DS «Orion»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Orion (ship, 1874).jpg
DS «Orion» i Vadsø.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Orion»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: H. Murray & Co. i Glasgow i Skottland
Byggekostnad: 84 802 spesidalar
Verftsnummer: 69
Sjøsett: 1874
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JQLF
Lagnad: Øydelagd i brann 1903
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 668 brt, 406 nrt
Lengd: 55,0 m
Breidd: 8,0 m
Djupgang: 6,4 m
Installert effekt : 120 NHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (Robert Steele & Co.)
Generelle mål etter ny motor i 1892
Installert effekt : 126 NHk, 569 IHk
Framdrift: Triple 3cyl.
Generelle mål etter ny motor i 1902
Installert effekt : 750 IHk
Framdrift: Triple 3cyl.

DS «Orion» (kallesignal JQLF) var eit dampskip bygt i 1874 som passasjer- og lasteskip og det niande skipet til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Det vart bygd ved H Murray & Co i Port Glasgow i Skottland for 85 000 spesidalar.[1]

Med sine 681 bruttotonn og 180 fots lengd var DS «Orion» det største skipet til BDS då det vart levert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart levert i september 1874 og gjekk inn i ruta mellom Hamburg og Nord-Noreg. Skipet vart derimot forfølgd av uhell og sokk allereie på ein av dei første turane sine, den 5. desember 1874 ved Meløyvær. Det var vinter, og ein kunne ikkje heva skipet før våren etter, då det vart slept til Bergen for reparasjon. Dette var ikkje den einaste ulykka med «ulukkeskipet», som det vart kalla.

Etter kvart som ein ny generasjon skip kom i fart i Hamburgruta, vart «Orion» etter kvart overført til kystruta mellom Oslo og Hammerfest.

Omkring 1888/89 låg skipet ved Bergens Mekaniske Verksted for ombygging. Ein skulle fornye innreiinga, bygge nytt dekkshus av jern og byte inn ein ny compound-maskin på 529 iHk. Under ein test eksploderte den eine kjelen og skadde maskinbesetninga som var om bord. Etter avtale med Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab var det Bergenske sin tur til å setje inn eit skip i hurtigruta frå 1. juli 1989 og gamle «Orion» vart då sendt til Trondheim. Den første turen i hurtigruta gjekk torsdag 7. juli det året.

Frå juli 1898 segla «Orion» saman med DS «Vesteraalen», før hurtigruta frå 1. oktober dette året vart utvida med ein rundttur i veka mellom Bergen og Tromsø. Bergenske og Nordenfjeldske hadde ein avtale om å segle hurtigruta anna kvart år. I juli 1899 kom «Orion» inn i ei fast rute mellom Hammerfest og Vardø med to rundtturar i veka. Om vinteren gjekk ruta til Tromsø. Dei neste åra gjekk skipet fast i ruta på Finnmark. Hausten 1902 vart skipet ført til Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen, der et fekk ein ny triple-ekspansjonsmaskin på 750 ihk, og gjekk attende i Finnmarksruta då det stod klart i juli 1903.

12. desember 1903 var «Orion» på veg austover og nær Makkaur, mellom Makkaur og Syltefjord, braut det ut brann på 2. plass midtskips då ein oljelampe velta. Branne spreidde seg raskt til forskipet. Sju av besetninga omkom i brannen, medan dei andre kom seg i livbåtane. Det utbrende vraket vart slept til Vardø.

A. Meling kjøpte vraket på ein auksjon for 9000 kroner og det vart slept til Stavanger der vart hogd opp. Den nye dampmaskina og kjelen vart kjøpt attende av Bergenske og seinare sett inn i det nye hurtigruteskipet DS «Lyra».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «D/S Orion». Sjøhistorie.no. Henta 1. mai 2019.