Pave Pius VII

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pius VII
Pie VII peut être le 3ieme exemplaire personnel de David 71 X 87 sur toile.jpg
Pius VII
Dåpsnamn Giorgio Barnaba Luigi Chiaramonti
Fødd 14. august 1740
Cesena
Død 20. august 1823
Roma
Vald 14. mars 1800
Innsett 21. mars 1800
Føregjengar: Pius VI
Etterfylgjar: Leo XII

Pius VII (14. august 174020. august 1823) var pave frå 14. mars 1800 til han døydde i 1823. Han var den 251. i paverekkja. Sentralt i pavetida hans var tilhøvet til Frankrike under Napoleon, som hadde stor makt over pavestaten.

Paven og regimet til Napoleon inngjekk avtalen kjend som Konkordatet i 1801. I 1804 blei Pius VII tvinga til å reisa til Paris for å krona Napoleon til keisar i ein seremoni der Napoleon sjølv sette krona på hovudet sitt. I 1806 erklærte Napoleon at ettersom han var keisar, var paven de facto undersåtten hans, og han forventa at paven ville gripa inn mot motstandarane til Napoleon som oppheldt seg i Kyrkjestaten. Frå 1808 okkuperte styrkane til Napoleon denne staten. Natt til 6. juli 1809 blei paven arrestert og halden i fangenskap i nesten fem år. I denne tida forsøkte Napoleon ei rekkje gonger å få makt over den katolske kyrkja.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Paven var fødd som Barnaba Chiaramonti i ein adelsfamilie i Cesena i det nordlege Italia. Far hans var grev Scipione Chiaramonti, medan mora Giovanna Ghini kom frå den adelige Ghinislekta.

Chiaramonti blei utdanna ved Collegio dei Nobili i Ravenna og teken opp som novise i benediktinarordenen i 1756 i klosteret Santa Maria del Monte ved Cesena som 14-åring. To år seinare blei han fullt medlem og tok klosternamnet Gregorio. 21. september 1765 blei han prestevigd, og kort tid etter fullførte han doktorgraden i teologi. Deretter blei han professor ved seminaret til ordenen i klosteret San Giovanni i Parma. I 1775 vende han tilbake til Roma og kollegiet Sant' Anselmo, og blei professor og titulærabbed der.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Pave Pius VII med kardinal Caprara, 1805. Måleri av Jacques-Louis David

Deretter følgde ei rekkje raske forfremmingar etter at ein ven av familien, kardinal Giovanni Braschi, var blitt utnemnd til pave Pius VI. Gregorio Chiaramonti blei først abbed ved klosteret San Callisto i Roma, og deretter biskop av Tivoli og så av Imola. I februar 1785 blei han utnemnd til kardinal.

Ved den franske invasjonen av Nord-Italia i 1796 gjekk kardinal Chiaramonti offentleg ut mot nyttelaus motstand mot overmakta. Då byen Lugo likevel sette seg til motverge og som straff blei herja av soldatane, gjorde kardinalen knefall for den franske generalen Augereau som innstilte plyndringa. Kardinalen oppfordra også til at ein skulle underkasta seg den nye cisalpinske republikken, ettersom det ikkje var nokon motsetnad mellom læra til den katolske kyrkja og eit demokratisk styresett.

Pave[endre | endre wikiteksten]

Etter at Pius VI døydde i fransk fangenskap i Valence ved Rhône den 28. august 1799, møtte konklavet den 30. november. Etter ordre frå den avdøde paven skulle dette finna stad i den byen der det var flest kardinalar då han døydde, noko som viste seg å vera Venezia. Dei 35 kardinalane kom saman i benediktinarklosteret San Giorgio på ei øy der. Valet stod under austerriksk vern og press. Det fanst både eit franskvennleg og eit austerrikskvennleg parti, og prosessen gjekk etterkvart i stå då begge sider blokkerte uønskte kandidatar. Chiaramonti blei til slutt føreslått som ein «nøytral» kandidat, og vald den 14. mars 1800. Han tok namnet Pius VII og blei krona den 21. mars med ein provisorisk tiara (pavekrone) laga av pappmasjé.

