DS «Lyra» (1912)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Lyra in Bergen.jpg
DS «Lyra» i Bergen
Karriere Flag of the German Empire.svg Tyskland
Namn: DS «Prinz Eithel Fredrich»
Eigar: Neue Dampfer Comp.
Verft: A/G Vulkan Werke i Stettin
Verftsnummer: 325
Jomfrutur: Mai 1912
Heimehamn: Stettin i Tyskland
Kjennemerke: LFDG - LCSU
Lagnad: Forliste 1958
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1 475 brt, 835 nrt
Daudvekt: 1 612 tdw.
Lengd: 241,5 fot (73,6 m)
Breidd: 34,6 fot (10,5 m)
Djupgang: 15,3 fot (4,7 m)
Installert effekt : IHK 1180
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Vulcan)
Fart: 11,5
Passasjerar: 85 passasjerar
Karriere Flag of Russia.svg Russland
Namn: DS «Fert»(1914-1915)
DS «Ural» (1915-1921)
Eigar: Den keisarlege russiske marinen
Heimehamn: St. Petersburg
Kapra: August 1914
Karriere Flag of Germany.svg Tyskland
Namn: DS «Prinz Eithel Fredrich»
Eigar: Neue Dampfer Comp.
Overtatt: Desember 1921
Omdøypt: DS «Schlesien» (1922)
Heimehamn: Stettin
Karriere Flag of Germany.svg Tyskland
Namn: DS «Schlesien»
Eigar: Stettiner Dampfer Comp.
Kjøpt: 1923
Heimehamn: Stettin
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Lyra»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: 27. mai 1925 for 738 225 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Nora»
Eigar: Sivert Bakke
Kjøpt: Februar 1954 for 230 000 kr.[2]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Lebanon.svg Libanon
Namn: DS «Lyra»
Eigar: Adel Abdul Wahab
Kjøpt: Mai 1954
Heimehamn: Beirut
Lagnad: Forliste 1958

DS «Prinz Eithel Fredrich» (kallesignal LFDG - LCSU) var eit dampskip bygt i 1912 som passasjer- og lasteskip for Neue Dampfer Comp. i Stettin i Tyskland.

Etter å ha blitt kapra av russarane under første verdskrigen, segla under ulike namn, og overført til dei tyske eigarane etter krigen, vart skipet i 1925 selt til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Lyra». BDS hadde skipet i nesten 30 år før det til slutt hamna under libanesiske eigarar som DS «Nora». Det grunnstøytte og sokk 9. juli 1958 i Raudehavet.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Lyra er eit stjernebilete.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Som tysk og russisk skip[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Vulkan Werke i Stettin og vart levert til dei tyske eigarane i mai 1912.[3] Skipet vart sett in rute mellom Sverige, Finland, Baltikum og Russland.

første verdskrigen braut ut i august 1914 låg skipet i St. Petersburg og vart beslaglagt av Russland og tildelt Den kongelege russiske marinen som transportskipet «Fert». I 1915 vart det ombygd til mineleggjar og omdøypt «Ural». Skipet la ut sjøminer i Finskebukta.

Etter den russiske revolusjonen vart skipet gjeve attende til Neue Dampfer Comp. og det fekk attende det opphavlege namnet sitt, «Prins Eithel Fredrich». I 1922 vart skipet omdøypt «Schlesien». I 1923 vart reiarlaget omdøypt Stettiner Dampfer-Compagnie. Heimehamna vart verande i Stettin.

Det Bergenske Dampskibsselskab[endre | endre wikiteksten]

Det Bergenske Dampskibsselskab kjøpte skipet i mai 1925 og det vart omdøypt «Lyra». Kjøpesummen var nesten 740 000 kroner.[1] Skipet skulle inn i Islandsruta til BDS og tok over ruta etter den halvparten så store DS «Mercur». Det kom til Bergen første gongen den 8. juni 1925, då det tyske flagget vart senka av den tyske kapteinen, og det norske flagget og kompaniflagget til BDS vart reist.[4] 12. juni 1925 la skipet ut på den første turen til Island via Færøyane.[5] Skipet kom fram til Reykjavik 21. juni og det var fest og talar på skipet, noko det òg hadde vore då skipet stoppa i Torshavn.[6]

