Get It On

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Get It On
Singel av T. Rex
frå albumet Electric Warrior
B-side

«There Was a Time» / «Raw Ramp»

Språk engelsk
Utgjeve 2. juli 1971
Sjanger
Lengd 4:25
Selskap Fly (Storbritannia)
Reprise (USA)
Komponist Marc Bolan
Tekstforfattar Marc Bolan
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Produsent Tony Visconti
T. Rex-kronologi 
«Hot Love»
(1971)
Get It On «Jeepster»
(1971)


«Get It On» er ein song av den britiske glamrockgruppa T. Rex frå albumet Electric Warrior i 1971. Han var skriven av frontmannen Marc Bolan og vart den andre førsteplassen T. Rex klarte i Storbritannia. I Noreg nådde songen sjetteplassen på VG-lista. I USA vart songen omdøypt til «Bang a Gong (Get It On)» for at han ikkje skulle forvekslast med ein annan song med same namn av Chase. Songen er kanskje den mest kjende av T. Rex.

B-sida til singelen var «Raw Ramp».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bolan hevdar å ha skrive songen ut av eit ønske om å spele inn Chuck Berry sin «Little Queenie», og sa at riffet er henta frå Berry-songen. Faktisk vert ei linje, And meanwhile, I'm still thinking, frå «Little Queenie» sagt medan «Get It On» tonar ut.[3]

Dette var songen som meir eller mindre enda den ein gong så gode venskapen mellom Bolan og John Peel, etter at Peel omtalte mangelen sin på entusiasme for songen på lufta etter å ha fått ei tidleg utgåve av singelen. Bolan og Peel snakka berre i lag ein gong etter dette før Bolan døydde i 1977.[4]

Under ei framføring på Top of the Pops, spelte Elton John piano på songen. Pianoet på plata vart spelt av Rick Wakeman. Wakeman var i desperat pengemangel på denne tida og trefte tilfeldigvis Bolan på gata og spurte om han kunne få spele med han. Wakeman påpeikte for Tony Visconti at songen eigentleg ikkje trengde ein pianist. Visconti foreslo at han kunne lage ein glissando. Wakeman sa at Visonti kunne klare det sjølv, då Bolan svarte, «du vil ha pengar til husleiga di, vil du ikkje». Wakeman tente 9 pund på innspelinga.[5]

I mars 2005 plasserte Q magazine «Get It On» på 36. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971–72) Plassering
UK Singles Chart 1
Australian Singles Chart 14
Kanadiske RPM Top Singles 12
Tyske GfK-lista[6] 3
Nederlandsk Topp 40[7] 15
Irish Singles Chart[8] 1
Norske VG-lista[9] 6
Den sveitsiske singellista[10] 3
US Billboard Hot 100 10
US Cash Box Top 100 12

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australia 89
UK 11
Liste (1972) Plassering
US Billboard Hot 100[11] 56
US Cash Box[12] 58

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[13] Gull 400 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

The Power Station-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Get It On
Singel av The Power Station
frå albumet The Power Station
B-side

Go to Zero

Språk engelsk
Utgjeve 29. april 1985
Innspelt 1984
Sjanger Hardrock
Lengd 5:31 (album)
3:43 (singel)
Selskap Parlophone
Komponist Marc Bolan
Tekstforfattar Marc Bolan
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Produsent Bernard Edwards
The Power Station-kronologi 
«Some Like It Hot»
(1985)
Get It On «Communication»
(1985)


«Get It On» vart spelt av The Power Station i 1985. Versjonen deira - kalla «Get It On (Bang a Gong)» i USA – vart gjeven ut som den andre singelen frå debutalbumet deira. Songen gjorde det godt i USA og nådde niandeplassen på Billboard Hot 100 sommaren 1985.[14] I Storbritannia nådde songen 22. plassen på UK Singles Chart.[15]Robert Palmer høyrde at andre Power Station-medlemmar hadde spelt inn ein demo av songen, spurte han om han kunne få prøve å syngje vokal på songen. Bandet fekk så Palmer til å syngje på heile albumet.[16] Singelen vart ein av signaturlåtane til bandet.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Australia (Kent Music Report)[17] 8
US Billboard Hot 100[14] 9
US Billboard Top Rock Tracks[14] 19
US Billboard Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales[14] 47
Irish Singles Chart[18] 12
UK Singles Chart[15] 22

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre band som har spelt songen er Top of the Poppers, Blondie, Witch Queen, Aerosmith-gitarist Joe Perry, The Boomtang Boys, Los Bunkers, Ministry, Cinema Bizarre, Porno Graffitti og Carlos Santana.

Sampling og referanse[endre | endre wikiteksten]

Den britiske dance-gruppa Bus Stop (i USA kalla «London Bus Stop») sampla vokalen frå T. Rex-originalen på deira delvis cover av songen i 2000. Denne nådde 59. plassen i Storbritannia.[19]

I media[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Professor Sarah Niblock; Professor Stan Hawkins (28. januar 2013). Prince: The Making of a Pop Music Phenomenon: The Making of a Pop Music Phenomenon. Ashgate Publishing, Ltd. s. 44. ISBN 978-1-4094-9479-9. Henta 3. oktober 2015. 
  2. Goodman, William (3. juli 2013). «Beck Covers Michael Jackson & T. Rex». Fuse. Fuse Media, Inc. Henta 3. oktober 2015. 
  3. Paytress, Mark, "Bolan: The Rise And Fall Of The 20th Century Superstar", s. 182, Omnibus Press (2003), ISBN 978-0711992931
  4. Paytress, Ibid., s. 182-83, Peel, John, Margrave of the Marshes, s.236, 238-9, Bantam Press (2005), ISBN 978-0593052525
  5. «The Birth of Glam». The Glory of Glam. 29. juni 2010. BBC. BBC Radio Two. 
  6. «dutchcharts.nl – T. Rex – Get It On» (på nederlandsk). Henta 12. juli 2009. 
  7. «Nederlandse Top 40 – Week 36, 1971» (på nederlandsk). Henta 12. juli 2009. 
  8. «irishcharts.ie search results». Arkivert frå originalen 5. januar 2010. Henta 2. juli 2009. 
  9. «norwegiancharts.com – T. Rex – Get It On». Henta 12. juli 2009. 
  10. «T. Rex – Get It On – hitparade.ch» (på tysk). Henta 12. juli 2009. 
  11. «Top 100 Hits of 1972/Top 100 Songs of 1972». www.musicoutfitters.com. Arkivert frå originalen 27. april 2017. Henta 14. august 2017. 
  12. «Cash Box YE Pop Singles - 1972». tropicalglen.com. Arkivert frå originalen 28. september 2018. Henta 14. august 2017. 
  13. «British single salstrofé – T-Rex – Get It On». British Phonographic Industry.  Enter Get It On in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 «allmusic ((( The Power Station > Charts & Awards > Billboard Singles )))». Henta 16. juli 2021. 
  15. 15,0 15,1 «The Official Charts Company – Power Station – Get It On». Henta 16. juli 2021. 
  16. «allmusic ((( The Power Station > Biography )))». Henta 16. juli 2021. 
  17. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, NSW: Australian Chart Book. s. 235. ISBN 0-646-11917-6. 
  18. «irishcharts.ie search results». Arkivert frå originalen 5. januar 2010. Henta 16. juli 2021. 
  19. «The Official Charts Company – Bus Stop Featuring T Rex – Get It On». Henta 16. juli 2021.