Prophets, Seers & Sages – The Angels of the Ages

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prophets, Seers & Sages: The Angels of the Ages
Studioalbum av Tyrannosaurus Rex
Utgjeve 14. oktober 1968
Innspelt April–august 1968
Studio Trident i London
Sjanger Psykedelisk folk
Lengd 30:22
Selskap Regal Zonophone
Produsent Tony Visconti
Tyrannosaurus Rex-kronologi
My People Were Fair and Had Sky in Their Hair... But Now They're Content to Wear Stars on Their Brows
(1968)
Prophets, Seers & Sages: The Angels of the Ages Unicorn
(1969)


Prophets, Seers & Sages: The Angels of the Ages er det andre albumet til det psykedeliske folk-bandet Tyrannosaurus Rex, som bestod av Marc Bolan (vokal, gitar) og Steve Peregrine Took (bongotrommer, afrikanske trommer, kazoo, pixiephone, kinesisk gong). Det kom ut 14. oktober 1968 på Regal Zonophone.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Prophets, Seers & Sages vart spelt inn frå april til august 1968 i Trident Studios i London med Tony Visconti som produsent.

Albumet opna med ei nyinnspeling av den første singelen til Tyrannosaurus Rex, «Debora», endra med å spele inn lydbandet baklengs i delar av sporet, noko som er indikert i den nye tittelen «Deboraarobed».

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Prophets, Seers & Sages kom ut 14. oktober 1968 på Regal Zonophone, men gjekk ikkje inn på salslistene.[1]

Albumet kom ut i både mono og stereo.[2]

Albumet vart sidan gjeven ut i lag med My People Were Fair and Had Sky in Their Hair... But Now They're Content to Wear Stars on Their Brows (1968) i 1972 som dobbeltalbumet Tyrannosaurus Rex: A Beginning, etter at T. Rex hadde fått suksess med Electric Warrior (1971) og The Slider (1972). Denne nye utgåva av albumet nådde førsteplassen på den britiske albumlista.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Tiny Mix Tapespositiv[4]

I ei seinare melding skreiv AllMusic at «albumet leverte nokre av dei mest resonante songane til Marc Bolan. Den alt klassiske popen i opninga 'Deboraarobed' er vidare gjort verdig ved at sporet glir inn i same songen spelt baklengs, eit ganske banebrytande grep på den tida då sjølv Beatles gravla slike eksperiment djupt i miksen». Meldaren konkluderte med å sei at «Bolan fann det rett og slett opp og laga i prosessen eit heilt nytt språk -- halvt tull, halvt mysterium, men fullstendig berusande.[3] Tiny Mix Tapes skreiv at det var eit psykedelisk folk-album med «intens bongo-action» og «sterk korvokal». Dei skreiv òg at «Prophets er framleis eit tidlaust album for alle» og at dei originale arrangementa sikra det «eit langt liv for mange komande generasjonar».[4]

«Debora», den originale innspelinga av «Deboraarobed», vart nytta i Edgar Wright-filmen Baby Driver i 2017.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Marc Bolan.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Deboraarobed»3:33
2.«Stacey Grove»1:59
3.«Wind Quartets»2:57
4.«Conesuala»2:25
5.«Trelawny Lawn»1:46
6.«Aznageel the Mage»1:59
7.«The Friends»1:19
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Salamanda Palaganda»2:15
2.«Our Wonderful Brownskin Man»0:51
3.«Oh Harley (The Saltimbanques)»2:19
4.«Eastern Spell»1:41
5.«The Travelling Tragition»1:48
6.«Juniper Suction»1:13
7.«Scenescof Dynasty»4:07

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]