28. februar 1929 fekk ein lastearbeidar ombord i «Lyra» fingeren knust under lasting.[7]

7. september 1929 kolliderte «Lyra» med den engelske trålaren «Macduff» på kysten av Island. Det var tett tåke då ulukka skjedde og det var sett ut utkikk på bakken, medan «Lyra» gav frå seg jamne tåkesignal. Skipet heldt full fart sidan det sjeldan var andre skip i dette farvatnet. Brått ropte utkikken om at det var eit skip om styrbord baug. Begge skipa gav signal frå seg, men dei var så kloss at ein ikkje kunne unngå ein samanstøyt. Det andre skipet vart råka på svineryggen, medan «Lyra» fekk skade i skansekledninga og fire støtter øydelagd. «Lyra» slo full fart akterover før kollisjonen inntraff. Førstestyrmannen på «Lyra» meinte at om det andre skipet hadde heldt kursen og farten sin, ville ein ha unngått samanstøyten. «Lyra» hadde 29 passasjerar eit mannskap på 30 ombord. Begge fartøya kunne halde fram i reisene sine etter kollisjonen.[8]

I juni 1932 kolliderte «Lyra» igjen. Denne gongen skjedde det medan «Lyra» låg fortøydd på hamna i Reykjavik og den danske båten «Botnia», som gjekk i rute mellom Island og Skottland i storm dreiv ned mot «Lyra». «Lyra» fekk ein bulk i sida på tvers av storrommet, men det vart ikkje slått hol. «Lyra» segla så til Vestmannaeyar for å laste 2000 sekkar torskemjøl som skulle til Bergen. Heile vegen til Bergen hadde skipet storm frå søraust.[9]

I januar 1933 måtte «Lyra» assistere det spanske dampskipet «Flora», som hadde fått eit havari utanfor kysten av Island. «Lyra» slepte «Flora» inn til ei hamn på Island. I august vart BDS tilkjend 1300 britiske pund i bergingsløn i valdgiftsdomstolen til Lloyds i London.[10]

11. juni 1936 fall ein mann i 30-årsalderen stygt ombord på «Lyra», medan det låg til hamn i Bergen. Han vart stygt forslått og blødde frå fleire sår. Mannen vart frakta i privatbil til Naudhjelpestasjonen for behandling.[11] 23. januar 1937 berga «Lyra» seks mann på den svensk fiskekuttaren «Norrland», som var i ferd med å søkkje i dårleg vêr.[12] Kaptein Lund fekk i august 1938 tildelt Robins redningsbelønning for 1937 i statsråd for bergingsdåden.[13]

I 1937 og 1938 var det fleire pengetjuveri ombord på «Lyra». Medan skipet låg i Reykjavik forsvann eit brev med 100 kroner i. Først hadde personane som handterte posten blitt mistenkt, men det viste seg å vere ein av matrosane ombord. På grunn av plassmangel var ein del av posten sett inn på ein lugar på 3. klasse og var ulåst. På ei nattevakt hadde matrosen sett sitt snitt til å gå gjennom fleire sekkar og opna brev. Brevposten kasta han på sjøen, slik at det ikkje skulle bli oppdaga. Matrosen vart òg mistenkt for andre pengetjuveri og tilstod at han hadde teke 80 kroner frå lommeboka til styrmannen, som hengde på ein ulåst lugar. Han tilstod òg eit stort tjuveri då 1 750 kroner forsvann frå skipskassen i august 1937. Mannen vart dømd til 120 dagar i fengsel og erstatning for tjuveria.[14]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

I september 1939 vart skipet innleidd av Forsvarsdepartementet som troppetransportskip.[1] I november 1939 fann «Lyra» ein livbåt merka «Vistula» av Sverige. Dette skipet vart søkkt nord for Shetland den 8. oktober 1939 av den tyske ubåten «U-37». Lyra låg lenge i juleopplag frå 1939 til 1940 og først 24. januar 1940 byrja det å laste for den første turen til Reykjavik av året. Skipet kom fram til Island 14. februar og gjorde eit par turar dette året. 7. april 1940 segla «Lyra» ut frå Bergen til Reykjavik, berre to dagar før den tyske invasjonen den 9. april. Skipet kom fram til Reykjavik 14. april 1940.[15] I juni 1940 vart «Lyra» disponert av Nortraship.[1]

