Out of Order av Rod Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Out of Order
Studioalbum av Rod Stewart
Utgjeve 23. mai 1988
Innspelt 1987-1988
Sjanger Poprock
Lengd 51:30
Selskap Warner Bros.
Produsent Rod Stewart, Andy Taylor, Bernard Edwards
Rod Stewart-kronologi
Every Beat of My Heart
(1986)
Out of Order The Best of Rod Stewart
(1989)
Singlar frå Out of Order
  1. «Lost in You»
    Utgjeve: 15. april 1988
  2. «Forever Young»
    Utgjeve: 3. juli 1988
  3. «My Heart Can't Tell You No»
    Utgjeve: 22. september 1988
  4. «Crazy About Her»
    Utgjeve: 17. januar 1989
  5. «Dynamite»
    Utgjeve: 9. mars 1989
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauC[2]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Out of Order er det 15. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut i 1988. Det inneheld hitsinglane «Lost In You», «Forever Young», «My Heart Can't Tell You No» og «Crazy About Her». Albumet vart produsert av Stewart og medlemmar av The Power Station: gitaristen Andy Taylor (òg medlem av Duran Duran), og bassisten Bernard Edwards (tidlegare i Chic). Chic-trommeslagaren Tony Thompson spelar òg på plata.[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart teke positivt i mot av mange kritikarar etter ei rekkje heller svake album. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic kalla det «godt konstruert» og Rolling Stone kalla det eit «sjølvsikkert, velskrive og energisk verk».

Albumet nådde 20. plassen på Billboard 200, og selde etter kvart til dobbel platinaplate, som gjorde dette til det bestseljande Stewart-albumet i 1980-åra.

Kvar singel frå albumet nådde Topp 20 på anten Mainstream Rock Tracks-lista, Hot Adult Contemporary Tracks-lista eller Billboard Hot 100. Det vart filma og produsert musikkvideoar for kvar av dei. Den mest suksessrike singelen var «My Heart Can't Tell You No», som nådde topp fem på både Hot Adult Contemporary Tracks og Billboard Hot 100.[5]

NBC Sports brukte mykje «Forever Young» under idrettsreportasjar i 1988 og 1989. Strukturen i teksten til denne songen minna mykje om Bob Dylan-songen med same tittel. Då dette vart oppdaga vart songen sendt til Dylan for å høyre om han hadde noko problem med dette. Stewart og Dylan vart samde om å dele låtskrivinga for songen og dele honorara Stewart fekk for songen.

Albumet har seld meir enn ni millionar eksemplar verda over.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Lost In You»  Stewart, Andy Taylor 4:59
2. «The Wild Horse»  Stewart, Taylor 4:58
3. «Lethal Dose of Love»  Taylor, Stewart, Tony Brock 4:38
4. «Forever Young»  Jim Cregan, Kevin Savigar, Bob Dylan, Stewart 4:03
5. «My Heart Can't Tell You No»  Simon Climie, Dennis Morgan 5:12
6. «Dynamite»  Stewart, Taylor 4:16
7. «Nobody Knows You When You're Down and Out»  Jimmy Cox 3:50
8. «Crazy About Her»  Duane Hitchings, Cregan, Stewart 4:53
9. «Try a Little Tenderness»  Jimmy Campbell, Reginald Connelly, Harry M. Woods 4:27
10. «When I Was Your Man»  Savigar, Stewart 5:14
11. «Almost Illegal»  Stewart, Taylor 4:27

Medverkande[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Out of Order av Rod StewartAllmusic. Henta 4. juni 2018.
  2. Robert Christgau. «CG: Rod Stewart». RobertChristgau.com. Henta 4. juni 2018. 
  3. Ben Greenman (1988-08-11). «Out Of Order | Album Reviews». Rolling Stone. Henta 4. juni 2018. 
  4. [1]
  5. AllMusic