Luís Figo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luís Figo

Luís Filipe Madeira Caeiro Figo (fødd 4. november 1972) er ein portugisisk tidlegare fotballspelar frå Almada. Han hadde stor suksess med spel for FC Barcelona, Real Madrid og FC Inter, i alt var han med om å vinne 8 seriemeistertitlar i tida 1998-2009. Dessutan vann han Meisterligaen 2002 med Real Madrid og Cupvinnarcupen 1997 med FC Barcelona. I 2004 var han kaptein på det portugisiske landslaget som tapte EM-finalen. Figo var ein teknisk briljant vengspelar og offensiv midtbanespelar som i 2000 vart tildelt gullballen av France Football, året etter vart han kåra til Årets spelar av FIFA.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Figo fekk sin ligadebut med Sporting Lisboa våren 1990, men det var fyrst hausten 1991 han spelte seg inn på laget. Før han kom så langt, var han sommaren med på det portugisiske juniorlandslaget som vann junior-VM 1991. Den 10. juni 1995 avslutta Figo si tid i Sporting med nasjonal cuptriumf, då laget hans vann 2-0 over CS Marítimo.

Figo slo for alvor gjennom i FC Barcelona, den spanske storklubben han tente i fem sesongar frå 1995. I mai 1997 tok han del då Barcelona vann 1-0 mot Paris Saint-Germain i finalen i Cupvinnarcupen, etter ei skåring av Ronaldo. Seks veker seinare, den 28. juni, skåra Figo to av måla, mellom dei sigersmålet då Real Betis vart slått 3-2 i den spanske cupfinalen. Året etter forsvarte Barcelona den nasjonale cuptittelen, men det måtte straffeskyting til mot Real Mallorca, ei straffetevling der Figo sjølv mislukkast med si straffe. Same våren 1998 vann Barcelona også den spanske fotballserien, ein triumf laget kopierte året etter.

Sommaren 2000 vart Figo overført frå FC Barcelona til Real Madrid mot svimlande 62 milionar euro. Overgangen vekte raseri hos Barcelona-fansen. Kvar gong han sidan spelte på Camp Nou regna det gjenstandar frå publikum når han skulle ta hjørnespark. Med Real Madrid vart han seriemeister i sin fyrste sesong med hovudstadslaget, vinnar av meisterligaen i den andre og på ny seriemeister i den tredje.

Etter 10 år i spansk klubbfotball flytta Figo sommaren 2005 til Italia og FC Internazionale i Milano. I FC Inter hadde han ei offensiv rolle på høgrekanten. Han vart i sin fyrste sesong i Italia nasjonal cupvinnar, og, opphavleg, nummer to i serien. Med då serievinnaren Juventus vart dømd for kampfiksing, gjekk seriepokalen («scudetto») i staden over til Inter. Også dei neste tre sesongane vann Inter Serie A, så då Figo la opp som aktiv i 2009 hadde han vore med å vinne den nasjonale serien i alle sine fire sesongar i Italia.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Figo var portugisisk landslagsspelar i nesten 15 år frå 1991 til 2006. Han deltok i 127 landskampar og skåra 32 mål, måla kom særleg tidt i tida 1999-2001. Under europameisterskapen 1996 i England vart Portugal utslått i kvartfinalane. Fire år seinare bidrog Figo mykje til at Portugal nådde semifinalane i EM i fotball 2000. I hans fyrste verdsmeisterskap, VM 2002, rauk Portugal ut i gruppespelet. Både under Fotball-EM 2004 og i Fotball-VM 2006 var Figo lagkaptein for portugisarane. På heimebane i 2004 var Portugal favoritt mot Hellas i finalekampen, men eit defensivt gresk lag tok med seg pokalen etter å ha skåra det einaste målet. Ved VM i fotball 2006 tapte Portugal semifinalen 0-1 mot Frankrike. I sin siste landskamp, bronsefinalen mot arrangørlandet Tyskland var Figo innbytar då Portugal tapte 1-3 i Stuttgart.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av meisterligaen: 2002 med Real Madrid
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1997 med FC Barcelona
  • Portugisisk cupmeister: 1995 med Sporting Lisboa
  • Spansk cupmeister: 1997 og 1998 med FC Barcelona
  • Spansk ligameister: 1998 og 1999 med FC Barcelona og 2001 og 2003 med Real Madrid
  • Italiensk seriemeister: 2006, 2007, 2008, 2009 med FC Internazionale
  • Italiensk cupmeister: 2006 med FC Internazionale
  • EM-sølv: 2004 for Portugal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]