21. juli 1940 segla «Lyra» og DS «Iris» ut frå Glasgow med 120 mann frå Det norske luftforsvaret. Luftforsvaret skulle opprette ein treningsleir i Canada kalla Little Norway. Dei segla ut i konvoien OB 187, som vart spreidd den 25. juli. 3. august kom «Lyra» fram til Montreal i Canada.[15] «Lyra» segla attende til Storbritannia i konvoien HX 67 frå Halifax i Canada den 20. august. «Lyra» kom inn i konvoien frå Sydney i Canada og nådde fram til Preston den 4. september med ei last av tremasse og aluminium. Ein ny tur over Atlanteren gjekk ut frå Liverpool 17. september i konvoien OB 215. Denne vart spreidd den 21. september og 30. september kom «Lyra» fram til Montreal. Turen attende til Storbritannia gjekk 15. oktober frå Sydney i den saktegåande konvoien SC 8. Med seg i lasta hadde skipet papir og aluminium for Preston, der det kom fram 3. november. Her vart skipet liggande lenge. Alle desse konvoiane føregjekk utan dramatikk.[15]

8. februar 1941 segla skipet til Liverpool og byrja så å segle fast mellom Fleetwood i England og Reykjavik. Første ankomst i Reykjavik i denne tida var 5. mars. På veg attende til Fleetwood, rapporterte «Lyra» at dei hadde sett ein ubåt 28. mars 1941 ved 60 03 ºN 9 11 ºW, men vart ikkje angripen.[15] «Lyra» hadde sju turar til Island. I alle fall to av desse turane var ein del av konvoiar, ON 21 og ON 37.

I dei neste krigsåra fortsette «Lyra» i rute mellom Island og Storbritannia, alltid i ein del av konvoiane kalla RU (Reykjavik til Loch Ewe) og UR (Loch Ewe til Reykjavik). Kapteinen på «Lyra» var stundom commodore for konvoiane. Dei aller fleste av desse Islandskonvoiane ser ut til å ha gått bra utan mange ubåtåtak, men kjeldene er stundom noko mangelfulle. «Lyra» var uansett ikkje involvert i nokre åtak.[15] Ein av dei siste Islandskonvoiane var unntaket. 5. mai 1945, berre tre dagar før freden kom, vart britiske «Empire Unity» torpedert utafor Island.[16]

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

9. mai 1945 var «Lyra» i Keflavik. Det gjorde enno ein tur til Reykjavik frå Storbritannia i mai 1945 og var attende i England i juni 1945, før det 5. juli segla ut frå Newcastle på veg til Oslo. Det kryssa igjen over Nordsjøen til Newcastle, før det kom heim til Bergen 24. juli. Resten av sommaren og ut på hausten segla «Lyra» i Englandsruta mellom Bergen, Stavanger og Newcastle.

27. oktober 1945 vart skipet levert attende til BDS og var i dårleg stand. Tidleg i november gjekk skipet inn i Hurtigruten til Tromsø som avløysarskip for DS «Nordstjernen». «Polarlys» var ferdig reparert i Trondheim i mars 1946[17], men «Lyra» gjekk nokre turar til i ruta fram til april. «Lyra» gjekk så til reparasjon, modernisering og klassifisering ved Laksevåg verft, før det skulle setjast inn att i Islandsruta på ny.[18] Reperasjonen av «Lyra» tok lang tid og det vart mellom anna ombygd til oljefyring, medan interiøret vart modernisert. Det vart etter kvart òg klart at det var usikkert om Islandsruta kom til å kome i gang att.[19] 18. april 1947 gjekk «Lyra» frå slippen, og hadde fått skifta fleire plater og fått ny slingrekjøl. Det var derimot enno litt arbeid som stod att før skipet var fullklassifisert.[20]

DS «Lyra» i Honningsvåg som ein del av Hurtigruten kring 1950.
DS «Lyra» i Stavanger tidleg i 1950-åra

