Nordisk klinkbyggingtradisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klinkbygging. Nedre del av bordet som vert montert dekkjer øvre del av bordet under. Båt frå Gotland.

Nordisk klinkbyggingtradisjon er soga om båtbygging i Nord-Europa gjennom meir enn 2000 år. Forteljinga om ei utvikling, etter same grunnprinsipp, som har gitt stadig nye båttypar som har stetta dei krav utviklinga i samfunnet har skapt.

Klinkbygging er ein måte å bygge trebåtar på, der båtborda overlappar kvarandre. Kvart bord vert lagt på utsida av bordet under. Borda vert festa til kvarandre med båtsaum. Denne måten å bygge på vert ofte nemnd skalkonstruksjon, fordi ein først bygg eit skal som gir forma på det ein bygg. Så vert det indre rameverket, innveden sett inn. Båtar og skip bygde på denne måten er gjenkjenneleg med samanhangande kjøl frå stamn til stamn. Stamnane har krumma reisning.

Ein klinkbygd båt er lettare og mjukare enn ein som er kravellbygd. Før jarnsaumen kom i bruk, vart det og bygd båtar med fleire bord, etter same systemet, ved å sy saman borda ved hjelp av dyresener, vidjer eller bast. I definisjonen av klinkbygging er det overlapping av borgangane, og ein markert kjøl, som er kjennemerke, og ikkje bruk av klika båtsaum av metall.[1]

I 2021 vart den nordiske klinkbyggingtradisjonen innskriven på UNESCO si representative liste over menneska sin immaterielle kulturarv.[2]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn er viktigaste kjelda til kunnskap om utviklinga av klinkbyde farkostar. Funn har i stor grad vorte aldersbestemte med C-14 datering , dendrokronologi, og ved å samanlikne andre arkeologiske funn. Nokre funn, som til dømes av dei best bevarte vikingskipa, gir mange opplysningar. Men det store tal av mindre kjende båtar, og fragmentariske funn, er viktig for heilskapen. Det ein har funne av båtar er berre ein veldig liten del av det som har vore, og mykje av utviklinga kjenner vi ikkje til. Helleristingar syner at det var brukt ulike båttypar samstundes.

Båtbygging i Nord-Europa og Norden har utvikla seg etter ulike linjer. Sjølv over lange avstandar ser ein at båtbyggjarane lærde av kvarandre. Ut frå ein einplanka stokkebåtar, gjerne utspend, vart det etter kvart bygd båtar og skip samansette av fleire båtbord.

Viktige funn[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjon av ein av Ferribybåtane

Eit båtfunn som merkjer seg ut er Ferribybåtane i Nord-England. Det er eldste funnet av samansydde båtbord frå Nord-Europa. Den eldste av dei har vorte tidfest til omlag 2030 f.Kr. Båtane, som var av eik, har vore samansydde med vidjer av barlind. Dei 3-4, opp til 8, tommar tjukke sideplankane, overlappar ikkje kvarandre, som ved klinkbygging. Dei er fint samansydde, godt tillpassa,og tetta med mose, og tynne eikelister. Den eldste båten, som var best bevart, hadde vore minst 35 fot lang.[3]

Ferribybåtane gjeng ikkje inn som ein del av klinkbyggingtradisjonen.

Modell av Hjortspringbåten

Den eldste båten ein har funne som er bygd etter klinkprinsippet, der eine bordet overlappar det andre, er Hjortspringbåten, frå Als i Danmark. Han er ein del av eit offerfunn. Båten har truleg vore del av eit krigsbytte. Han har vorte knust og nedlagd i ei myr eller eit lite vatn. Han er tidfesta til kring 350 f.Kr. Frå eit botnbord, som liknar på ein utspent stokkebåt, er det to lange, breie og tjukke bord på kvar side. Botnbord og sideplankar er samansydde med snorer tvinna av bast. Dei går gjennom små hol i som er bora i plankane. Måten dei er sydde på har vorte samanlikna med lange knappholsting. Borda er av lindetre. Det er eit heller mjukt trevirke. V-forma stamnklossar mellom sidene gjer skroget tett.

Under tilhogging av botn- og sidebord er det sett att klossar, som går tvers over båten i rekkjer med om lag ein meters mellomrom. I klossane er det hol for å surre avstivande band til hudskalet. Tvergåande band er og funne på utspente stokkbåtar. Eit godt døme på det er stokkebåten frå Vaalermoor i Nord-Tyskland.

Stokkebåten frå Vaalermoor.

