Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow
Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow - A Creamed Cage in August Studioalbum av Marc Bolan & T.Rex | ||
Utgjeve | 1. februar 1974 | |
Innspelt | 1973 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 46:17 | |
Selskap | EMI / T.Rex Wax Co BLNA 7751 | |
Produsent | Tony Visconti | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Marc Bolan & T.Rex-kronologi | ||
Tanx (1973) |
Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow - A Creamed Cage in August | Light Of Love (1974)
|
Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow - A Creamed Cage in August er eit studioalbum av Marc Bolan & T.Rex frå februar 1974.[1]
På denne tida hadde Marc Bolan starta å miste grepet om Storbritannia, av to årsaker: Han prøvde heile tida å slå igjennom i USA (som førte til færre forsøk på å gjere det bra i Storbritannia= og han ønskte å utvide lydbiletet til T. Rex. Dette kan ein sjå alt på Tanx frå 1973, med fleire gitareffektar, akkordendringar, strykearrangement og andre stuiotriks som Bolan ikkje hadde nytta før.
Han hadde lytta til mykje amerikansk soul og R&B, utan tvil påverka av den nye kjærasten og koristen han hadde leigd inn for turneen sin i USA i 1973, Gloria Jones. Desse nye stilane, sett i ettertid, kom halvtanna år før David Bowie sitt banebrytande «Young Americans», som ofte vert rekna som den med suksessfulle overgangen mellom britisk glamrock (som no vart mindre populær) til radiovennleg, soulaktig poprock.
Songane synte ei mørkare stemning enn på dei tidlegare utgjevingane til Bolan, med songen «Venus Loon» som har eit ganske grotesk tema. Musikken er òg meir ambisiøs og kompleks, og inneheld nokre av dei lengre gitarsoloane til Bolan.
Albumet delte tilhengjarar og kritikarar i to leirar, der den eine vart verande med han til han døydde, medan den andre såg på han som eit utvaska tenåringsidol. Singelen frå albumet, «Teenage Dream», nådde berre 13. plass i Storbritannia, som må sjåast i etterkant av alle Topp 5-hittane han hadde i åra før.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Marc Bolan.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Venus Loon» | 3:01 |
2. | «Sound Pit» | 2:50 |
3. | «Explosive Mouth» | 2:26 |
4. | «Galaxy» | 1:48 |
5. | «Change» | 2:47 |
6. | «Nameless Wildness» | 3:06 |
7. | «Teenage Dream» | 5:45 |
8. | «Liquid Gang» | 3:17 |
9. | «Carsmile Smith & the Old One» | 3:16 |
10. | «You've Got to Jive to Stay Alive» | Spanish Midnight |
11. | «Interstellar Soul» | 3:26 |
12. | «Painless Persuasion v. the Meathawk Immaculate» | 3:26 |
13. | «The Avengers (Superbad)» | 4:28 |
14. | «The Leopards Featuring Gardenia and the Mighty Slug» | 3:36 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
15. | «The Groover» | 3:24 |
16. | «Midnight» | 2:49 |
17. | «Truck On (Tyke)» | 3:09 |
18. | «Sitting Here» | 2:21 |
19. | «Satisfaction Pony» | 2:49 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: