Tanx
Tanx Studioalbum av T. Rex | ||
Utgjeve | 16. mars 1973 | |
Innspelt | Oktober-desember 1972 Strawberry Studios i Paris; EMI Toshiba Studios i Tokyo; AIR Studios i London | |
Sjanger | Glamrock, rock and roll | |
Lengd | 35:03 | |
Selskap | EMI / T.Rex Wax Co (UK) BLN 5002 Reprise (US) | |
Produsent | Tony Visconti | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
T. Rex-kronologi | ||
The Slider (1972) |
Tanx | Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow (1974)
|
Tanx er det åttande albumet til det britiske rockebandet T. Rex og kom ut i 1973.[1] Tanx vart ein hit i Storbritannia og Europa, men klarte ikkje å gjenskape suksessen med The Slider i USA, og nådde berre 102. plass på lista der. Albumet fekk heller lunken kritikk og kritikarane sa at den meir vaksne, mørkare stilen var ei heilt ny retning samanlikna med den unike, melodiøse rock and roll-stilen som hadde gjort bandet kjend.
Tanx forutdaterar punk på fleire måtar med stort sett mørke og aggressive songar, og kortare songar enn på dei førre to T. Rex-albuma (Electric Warrior og The Slider). 9 av songane er kortare enn tre minuttar. Tanx var òg det første albumet deira med element av soul, som vart vidare utforska på det neste albumet, Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow og seinare T. Rex-album. Bolan starta her og fjerne seg frå glamrockstilen han var med på å skape og popularisere, og fjerna seg frå glam nesten to år tidlegare enn David Bowie, som flytta seg mot soul med Young Americans i 1975.
Den populære singelen frå denne tida, «20th Century Boy», var ikkje med på albumet.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Marc Bolan.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Tenement Lady» | 2:55 |
2. | «Rapids» | 2:48 |
3. | «Mister Mister» | 3:29 |
4. | «Broken Hearted Blues» | 2:02 |
5. | «Shock Rock» | 1:43 |
6. | «Country Honey» | 1:47 |
7. | «Electric Slim and the Factory Hen» | 3:03 |
8. | «Mad Donna» | 2:16 |
9. | «Born to Boogie» | 2:04 |
10. | «Life is Strange» | 2:30 |
11. | «The Street and Babe Shadow» | 2:18 |
12. | «Highway Knees» | 2:34 |
13. | «Left Hand Luke and the Beggar Boys» | 5:18 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
14. | «Children of the Revolution» | 2:30 |
15. | «Jitterbug Love» | 2:59 |
16. | «Sunken Rags» | 2:54 |
17. | «Solid Gold Easy Action» | 2:20 |
18. | «Xmas Riff» | 0:11 |
19. | «20th Century Boy» | 3:41 |
20. | «Free Angel» | 2:12 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Marc Bolan - vokal, gitar
- Mickey Finn - conga, handperkusjon, vokal
- Steve Currie - bass
- Bill Legend - trommer
- Tony Visconti - mellotron, strykearrangment
- Howard Casey - saksofon
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tanx» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: