DS «Neptun» (1890)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Neptun i Raftsundet.jpg
DS «Neptun» i Raftsundet
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Neptun»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Joh. C. Tecklenburg, Tyskland
Byggekostnad: 492 214 kr.[1]
Verftsnummer: 101
Jomfrutur: 1890
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JVGR
Lagnad: Opphogd 1928
Generelle mål
Tonnasje: 959 brt, 597 nrt
Daudvekt: 500 dwt
Lengd: 60,5 m
Breidd: 9,2 m
Djupgang: 6,2 m
Installert effekt : 1 150 Hk, 218 NHk.
Framdrift: Triple 3 cyl. (H. Pauksch, Landsberg a/d Weser)
Fart: 12 knop
Mannskap: 37 (1907)
Generelle mål etter forlenging i 1904
Tonnasje: 1 113 brt, 673 nrt
Daudvekt: 775 dwt
Lengd: 66,7 m

DS «Neptun» (kallesignal JVGR) var eit passasjer- og hurtigruteskip som vart overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i juni 1890. Skipet var byggnummer 101 ved Joh. C. Tecklenburg i Geestemünde i Tyskland, og kosta 492 214 kroner. Ho var systerskipet til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) sitt DS «Kong Harald», som vart bygd ved same verftet. DS «Neptun» gjekk i rute mellom Hamburg og Finnmark om vinteren, og i turisttrafikk langs norskekysten om sommaren. I 1919 vart skipet sett inn i fast rotasjon i hurtigruta, men vart trekt ut igjen i 1921. Etter dette gjekk ho i rute mellom Hamburg og Bergen fram til 1928, då ho vart seld til Stavanger Skibs-Ophugnings Co. AS for opphogging.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Neptun er den ytste planeten i solsystemet vårt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

DS «Neptun» i Akkarfjorden, juni 1906
Foto: Anders Beer Wilse

Etter overleveringa i 1890 vart DS «Neptun» sett inn i rutetrafikk mellom Hamburg i Tyskland og Finnmark. I sommarmånadene gjekk ho i cruisetrafikk langs norskekysten til Nordkapp i turistruta som Det Bergenske Dampskibsselskab og Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab saman hadde oppretta i 1883. I 1901 fekk skipet ny donkeykjele (hjelpekjele), og i 1904 vart ho ombygd ved Bergen Mekaniske Verksted, og skroget vart forlenga med seks meter.

I hurtigruta[endre | endre wikiteksten]

I juli 1919 vart DS «Neptun» sett inn i fast rotasjon i hurtigruta. Ho segla saman med reiarlaget dei tre andre hurtigruteskipa DS «Hera», DS «Midnatsol» og DS «Polarlys». Allereie i oktober 1921 vart skipet teken ut av hurtigrutetrafikk etter at departementet vedtok å kutta ut ein av rundturane.

Etter hurtigrute-karrieren[endre | endre wikiteksten]

Etter den korte karrieren sin i hurtigruta returnerte DS «Neptun» til seglingane ho hadde hatt før 1919, rutetrafikk mellom Hamburg og Finnmark. I sommarmånadene fortsette ho i turistruta frå Bergen til Nordkapp. I 1927 vart nyare og meir moderne skip sett inn i Hamburg-ruta, og DS «Neptun» vart teken ut av trafikk. I mars 1928 vart skipet selt til Stavanger Skibs-Ophugnings Co. AS i Stavanger og vart seinare same år hogd opp.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

DS «Neptun» var bygd for stamruta Hamburg – Finnmark, men var òg innreidd for turistcruise i sommarmånadene. Tonnasjen på skipet var ved levering 959 bruttoregistertonn, 597 nettoregistertonn, og lasteevna var 500 dødvekttonn. Etter ombygginga i 1904 var tonnasjen 1 097,67 bruttoregistertonn, 679,87 nettoregistertonn, og lasteevna var 775 dødvekttonn. Volumet på lasterommet var 1 053 . Hovudmaskina var ein kolfyrt tresylindra trippel ekspansjon dampmaskin med arbeidstrykk 175 psi, levert av H. Pauksch i Landsberg i Tyskland. Oppgitt yting var 1 150 ihk (indikerte hestekrefter) og 218 nhk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 12 knop. Skipet var bygd i stål, og i 1907 var ho sertifisert for 399 passasjerar i kystfart, 665 i lokalfart, og 94 i europeisk fare. Om vinteren når DS «Neptun» fungerte som kombinert lasteskip og passasjerskip, hadde skipa 54 køyeplassar fordelte på 38 på 1.-plass (1. klasse) atter, og 16 på 2.-plass midtskips. 3.-plass bestod av fellesrom forut på banjerdekk. I sommarmånadene var ho eit reint passasjerskip, og hadde då 99 køyeplassar og berre 1.-plass.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «D/S Neptun». Sjøhistorie.no. Henta 10. mai 2019. 

Bakgrunnstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: DS «Neptun» (1890)