Noko ein til no har funne berre på Hjortspringbåten er at botnplankane og toppstykka held fram som snablar i forlenging av skroget. Det har vore uråd å seie kor lange desse snablane har vore. Hjortsprinbåten har vorte rekonstruert til ei totallengd på 19 meter, sjølve skroget er 13 meter. Funnet av Hjortspringbåten gjer at ein lettare forstår hellerisningar av båtar med to snablar. Hjortspringbåten har ikkje hatt rokeipar. Han har vorte padla.

Helleristing av skip som minner om Hjortspringbåten

Eldste funna i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste båtfunna Noreg med samansauma bord er:

  • I båtfunna frå Mangersnes (o -600 e.Kr.), som er båtdelar fordelt over ein lang periode, funna av keipar av ulik alder, den eldste kan ver frå f.Kr. Båtbord av lind.
  • Valderhaugbåten (250 e.kr.) - Borda er sauma til kvarandre. Det er klampar med hol for surre båtborda til forsterkande band. Dei er delvis dekorerte med enkle innskorne linjer.
  • Halsnøybåten (335 e. Kr. ± 65 år.) Funn av sydde bordgangar, ripbord med uthogd forsterkningslist, fastsurra keipar.

Desse funna syner at i dei første hundreåra e. Kr. vart båtar samansette etter klinkerprinsippet, samansurra, utan bruk av jarn. Funn av keipar, festa til forsterka list på ripa, fortel at no vart ikkje båtane padla, men rodde. Trevirket har delvis vore av bjørk og lind, som er lettare og mjukare enn furu og eik som seinare vart mest vanleg.

Conrad Engelhardt, som leia utgravinga av Nydamskipa sine rekonstruksjonsteikningar frå 1865

Eit svært viktig myrfunn frå Danmark, er Nydamskipa, datert til 310-320 e.Kr. Det største, som har vore av eik, er rekonstruert til 23 meter. Kvar side har 5 kraftige eikeplankar som er samanklinka med jarnsaum, noko som er den eldste båten, bygd med denne teknikken, ein kjenner til. Dei fleste sideborda er ikkje skøytte, og er truleg laga ved at eikestokkane først vart kløyvde i to. Kvar halvdel har så vorte forma til sidebord. Det er sett att klampar som har vorte brukte til å surre band til borda.

Liksom Halsnøybåten, frå om lag same tid, har Nydamskipet keipar. Det har vorte rodd, noko som er er betre utnytting av muskelkrafta til mannskapet enn padling. Ikkje noko tyder på at Nydamskipet har hatt segl. Det er funne styreår, som har vore plassert bak på styrbord side, men skipet er ikkje bygd med særlege forsterkingar for styret. Botnplanken er ein kraftig eikestokk. Han er heller flat, og har ikkje nokon djup kjøl.

Modell av Sutton Hoo skipet.

Eit funn som glir inn i utviklinga av klinkbygde båtar er Sutton Hoo-skipet frå Suffolk i England. Det var eit skip som vart sett i ein gravhaug omkring 630 e.Kr. Samanlikna med Nydamskipet, som har vore om lag 300 år eldre, finn ein mykje felles. Sutton Hoo skipet har vore fyldigare. Alle bordgangane er skøytte. Kraftige band og bordgangar akter, fortel om permanenet påmontert styreåre. Keipane, som står på forsterka ripbord er festa med kraftige jarnspikrar. Kjølen er rund og grunn. . Det ser ikkje ut som skipet har hatt segl. Bordgangane er festa til kvarandre med jarnsaum, og dei er har vore festa til banda med trenaglar.

På Kvalsundskipet var botnborda under vasslina surra til banda med vidjar gjennom klampar på borda

Kvalsundskipet, eit offerfun frå slutten av 700-tale, har og hatt rund botnform og lav kjøl. Men kjølen har ei markert list under, og byrjar likne på kjølen ein finn på yngre fartøy. Denne kjølen, og at skipet har eit solid festa sideror, vert tolka som at Kvalsundskipet kan ha hatt segl, sjølv om det ikkje er funne mastefisk eller mast. Skipet har hatt enkle surringsklampar for banda under vasslija. Lenger opp er dei festa med trenaglar, og ein bandsaum i toppen.

I tillegg til desse, etter forholda gode skipsfunna, er det og mange funn av mindre båtdelar. Ut frå detaljar og eigenskapar har funna vorte plassert i Nydamgruppa eller Kvalsundgruppa.

