Tonight I'm Yours

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tonight I'm Yours
Studioalbum av Rod Stewart
Utgjeve 6. november 1981
Innspelt November 1980 - juni 1981
Sjanger Softrock, poprock, new wave
Lengd 41:10
Selskap Warner Bros. Riva
Produsent Jim Cregan, Rod Stewart
Rod Stewart-kronologi
Foolish Behaviour
(1980)
Tonight I'm Yours Absolutely Live
(1982)
Singlar frå Tonight I'm Yours
  1. «Tonight I'm Yours (Don't Hurt Me)»
    Utgjeve: 1981
  2. «Young Turks»
    Utgjeve: 1981
  3. «How Long?»
    Utgjeve: 1982
  4. «Jealous»
    Utgjeve: 1982
  5. «Just Like a Woman»
    Utgjeve: 1982
  6. «Tora, Tora, Tora (Out with the Boys)»
    Utgjeve: 1982
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauB[2]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]

Tonight I'm Yours er det 11. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut i 1981. Det inneheld element av klassisk rock, pop og new wave. Albumet hadde tre hitsinglar, med tittelsporet «Tonight I'm Yours (Don't Hurt Me)» (US Billboard nr. 20, US Cash Box nr. 15; Canada nr. 2[4]), «Young Turks» (US nr. 5) og «How Long?» (US nr. 49).

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Tonight I'm Yours utvikla Rod Stewart musikkstilen sin vidare, etter å ha spelt inn discosongarBlondes Have More Fun og Foolish Behaviour, og la til element av synthpop og new wave (som tittelsporet og «Young Turks»), men heldt seg elles til rockestilen sin. Albumet inneheld tre coverlåtar «Tear It Up», «How Long?» og «Just Like a Woman».

Songen «Never Give Up on a Dream» var dedisert til den kanadiske atleten Terry Fox, som sprang 5 342 km med protese i Marathon of Hope for å få inn pengar til kreftforsking. Fox døydde av kreft i 1981, det året albumet kom ut.

Musikkvideoen «Tonight I'm Yours» vart filma av den kjende australske musikkvideoregissøren Russell Mulchany[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet fekk stort sett grei kritikk og fekk fire av fem stjerner både av Rolling Stone då albumet kom ut[3] og i ei seinare melding på AllMusic.[1] På AllMusic har ingen av albuma til Stewart meir enn fire stjerner. Albumet har seld meir enn 10 millionar eksemplar verda over.

Albumet nådde 11. plassen på «Pop Album Charts» i USA og selde etter kvart til platina. Songen «Young Turks» var den største hitten frå albumet og nådde femteplassen på «Pop Singles»-lista. «Young Turks» og fire singlar til, «How Long?», «Jealous», «Tonight I'm Yours (Don't Hurt Me)» og «Tora, Tora, Tora (Out With The Boys)», nådde alle Topp 50 på «Pop Singles»- og «Mainstream Rock»-lista.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Tonight I'm Yours (Don't Hurt Me)»  Stewart, Jim Cregan, Kevin Savigar 4:09
2. «How Long»  Paul Carrack 4:12
3. «Tora, Tora, Tora (Out With The Boys)»  Stewart 4:29
4. «Tear It Up»  Dorsey Burnette, Johnny Burnette, David Burlinson 2:29
5. «Only a Boy»  Stewart, Jim Cregan, Kevin Savigar 4:09
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Just Like a Woman»  Bob Dylan 3:55
7. «Jealous»  Stewart, Carmine Appice, Jay Davis, Danny Johnson 4:30
8. «Sonny»  Stewart, Cregan, Kevin Savigar, Bernie Taupin 4:01
9. «Young Turks»  Stewart, Appice, Duane Hitchings, Kevin Savigar 5:04
10. «Never Give Up on a Dream»  Stewart, Cregan, Taupin 4:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Info frå Discogs.[6]

  • Rod Stewart – vokal
  • Jim Cregan – gitar (alle spor), korvokal
  • Robin LeMesurier – gitar (alle spor utanom «Tonight I'm Yours,» «Jealous,» og «Young Turks»)
  • Jeff Baxter – gitar på «Tonight I'm Yours», pedalsteelgitar på «Just Like a Woman»
  • Mark Knopfler – gitar på «Young Turks»[7]
  • Danny Johnson – gitar på «Jealous»
  • Byron Berline – fele på «Only a Boy»
  • Jimmy «Z» Zavala – munnspel, saksofon
  • Kevin Savigar – klaverinstrument
  • Duane Hitchings – klaverinstrument («Tonight I'm Yours» og «Young Turks»)
  • Jay Davis – bass
  • Carmine Appice – trommer («Tonight I'm Yours» og «Young Turks»), korvokal
  • Tony Brock – trommer (alle spor utanom «Tonight I'm Yours» og «Young Turks» der han spelte perkusjon), tamburin på «Never Give Up on a Dream,» korvokal
  • Paulinho da Costa – perkusjon
  • Tommy Vig – røyrbjøller
  • Penny Jones – soloist på «Never Give Up on a Dream»
  • Linda Lewis, The Penetcostal Community Choir – korvokal
  • Karat Faye- lydteknikar


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 AllMusic review
  2. «Robert Christgau: CG: rod stewart». www.robertchristgau.com. Henta 4. juni 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Tonight I'm Yours». rollingstone.com. Henta 4. juni 2018. 
  4. Canada, Library and Archives (11. juni 2018). «Item». bac-lac.gc.ca. Henta 4. juni 2018. 
  5. Song Facts om albumet
  6. Rod Stewart- Tonight I'm Yours @Discogs.com Henta 4-14-2013.
  7. «Interviews with Mark Knopfler from gitar magazines». ds.mk-guitar.com. Henta 4. juni 2018.