Pave Kletus I

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kletus

Cletus
DåpsnamnAnenkletos
FøddTidspunkt ukjent
Sannsynlegvis Hellas
DødCa. 88
Roma
ValdCa. 76
InnsettCa. 76
Saligkåra:Kort tid etter sin død.
Heilagkåra:Kort tid etter sin død.
Festdag:26. april
Føregangar:Linus
Etterfylgjar:Klemens I

Kletus (død ca. 88) var pave frå ca. 76 til han døyde. Han var den tredje paven.

Kletus I heitte eigentleg Anakletus, men på norsk er han tradisjonelt kjend under kortforma. Namnet, på gresk Anenkletos, betyr «ulasteleg», og var eit namn som stort sett vart brukt av slavar. Det er derfor rekna som mogleg at han var ein frigjeven slave, eller at far hans hadde vore slave.

Opplysningane som finst om han er sparsame og usikre. Han skal ha ordinert ein del prestar, delt inn Roma i 25 kyrkjesokn, sett opp reglar for vigsling av biskopar og for klesdrakta til presteskapet, og bygd eit oratorium ved grava til apostelen Peter grav på Vatikanhøgda.

Nokre eldre pavelister reknar han ikkje som pave, men som stadfortredar for Klemens I under hans lange fråvær frå Roma. I andre lister dukkar han opp to gonger, både som Kletus og Anakletus. I ein lang periode hadde han to minnedagar i den liturgiske kalenderen: 26. april som Kletus og 13. juli som Anakletus. Sistnemnte minnedag er nå avskaffa.

Ifølgje tradisjonen leid han martyrdøden under keisar Domitian (81–96), men det finst ikkje noko belegg for dette.

Han vart rekna som helgen umiddelbart etter sin død. I kunsten har han attributta palme (martyrsymbol), pavekors og ein mynt som han knuser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]