26. april 1947 vart det meldt om at «Lyra» skulle gjere fire turar i Islandsruta denne sommaren,[21] i tillegg til ein ekstra tur i samband med at kronprins Olav skulle avduke ein statue av Snorre SturlassonReykholt på Island i juli.[22] Statuen var laga av Gustav Vigeland. Den første turen gjekk 25. juni, med statuen, men det var streik blant hamnearbeidarane i Reykjavik då skipet kom fram. «Lyra» måtte derfor frakte statuen attende til Bergen, der det skulle bli henta av eit statseigd, islandsk skip.[23] 15. juli segla «Lyra» attende til Island med kronprinsen, statsministeren og Snorrenemnda, i tillegg til fleire andre framståande folk. Då dei fire faste turane til Island vart unnagjort, vart ruta sett på vent, og «Lyra» gjekk inn i Hurtigruten til Kirkenes den 26. september som vikarskip for DS «Nordstjernen» fram til desember 1947.[24] «Lyra» gjekk så inn som vikar for MS «Astrea» i Englandsruta til Newcastle dei neste månadane. I mars 1948 vart «Lyra» igjen avløysarskip for Hurtigruten, denne gongen for DS «Polarlys». Frå oktober gjekk skipet i Hurtigruten til Hammerfest, som då var ei eiga rute og separat frå Hurtigruten til Kirkenes.[25]

6. januar 1949 kolliderte «Lyra» med «Union» av Haugesund. Det var mørkt og stormfullt då ulukka skjedde. «Lyra» var på veg nordover og skulle leggje til kai i Florø, då det råka «Union», som fekk stor skade. «Union» skulle til Island, men måtte gå til Stavanger for reparasjon. Reiarlaget til «Union» søkte om full erstatning frå BDS, fordi «Lyra» skulle ha hatt for stor fart og ikkje vore forsiktig nok. BDS på si side meinte at «Union» ikkje hadde på nok lys til å vise at dei alt låg ved kaien. Byretten i Bergen dømde i favør av «Union» og BDS måtte betale 135 000 kroner i erstatning og sakskostanadane.[26] BDS anka saka heilt til høgsteretten som i april 1952 opprettheldt dommen til Byretten.[27]

I februar 1949 vart ein skipsarbeidar dømd for å ha stole ein dressjakke frå ein lugar ombord på «Lyra». Mannen var i 50-årsalderen og sleit med eit alkoholproblem. Jakken hadde han selt for 15 kroner til ein renseriarbeidar som han så kjøpte brennevin for.[28]

DS «Nova» forliste i desember 1949 gjekk «Lyra» inn i ruta til Antwerpen i Belgia, men hadde tidleg i 1950 nokre turar til Newcastle først. «Lyra» gjekk i Antwerpen ruta fram til juni 1952. 28. februar 1951 vart fire menn dømt i Stavanger for å smugla ei rekkje ur til Noreg med «Lyra». Ein hadde med seg 30 ur og 3000 kroner, som alt vart beslaglagt.[29]

18. juni 1952 starta «Lyra» å gå i rute til Rotterdam.[30] 15. mai 1953 gjekk «Lyra» den siste turen sin i Rotterdamruta, og då det kom attende 24. mai 1953 vart det lagt i opplag ved kaien til BDS på innsida av Laksevågneset.

24. mai 1953 vart «Lyra» lagt i opplag.

I februar 1954 vart «Lyra» selt til Sivert Bakke i Bergen, som gav det namnet «Nora». Skipet vart selt for 11 500 britiske pund, eller kring 230 000 kroner.[2] Berre nokre månader seinare, i mai, vart skipet selt til utlandet. Adel Abdul-Waha i Beirut i Libanon kjøpte skipet som tok attende BDS-namnet «Lyra», og det vart sett inn i «pilegrimstrafikk» mellom Libanon, Egypt, Jeddah og Mekka.

9. juli 1958 grunnstøytte «Lyra» og sokk utanfor Tor i Raudehavet i posisjonen 28.13 ºN 33.36 ºE på reise mellom Jeddah og Suez med pilegrimar.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 475 brt, 835 nrt og lasteevna var 1 612 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 705 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Vulcan i Stettin. Oppgjeven yting var 1 180 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 11,5 knop.[1] I 1946 vart kjelen ombygd til oljefyring.