Detaljar for Nydamgruppa er: Fastsurra keipar på forsterka ripbord, parvis plasserte surringsklampar for bandfeste og ein brei, solid botnplanke. Det er ikkje indikasjonar på at desse farkostane har hatt segl. I dene gruppa vert Valdeøybåten, Halsnøy-, Mangersnes funna, og ein del mindre funn, plassert. I Kvalsundgruppa er keipane feste med trenaglar, borda har enkel surringsklampar for banda. Band kan delvis vere festa med trenaglar og bandsaum. Botnplanken liknar meir på ein kjøl. Styreåra er solid festa. I denne gruppa er mest plassert mindre funn der båten ikkje kan rekonstruerast, men som gir gode opplysningar. Gokstadfæringen vert gjerne plassert i denne gruppa.

Skip med segl[endre | endre wikiteksten]

Osebergskipet har tiljedekk

Skrogforma, solid styreåre og kraftig konstruksjon syner at Sutton Hoo skipet og Kvalsundskipet kan ha vore segla, men sidan kjølen er så grunn, berre undan vinden. Det eldste skipet vi kjenner til som sikkert har hatt mast og segl er Osebergskipet, som ein ved dendrokronologisk analyse, finn er bygd om lag 820 e.Kr.

I «Havhingsten fra Glendalough», rekonstruksjon av Skuldelev 2, ser vi forsterkande bjelkar tverskips

Samanlikna med dei eldre reine roskipa, har Osebergskipet ein sterkare og meir utvikla kjøl. Dei første bordgangane er brattare ned mot kjølen. Dette gir mindre avdrift og betre retningsstabilitet ved segling. På Osebergskipet er banda surra til båtborda med tæger, som går gjonnm klampar i band og bord. For å støtte skipet har det vorte sett inn bjelkar på tvers av skipet. Dei er festa med krumgrodde kne på båe sider, oppom banda. Borda er tilhogde av kløyvde eikestammer For å støtte masta er det innfelt to kraftige eikebjelkar, kjerringa og mastefisken. Osebergskipet var og roskip. Det hadde 15 årehol i øvste bordet på kvar side. Skipet har og eit flatt, delvis fastnagla tiljedekk. I overgangen mellom botn og side er ein kraftig og sterk bordgang, som vert kalla meginhufr. Dette vart vanleg i seinare skip.

Samanliknar ein Osebergskipet med Gokstad- og Tuneskipet som er bygde 70-80 år seinare, finn ein at første borgang er bratt, noko som er med på å redusere avdrift, medan neste båtborda er flatare, og gir betre stabilitet. Sjølv om framdrift med årara framleis har vore viktig, er dei to siste skipa meir eigna til segling. Tverrskipskonstruksjonen er forsterka med band, tverrbjelkar og støttekne. Mastefisk og seglkjerring er mykje lengre og kraftigare. Dei er betre festa og ligg lenger nede i skipa. Dei har fleire bordgangar og meir fribord. På Gokstadskipet er det to bordgangar over årehola. Hola for årane kan og stengast med småluker for å hindre sjøskvett.

Ved skip som er bygde seinare i vikingtida, som Klåstadskipet frå Vestfold og Skuldelevskipa i Danmark, finn vi meir spesialisering. Klåstadskipet, frå 990 , har truleg vore eit lasteskip. Det har mykje felles med Äskekärrskipet og knarren Skuldelev 1: dei er kraftig bygd, har høgt fribord og årar berre for manøvrering av skipet ved land. Bordgangane er ikkje surra til banda, men festa med trenaglar. Mellom skuldelevskipa ser vi og ei anna spesialisering. Skuldelev 2 og 5 er meir reine krigsskip, som er konstruerte for høg fart, både ved hjelp av årar og under segl. Dei har vorte bygde nokre tiår ut på 1000-talet.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Ein polsk modell av ein kogge frå 13-1400-talet. Sidene var klinkbygde

Ved kristninga av Noreg vart det slutt med skip i gravhaugar Frå kring år 1000 er det vrakfunn som gir mest kunnskap om konstruksjon og utvikling. Det er og funne skipsmodellar, og etter kvart vart det fleire bilete av skip. På denne tid tok det til å vekse fram byar og kaupangar, som måtte ha tilførsel av varer. Kyrkja sine reglar om kva ein kunne ete til ulike tider, fekk mykje å seie for skipsfarten. Det vart stor etterspørsel etter frakt av fisk både langs kysen og utanlands. Vrakfunna syner at utviklinga både av krigs- og handelskip held fram. Sjølv om det er uklart kva tid leidang-ordninga vart innførd , måtte det skaffast skip, segl, naust og proviantering. Dette låg på innbyggarane i skipsreida. Dei fleste av leidangskipa var «20-sessar», noko som seier at dei var noko større enn Gokstadskipet, ei «16-sesse« på om lag 23 meter.

