Forever Young av Rod Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Forever Young
av Rod Stewart
frå albumet Out of Order
Utgjeve 3. juli 1988
Sjanger Rock
Lengd 4:06
Selskap Warner Bros. Records
Låtskrivar(ar) Jim Cregan, Kevin Savigar, Bob Dylan, Rod Stewart
Produsent Rod Stewart, Andy Taylor
Rod Stewart-kronologi
«Lost in You»
(1988)
Forever Young «My Heart Can't Tell You No»
(1988)


«Forever Young» er ein song av Rod Stewart og den andre singelen frå Out of Order i 1988. Songen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og sjuandeplasssen på den kanadiske RPM-lista.

Strukturen i teksten til songen er særs lik Bob Dylan-songen med same tittel.[1] Då songen var ferdig og likskapen vart oppdaga, vart songen sendt til Dylan for å høyre om han hadde problem med dette. Dei to mennene vart samde om å dele eigarskapen til songen og honorara Stewart fekk for han.[2]

Stewart skreiv songen med to av medlemmane i bandet sitt: gitaristen Jim Cregan og klaverspelaren Kevin Savigar.

Stewart spelte inn ein rolegare versjon av songen i 1996 for samlealbumet If We Fall in Love Tonight, og ein versjon med Stewart på vokal og pianoakkompagnement finst på samlealbumet The Rod Stewart Sessions 1971-1998 frå 2009. Eit konsertopptak vart gjort for MTV Unplugged i 1993, men dette kom ikkje med på albumet etter konserten, Unplugged...and Seated. Han kom seinare ut som bonusspor på dette albumet i 2009. Eit anna konsertopptak frå 2013 på The Troubadour i West Hollywood kom ut på luksusutgåva av albumet Time.

I musikkvideoen til songen syng Stewart songen til eit barn på landsbygda i Amerika.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1988) Plassering
Australia 94
Canadian Singles Chart[3] 9
New Zealand Singles Chart 46
UK Singles Chart 57
U.S. Billboard Hot 100 12
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 3
U.S. Billboard Hot Mainstream Rock Tracks 13
U.S. Cash Box Top 100[4] 17

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]