Skiept hadde tre lasterom og køyer til 51 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og 34 passasjerar på 3. plass.[1] Ein kunne derimot provisorisk auke passasjertalet til det dobbelte og då BDS tok over skipet hadde det sertifikat til 130 passasjerar.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «D/S Lyra». Sjøhistorie.no. Henta 6. juni 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Salgssummen». Bergen: Bergens Tidende. 9. mars 1954. s. 2. Henta 6. juni 2020. 
  3. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 47. Henta 6. juni 2020. 
  4. 4,0 4,1 «Bergenskes nye Islandsruteskib for første gang i Bergen». Bergen: Bergens Tidende. 8. juni 1925. s. 7. Henta 6. juni 2020. 
  5. «Bergenskes nye skib i Islandsruten». Bergen: Bergens Tidende. 12. juni 1925. s. 7. Henta 6. juni 2020. 
  6. ««Lyra» lager fest i Reykjavik». Bergen: Bergens Tidende. 22. juni 1925. s. 7. Henta 6. juni 2020. 
  7. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 1. mars 1929. s. 4. Henta 6. juni 2020. 
  8. «Fra sjøretten». Bergen: Bergens Tidende. 11. september 1929. s. 9. Henta 6. juni 2020. 
  9. ««Lyra» i kollisjon». Bergen: Bergens Tidende. 5. juli 1932. s. 2. Henta 6. juni 2020. 
  10. «1300 pund til B.D.S.». Bergen: Bergens Tidende. 1. august 1933. s. 1. Henta 6. juni 2020. 
  11. «Et uhell ombord i «Lyra»». Bergen: Bergens Tidende. 11. juni 1936. s. 2. Henta 6. juni 2020. 
  12. ««Lyra» redder svenske besetning». Bergen: Bergens Tidende. 23. januar 1937. s. 5. Henta 6. juni 2020. 
  13. «Kaptein Lund får Robins redningsbelønning». Bergen: Bergens Tidende. 19. august 1938. s. 2. Henta 6. juni 2020. 
  14. «Brevbryteren og pengetyven fra «Lyra» dømt». Bergen: Bergens Tidende. 25. mars 1938. s. 2. Henta 6. juni 2020. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 «D/S Lyra». USA: Warsailors.com. Henta 6. juni 2020. 
  16. «Convoy RU 161». USA: Warsailors.com. Henta 6. juni 2020. 
  17. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 6. mars 1946. s. 2. Henta 6. juni 2020. 
  18. «Bergenske setter i gang Islandsruten igjen». Bergen: Bergens Tidende. 24. mai 1946. s. 5. Henta 6. juni 2020. 
  19. «Kommer Islandsruten i gang til Snorrefestelighetene?». Bergen: Bergens Tidende. 10. mars 1947. s. 1. Henta 6. juni 2020. 
  20. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 15. april 1947. s. 2. Henta 6. juni 2020. 
  21. ««Lyra» vil gjøre fire turer til Island i sommer». Bergen: Bergens Tidende. 26. april 1947. s. 1. Henta 6. juni 2020. 
  22. «Kronprins Olav skal avduka Snorremonument på Reykholt». Bergen: Bergens Tidende. 2. april 1947. s. 4. Henta 6. juni 2020. 
  23. «Islandsk statsskip henter Snorre». Bergen: Bergens Tidende. 2. juli 1947. s. 1. Henta 6. juni 2020. 
  24. «Bergenske». Bergen: Bergens Tidende. 20. september 1947. s. 14. Henta 6. juni 2020. 
  25. «Bergenske». Bergen: Bergens Tidende. 23. oktober 1948. s. 14. Henta 6. juni 2020. 
  26. «Da «Lyra» og «Union» kolliderte på Florø havn». Bergen: Bergens Tidende. 10. juli 1950. s. 1. Henta 6. juni 2020. 
  27. «Bergenske ble dømt til å betale «Union» 140 000 kroner i erstatning». Bergen: Bergens Tidende. 24. april 1952. s. 2. Henta 6. juni 2020. 
  28. «Stjal tøy ombord, solgte det og kjøpte brennevin». Bergen: Bergens Tidende. 21. februar 1949. s. 2. Henta 6. juni 2020. 
  29. «Ursmuglerne dømt». Bergen: Bergens Tidende. 1. mars 1951. s. 4. Henta 6. juni 2020. 
  30. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. s. 2. Henta 6. juni 2020.