Mange av skipa som er bygde for lastefrakt er 15-16 meter lange. Det ser ut til å ha vore ein tenleg storleik. Vrakfunn viser at frakteskipa ikkje var bygde av fullgode materialar. Ein finn gjenbruk frå tidlegare skip, det har vorte brukt fleire ulike treslag i enkelte skip, og bordgangane kan vere samsette av fleire korte plankestykke. Dette ser ein særleg av norske funn. Leidangskipa har vorte bygde av betre tømmer. Ein kjenner til funn av delar frå atskilleg større frakteskip. Bryggeskipet frå Bergen kan ha vore opp mot 40 meter langt. Det synest vorte bygd i 1188. Dei store skipa har nok vore eigd av rike handelsmenn, eller samansluttningar av slike.

Det har vorte rekna at nordiske skip frå denne perioden har henta mange impulsar frå Mellom-Europa. Det manglar funn som stadfester denne teorien. Det kan heller sjå ut som frakteskip av nordisk type har hatt vel så gode segleigenskapa som dei tyske koggane. Koggar var skip bygde for føring av mykje last. Dei var flatbotna og mangla kjøl. Botnborda låg kant i kant. Skipsside var klinkbygde.

Ein detalj ein først finn på Bryggeskipet frå Bergen er at tverbjelkar har hatt hovud som har stokke ut gjennom bordgangane. Den konstruksjonen finn ein på yngre skip, også på tyske koggar. Mellom ubrukte båtdelar, funne i Sunnhordland, er utskorne drakestamnar i mellomaldersk terskurd. Dei har av ukjende årsaker ikkje vorte brukte, men syner ein detalj frå skipskonstruksjonen. Etter svartedauen gjekk skipsfarten sterkt tilbake. Både på grunn av påbod og av praktiske grunnar var fartøya små. Når ein ser spor av sag på skipsborda, er ikkje fartøyet eldre enn om lag 1500. På den tid kom både handsag og vassdrevne sager i bruk.

Jekter[endre | endre wikiteksten]

Jektemåleri av ukjend kunstnar frå 1700-talet. Jekta fører Dannebrog, ettersom Noreg var i union med Danmark på 1700-talet.
For meir om dette emnet, sjå Jekt.

På vrak frå 1300-talet finn ein døme på rett bakstamn. Det gir grunn til å tru at stamnstyre kan ha kome i bruk. Stamnstyre kan og ha vore brukt på krumme bakstamnar. Ved Sandefjord er det funne ein halv meter lang leikebåt frå 1200-1300-talet med rett akterstamn.[4] På 1400- 0g 1500-talet har heller små frakteskipa fått akterspegel. Gjennom ei på fleire måtar ukjend utvikling, kan ein seie at knarren har vorte jekt, Som knarrane hadde jektene halvdekk framme og akter. Akter hadde dei ein kahytt, ein veng. Lasterommet, som var ope, berre med flakar til å verne lasten, fann ein midtskips, rundt masta.

Jektene var lenge klinkbygde, men på 1800-talet gjekk mange over til kravellbygging. I tida 1800-1850 vart det og bygd i halvkravell, der botnen er skalbygd som ved klikbygging. Etter at spant vart innsette, vart resten av skroget opp-planka med kravellbygging.[5]

Båtar[endre | endre wikiteksten]

Rekonsruksjon av Halsnøybåten syner koleis borda er samansauma

Etter kvart som det vart bygd større båtar og skip, heldt ein og fram med å bygge mindre båtar til dagleg bruk. Halsnøybåten, frå 3.århundre e. Kr. har truleg hatt storleik som ein færing. Isamband med ein del av dei eldste båtfunna, som Fjørtoftbåten, Kvalsundskipet og Gokstadskipet har det vorte funne mindre båtar. Også på Bårsetbåten, frå 700 talet, finn vi konstruksjonsopplysningar.

Liksom på dei større skipa ser vi ei utvikling i båtbyyginga: Ein gradvis overtgang frå sydde bord og surra band till bruk av båtsaum av jarn og trenaglar. Ein grunn til at fastsurring av botnbanda heldt seg lenge kan ha vore at på det viset vart kreftene som røynde på borda mindre, og dei kunne vere tynnare og lettare.[6] Det kraftige ripbordet, der keipane vart festa, utvikla seg etter kvart til esing.