Pave Pius VII kom til sin nye bispeby, Roma, den 3. juli 1800. Kort tid før hadde han gjenvunne Kyrkjestaten, som fram til då hadde vore underlagt dels austerriksk, dels napolitansk kontroll. I august utnemnde han Consalvi til kardinal og permanent statssekretær. Ein annan av hans næraste rådgjevarar var den spanske kardinalen Francisco Antonio de Lorenzana.

Regjeringa til Pius VII og Consalvi gjorde slutt på skikken med å skaffa mat til folket til kontrollerte, låge prisar, men innførte i staden frihandel, kontroll med pengeverdien og tilsette mange lekfolk i regjeringskontora. Arbeid for forskjønning av byen kom i gang, gamle monument blei restaurert, og musea blei fylt med statuar funnet under utgravingane som no kom i gang.

I 1801 inngjekk Den heilage stolen og revolusjonsregimet til Napoleon eit konkordat som regulerte den franske kyrkja sitt tilhøve til Roma. Etter lange forhandlingar blei dette konkordatet underskrive den 15. juli 1801 etter ein konflikt som hadde byrja under den franske revolusjonen. Konkordatet av 1801 nyregulerte bispedømestrukturen i Frankrike og i nokre delar av områda Napoleon hadde erobra. Det erklærte samstundes at Frankrike hadde religionsfridom. Samstundes tilføyde Napoleon 77 såkalla «organiske artiklar» til fordel for seg sjølv, til dømes ved å forby eikvar paveleg rettsakt i Frankrike som ikkje var blitt godkjent av styret i landet. Paven makta heller ikkje å få Napoleon til å tillata gjenopprettinga av Kyrkjestaten.

Etter freden i Lunéville i 1801 kompenserte fleire tyske fyrstar med å ta fleire kyrkjelege landområde i Tyskland. Den 16. september 1803 blei det underteikna eit konkordat med Den cisalpinske republikken, men for Det tyske riket gav konkordatsplanane ikkje noko resultat.

I 1804 tvinga Napoleon paven til å reisa til Paris for å krona han til keisar. Dette bidrog til å byggja opp det spenningsfylte forholdet mellom dei. Før Pius la ut på den lange reisa til Frankrike, underteikna han ein hemmeleg, kondisjonell abdikasjon frå paveembetet som skulle tre i kraft dersom Napoleon ikkje heldt ordet sitt og heldt han frå å venda tilbake til Roma.

Paven kom ikkje tilbake til Roma før 16. mai 1804 med eit klarare inntrykk av Napoleon og hans manglande respekt for konkordatet. I 1806 blei striden trappa opp då Napoleon erklærte at ettersom han var keisar, var paven de facto undersåtten hans, og forventa å gripa inn mot Napoleon sine motstandarar som heldt til i Kyrkjestaten. Paven protesterte diplomatisk, men tydelig mot begge delar, og heldt seg frå å ta stilling for nokon av partene i Napoleonskrigane.

Fangenskap[endre | endre wikiteksten]

Gravering av Napoleon og pave Pius ved konkordatet i Fontainebleau.

24. mai 1807 utførte pave Pius VI det som skulle visa seg å bli hans einaste heilagkåringar, av Angela Merici, Benedikt mauraren, Colette Boylet, Frans Carácciolo og Hyacinta Mariscotti. I 1808 okkuperte styrkane til Napoleon kyrkjestaten, og 17. mai 1809 forordna Napoleon at staten skulle annekterast og innlemmast i det franske keisarriket. 10. juni fira franskmennene paveflagget over Castel Sant'Angelo. Pave Pius svara med å hengja opp plakatar over heile Roma der han proklamerte at Napoleon var blitt ekskommunisert. Napoleon svara med å arrestera paven og støttespelaren hans, kardinal Pacca, natt til 6. juli. Før klokka 4 om morgonen blei dei ført ut av Roma; paven til Savona og Pacca til Fenestrelle.

