DS «Polarlys» (1912)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Polarlys.jpg
DS «Polarlys»
Foto: Anders Beer Wilse
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Polarlys»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Burmeister & Wain i København i Danmark
Byggekostnad: 580 185 kr[1]
Verftsnummer: 282
Jomfrutur: April 1912
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MHFV / LEPY
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 070 brt, 611 nrt
Daudvekt: 536 tdw.
Lengd: 63,5 m (208,3 fot)
Breidd: 9,6 m (31,5 fot)
Djupgang: 6 m (19,7 fot)
Installert effekt : 1 150 ihk, 221 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (B&W)
Fart: 13 knop
Passasjerar: 141 køyeplassar passasjerar
Karriere Flag of Germany (1935–1945).svg Nazi-Tyskland
Namn: DS «Satan», seinare DS «Tan»
Eigar: Die Deutsche Kriegsmarine
Kapra: 9. april 1940
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Polarlys»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Sett i teneste att: Desember 1940
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Sylvia»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Teke ut av teneste: 1951
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: KNM «Valkyrien»
Eigar: Den norske marinen
Kjøpt: 1952
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Opphogd 1963
Generelle mål
Type: Militært forsyningsskip

DS «Polarlys» (kallesignal MHFV / LEPY) var eit hurtigruteskip som vart overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i april 1912. Skipet var byggnummer 282 ved Burmeister & Wain Maskin- & Skibsbyggeri i København i Danmark. DS «Polarlys» gjekk i fast rotasjon i hurtigruten i perioden 1912 til 1951, berre avbroten av andre verdskrigen. Frå 1952 vart skipet brukt som forsyningsskip av den norske marinen. I 1963 vart det selt til opphogging.

Det Bergenske Dampskibsselskap hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. «Polarlys» er det norske namnet på sør- og nordlys; Aurora polaris.

Historie[endre | endre wikiteksten]

DS «Polarlys» i Molde
Foto: Anders Beer Wilse

Etter forliset til Det Bergenske Dampskibsselskab sitt hurtigruteskip DS «Astræa» i januar 1910, valde reiarlaget å kontrahere eit nytt skip. Kontrakten med det danske verftet Burmeister & Wain vart underteikna i 1910. Då Bergensbanen opna i 1909, styrkte dette stillinga til Bergen som kommunikasjonsknutepunkt. I tillegg til jernbanesambandet med hovudstaden hadde byen skipssamband med Newcastle upon Tyne i Storbritannia. Ved sida av å vere stamrute mellom Nord-Noreg og Sør-Noreg, vart hurtigruten stadig viktigare for turisttrafikken. Desse faktorane tilsa at dei trengde eit stort, raskt og komfortabelt skip, og ved overleveringa i april 1912 var DS «Polarlys» det største hurtigruteskipet til då. På vegen heim frå København segla skipet innom Oslo for å bli vist fram for Stortinget og regjeringa.

I hurtigruten[endre | endre wikiteksten]

I april 1912 vart DS «Polarlys» sett inn i fast rotasjon i hurtigruten. Skipet sette ein støkk i kystinnbyggjarane 14. februar 1930. Klokka 19:00 kvelden før hadde det på sørgåande gått frå Rørvik i sørvest storm. Klokka 06:00 neste morgon skulle skipet ha vore inne i Trondheim, men var ikkje å sjå. Folk frykta at skipet hadde gått ned på Folda i løpet av natta. Kapteinen på DS «Polarlys» hadde vald å leggje om kursen og gå mot vêret til ope farvatn, for å ri av stormen der. Skipet kom fram til Brattøra i Trondheim 01:00 natt til 15. februar. Det var 19 timar forseinka, men i god behald.

I 1933 var det ein ekspolsjon i kjøleanlegget ombord. I april 1934 grunnstøytte det.

Under åtaket på Norge 9. april 1940 låg DS «Polarlys» i Bergen. Skipet vart straks rekvirert av den tyske Kriegsmarine og flytta til Marineholmen for å gjere teneste som losjiskip. Tyskarane måla namnet «Satan» på det, men namnet vart seinare endra til «Tan». Ved juletider 1940 vart skipet levert tilbake til BDS og fekk straks tilbake det opphavlege namnet sitt. Ikkje lenge etter var DS «Polarlys» tilbake i hurtigrutetrafikk igjen, og gjekk utan uhell fram til vinteren 1944/45, då det vart rekvirert på ny av den tyske okkupasjonsmakta i oktober/november 1944. I mars 1945 gjekk skipet i opplag ved Stamnes i Osterfjorden, og vart liggande her til freden kom. Sommeren 1945 var det attende i hurtigruten, og etter naudsynt vedlikehald og utbetringar, fortsette det til 11. oktober 1951, då passasjersertifikatet løp ut.

Etter hurtigrute-karrieren[endre | endre wikiteksten]

KNM «Valkyrien» i Alta.

Skipet vart lagt i opplag i Bergen i påvente av interesserte kjøparar. I april 1952 vart det tredje Ålborgskipet sjøsett, og gamle DS «Polarlys» måtte gje frå seg namnet til nye MS «Polarlys». Skipet vart omdøypt DS «Sylvia», men alt 1. juli 1952 vart det selt til den norske marinen og sendt til ombygging ved Bergen Mekaniske Verksted si avdeling i Laksevåg. Utsjåandemessig vart det ikkje mykje endra ved denne ombygginga (bortsett frå marinegrå farge), og silhuetten var framleis lett gjenkjenneleg. I juni 1953 vart det teke i bruk under namnet KNM «Valkyrien». Det fekk pennantnummer A535 (støttefartøy), og fungerte som forsyningsskip/moderskip for torpedobåtar fram til 1963, då det vart selt til opphoggarar i Danmark.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

DS «Polarlys» hadde ved levering ein tonnasje på 1 070 bruttoregistertonn, 611 nettoregistertonn, og lasteevna var 536 dødvekttonn. Lasterommene var plassert føre og aktanfor maskin- og kjelerommet, og hadde totalt 584 volum. Hovudmaskinen var plassert midtskips, og var ein kolfyrt trippel ekspansjon dampmaskin bygd av Burmeister & Wain. Ytinga var oppgjeven til 1 473 ihk (indikerte hestekrefter) og 221 nhk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 13 knop. Ved levering hadde ho 141 køyeplassar fordelt på 65 på 1. plass (1. klasse), 32 på 2. plass, og 44 på 3. plass. Lugarane på 1. plass var plassert akter, 2. plass lugarar låg midtskips, og 3. plass lugarar var plassert framme. Brua var plassert over promenadedekket, noko som gjorde det mogeleg med ein utkikkssalong med framovervendte vindauge.

I 1930 fekk skipet straumlinjeror og i 1932 kjøleanlegg. I 1939 vart det sett inn peileapparat og i 1940 ekkolodd. Skipet fekk ny radio i 1948.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «D/S Polarlys». Sjøhistorie.no. Henta 28. desember 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: DS «Polarlys» (1912)