På denne kopibygginga av ein Gokstadfæring, i Irland, ser ein den gamle konstruksjonen der bordgangane startar som ein del av stamnen.

Frå Mellomalderen er det lite funnmateriale som fortel om mogeleg utvikling innan småbåtbygginga. Professor Arne Emil Chrisrensen skriv at før svartedauden kunne båtbyggarane til høvdingar og rikfolk vore normgivande, og det var få variasjonar. Då denne gruppa båtkundar var vekk etter svartedauen kunne båtbyggarane meir utvikle lokale båtar etter lokale behov.[7]

Mellom dei eldste bevarte båtane, nokre bygde på 1700-talet, finn vi stor lokal variasjon. Sjølv om saging av båtbord vart vanleg på 1500-talet,[8] heldt båtbyggarar mange stader fram med å hogge til båtbord., Det har særleg vore halsane og botnborda, som har vorte hogde. I enkelte båttypar er halsane vridne frå å vere omlag vertikale ved lott og kjøl, til nærmare horisontale der dei møter botnborda.. Mellom det lokale båttypane vi kjenner ser vi gjerne ei utvikling. Ofte er det brukarane, for det meste fiskarar, som ynskje særlege eigenskapar til båten sin, og båtbyggjaren finn praktiske løysingar.

Døme på det er utviklinga av nordfjordbåten frå kring 1850.Då byrja fiskarane med linefiske lenger til havs om somrane. For å få plass til linene, og for at båten skulle bere meir tyngd bak, måtte bakskuten gjerast lenger og fyldigare med høgare bording.[9] Om lag på same tid fekk dei største nordlansbåtane ny form. Dei vart bygde breiare og sjøsikrare. Lott fekk knappare krok og stamnar vart brattare.[10] At utviklinga heldt fram ser ein ved at på 1800-talet vart nye båttypar som listerbåtar, åfjordsbåtar og møringsbåtar vanlege.

Geografisk utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Båtbyggar arbeider på ein knärrbåt i Finland

I dag vert klinkbyggingtradisjonen halden i hevd fleire stader i Norden. Det er organisasjonar, institusjonar og interesserte personar som overfører tradisjon og kunnskap. Ein finn klinkbåtrelaterte aktivitetar i kyst- og havområde, fjordar, på øyar, elvar og vassdrag i Danmark, Færøyane, Finland, Island, Norge, Sverige og Åland. Det eksisterar samiske og kvenske tradisjonsberarar og miljø. Klinkbåttradisjonane lever og utanfor Norden, som i landa kring Nordsjøen og Østersjøen.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thomas Lund (2018). «En analyse av båtgraver fra jernalder i Nord-Norge» (PDF). - Masteroppgave i arkeologi: 21. 
  2. De nordiske klinkbåttradisjonene innskrevet på UNESCOs representative liste over menneskehetens immaterielle kulturar Forbundet KYSTEN
  3. «Information on the Bronze Age boats found at North Ferriby». ferribyboats.co.uk. Henta 14. september 2023. 
  4. B. Pedersen, Jekta - Eventyrets farkost, Museumsforlaget, 2019.
  5. Tom Rasmussen (2008). «Kravellteknikkens vei til Norge». I Torstein Arisholm; Morten Hesthammer; Åsmund Kristiansen; Tom Rasmussen. Kravellbygging i Norge, Historie, teknikk, utvikling. Hardanger Fartøyvernsenter. Norsk Sjøfartsmuseum. s. 27. ISBN 978-82-91828- 02-2. 
  6. Frode Sætre, red. (2019). Eventyrlege vikingskip. Bygde på Bjørkedalen. Segla av Ragnar Thorseth. Volda: Bjørkedal kystlag. s. 86-109. ISBN 978-82-692932-0-3. 
  7. Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4
  8. Bækkelund, , B. (red.), Tid for skog, Norsk skogbruksmuseum, Årbok nr 15, 2001.
  9. Ø. Færøyvik, Vestlandsbåtar - Frå oselvar til sunnmørsåttring, Norske båtar bind V, side 116, Grøndal & søn forlag AS, 1987.
  10. Nordlandsbåter, og båter fra Trøndelag. Av Asbjørn Klepp. Bind IV i serien NORSKE BÅTER. s. 137-140. Grøndahl, 1983. ISBN 82-504-0650-8
  11. «Det nordiske klinkbåt charteret» (PDF). Forbundet Kysten. Henta 3.oktober 2023. 
  • Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Charter for vern av nordiske klinkbåttradisjoner