Napoleon prøvde å halde ekskommuniseringa og fangenskapet hemmelege. Men sjølv om avisene haddd forbod mot å nemna det, fekk ein smugla bannbullen til Lyon og han vart sirkulert i Frankrike av medlemmar av ein ny presteorden, lazaristane. Paven nekta også å utnemna nye biskopar til 20 bispestolar som etterkvart stod tomme, ettersom han hevda han ikkje kunne ha meiningsfylte konsultasjonar om kven som burde utnemnast, i fangenskap. Napoleon utnemnde då eit kyrkjeleg råd, leia av kardinal Fesch, som skulle føreta dei nødvendige utnemningane i Frankrike og etterkvart også i Tyskland og Italia.

I 1810 gjekk keisaren inn for ei ordning der paven skulle få ei rekkje æresbevis mot å godkjenna dei såkalte gallikanske artiklane som skulle gje den franske staten avgjerande mynde over kyrkja, og som innebar at paven måtte bu i Paris. Alle kardinalane som framleis var i Roma, blei henta til Paris, og det same blei arkiva frå Vatikanet. Dei 27 kardinalane som etterkvart oppheldt seg i den franske hovudstaden, blei smigra og prøvd bestukne, men nekta å skriva til paven for å overtala han om å gje etter på råd frå kardinal Consalvi.

Napoleon sitt ønske om å skifta ut den barnlause kona si Josephine med ei anna ved å få ekteskapet kjend ugyldig kunne ikkje finna stad så lenge Napoleon var ekskommunisert. Pave Pius nekta å gjera noko med dette og andre krav trass massivt påtrykk, og gjekk ved eit høve til sveltestreik. Gjennom den meir medgjerlige kardinal Cambacérès prøvde Napoleon å få erkebispedømet Paris til å ta prosessen, utan hell. Annulleringa kunne berre skje gjennom vitnesbyrd frå Napoleon sin onkel, kardinal Fesch, og andre tvilsame vitne. Mange kardinalar nekta å koma til Napoleon sitt andre bryllaup, med erkehertuginne Marie Louise av Austerrike, og blei straffa av keisaren med forvising til ulike franske provinsbyar, inndraging av eigedom og forbod mot å bera dei raude kardinaldraktane. Desse blei kjende som «svarte kardinalar» fordi dei gjekk i vanlege presteklede.

I juni 1812 flytta Napoleon paven til slottet Fontainebleau, der han blei tvinga til å underskriva eit audmjukande konkordat den 25. januar 1813. To månader etter sa han opp dette konkordat. Napoleon blei nedkjempa i 1814, og pave Pius vende tilbake til Roma.

Paven vender tilbake til Roma.
Pius VII, 1819. Måleri av Thomas Lawrence.

Restaurasjon og fornying[endre | endre wikiteksten]

Jesuittordenen, som var blitt oppheva i 1773, hadde søkt tilflukt i Russland. I 1801 hadde paven gjort dette kyrkjerettsleg legalt ved å gjenoppretta ordenen formelt med skrivet Catholicæ Fidei den 7. mars. I 1804 gjenoppretta han ordenen også for dei sameinte kongedøma Dei to Sicilia i Sør-Italia. 7. august 1814 fullførte Pius VII gjenopprettinga av jesuittordenen, eitt av mange tiltak som bidrog til å forsterka stillinga til pavedømet og den katolske kyrkja. Kardinal Consalvi deltok under Wienerkongressen frå september 1814 til juni 1815, og lykkast uten større vanskar i å få Kyrkjestaten restituert. Berre Avignon og Venaissin blei verande under fransk kontroll, og ei lita stripe land ved Ferrara blei kontrollert av Austerrike, mot protetar frå Pavestolen. Stilltiande gav kyrka avkall på å få tilbakeført sekularisert kyrkjegods, sjølv om ho prinsipielt fordømte denne sekulariseringa i ei rekkje land som kyrkjerov.

