den 18. august 1967. B-side var «Dandelion». Songen gjekk opp til åttandeplass i Storbritannia, men berre til 50. plass i USA. Denne songen, og B-sida, var dei siste som bandet spelte inn med manageren Andrew Loog Oldham som produsent.

Songen er ein einstonig marokkansk-aktig hyllest til utfordringar. Songen var ei melding til tilhengjarane til bandet, som ein takk for at dei støtta dei etter at fleire i bandet nyleg hadde vorte fengsla for narkotikamisbruk. Det var òg ei ironisk melding til politiet som tok dei. «We Love You» er ei psykedelisk blanding av lydar frå fengsel med Nicky Hopkins på piano, samt John Lennon og Paul McCartney på harmonivokal.

Songteksten kan tilsynelatande virka som eit svar til Beatles sin «All You Need Is Love», som kom tidlegare på sommaren, men ved nærare ettersyn syner teksten ei sterk anti-samfunnshaldning med linjer som «we don’t care if you hound we and lock the doors around we» og «you will never win we, your uniforms don’t fit we».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones[1]

Andre medverkande[1]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2] 5
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 14
Tyskland (Media Control AG)[4] 2
Irland (IRMA)[5] 14
Noreg (VG-lista)[6] 9
UK Singles (Official Charts Company)[7] 8
US Billboard Hot 100[8] 50

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Margotin, Philippe; Guesdon, Jean-Michel (2016). The Rolling Stones All the Songs: The Story Behind Every Track. eBook: Hachette Books. ISBN 978-0316317733. 
  2. "The Rolling Stones – We Love You – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  3. "Ultratop.be – The Rolling Stones – We Love You" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  4. "The Rolling Stones - We Love You". Charts.de. Media Control. Henta 26. mars 2018.
  5. "The Irish Charts – Search Results – We Love You". Irish Singles Chart. Retrieved 18. juni 2016.
  6. "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – We Love You". VG-lista. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  7. "Chart Stats – The Rolling Stones – We Love You" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 26. mars 2018.
  8. "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 26. mars 2018.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]