Pius VII gjennomførte den kyrkjelege nyordninga av Europa med stor tilpassingsdyktigheit. Han lét Consalvi framforhandla avtalar også med Bayern (1817), Preussen og fyrstane ved øvre Rhindalen (1821), Hannover (1823), Sardinia (1817), og Begge Sicilia (1818). Etter langvarige forhandlingar med kong Ludvig XVIII av Frankrike kunne paven ved bullen Paternæ Caritatis den 6. oktober 1822 gjenoppretta 30 bispedøme som var blitt nedlagde av sivilkonstitusjonen om kleresiet under den franske revolusjonen. Han anerkjende også dei nye søramerikanske republikkane som hadde lausrive seg frå Spania.

I 1817 hadde paven reorganisert den såkalla «Propagandakongregasjonen», det sentralkyrkjelege organet som dirigerte det meste av den katolske misjonsverksemda. Han reorganiserte dei pavelege misjonsselskapa og oppfordra ordenssamfunna til å fornya seg.

15. august 1814 hadde kardinalane Pacca og Consalvi fordømt dei hemmelige selskapa som frimureriet og det italienske carbonariane. Dette var i pavens ånd, og seinare sende han ut den apostoliske konstitusjonen Ecclesiam a Jesu Christo (13. september 1821) mot frimurarane og carbonariane. Den antiklerikalt prega revolusjonen som braut ut i Spania i 1820, skulle valda Pavestolen stor uro, og hadde fått sterk tilslutnad frå carbonariane i Napoli. Dette var eit problem som i det vesentlege gjekk i arv til den påfølgjande paven.

Under pave Pius VII blei Roma ein ynda verestad for europeiske kunstnarar som venezianske Canova, danske Thorvaldsen og tyske Overbeck, Pforr, Schadow, Veit og von Cornelius. Pius VII auka Vatikanbiblioteket med mange manuskript og trykte verk, gjenopna dei engelske, skotske og tyske kollega og etablerte nye lærestolar ved Collegio Romano.

Mot slutten av pontifikatet hadde pavedømet gjenetablert seg som ei leiande kraft i Vesten. Overtrampa han hadde stått imot frå Napoleon hadde også vore med på å styrka det moralske omdømet hans. Prestisjen blei understreka av fleire høgståande visittar: Keisaren og keisarinna av Austerrike kom med dotter si på offisielt besøk til paven i 1819, kongen av Napoli vitja Roma i 1821, og året etter kom kongen av Preussen. Den blinde Karl Emmanuel IV av Savoia og kong Karl IV av Spania og dronninga hans budde fast i «Den evige Stad». Det gjorde også prinsesse Letitia, mor til den avsette keisar Napoleon, brørne hans Lucien og Louis, og onkelen kardinal Fesch. Paven viste også storsinn mot Napoleon sjølv då han bad kardinal Consalvi tala med britane om å betra fangekåra hans på St. Helena. Då han blei informert om Napoleon sitt ønskje om å få støtte frå ein katolsk sjelesørgar, sende han abbed Vignali til han som personleg kapellan.

Død og gravlegging[endre | endre wikiteksten]

Pave Pius VII av Thorvaldsen.

6. juli 1823 hadde Pius VII eit fall i leilegheiten sin og brakk lårbeinet. Han blei lagt i sjukeleie som han aldri skulle reisa seg frå. Medan han låg sjuk, brann den storslagne romerske Paulusbasilikaen utanfor murane ned til grunnen, men ein skåna han frå å få høyra om dette.

Pius VI døydde den 20. august 1823 i Roma, med kardinal Consalvi ved si side. Leivningane hans blei framsynte og gravlagde i Peterskyrkja. Gravmælet hans der frå 1831 blei utført av den protestantiske kunstnaren Bertel Thorvaldsen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]