Light of Love
Light of Love Studioalbum av T. Rex | ||
Utgjeve | 1974 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 34:36 | |
Selskap | Casablanca Records | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
T. Rex-kronologi | ||
Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow (1974) |
Light of Love | Bolan's Zip Gun (1975)
|
Light of Love var eit album som berre kom ut i USA av T. Rex i 1974.[1] Det består av songar som tidlegare vart gjeven ut i Storbritannia på Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow, i lag med songar spelt inn våren 1974 i Music Recorders Inc. Studios i Hollywood. Innspelingane vart produserte av Marc Bolan sjølv, og var det første albumet til T.Rex utan Tony Visconti som produsent.
Trass i mykje marknadsføring og ein turne i USA, gjekk ikkje Light of Love inn på lista i USA. Årsakene er omstridde, men det enda forsøka til Bolan på å slå igjennom i USA for godt. Etter dette konsentrerte han seg om Storbritannia igjen (der karrieren var på veg oppover att). Dei nyinnspelte songane kom ut på Bolan's Zip Gun. Ironisk nok kan importerte versjonar av Light of Love ha påvrka salet av Bolans Zip Gun negativt.[2]
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Marc Bolan.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Light of Love» | 3:16 |
2. | «Solid Baby» | 2:37 |
3. | «Precious Star» | 2:51 |
4. | «Token of My Love» | 3:39 |
5. | «Space Boss» | 2:47 |
6. | «Think Zinc» | 3:21 |
7. | «Till Dawn» | 3:01 |
8. | «Teenage Dream» | 4:58 |
9. | «Girl in the Thunderbolt Suit» | 2:19 |
10. | «Explosive Mouth» | 2:25 |
11. | «Venus Loon» | 3:02 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Marc Bolan – gitar, vokal
- Steve Currie – bass
- Mickey Finn – Perkusjon, conga, vokal, handperkusjon
- Gloria Jones - clavinet, korvokal
- Davey Lutton - trommer
- Paul Fenton - trommer på «Solid Baby»
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Light of Love» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.discogs.com/T-Rex-Light-Of-Love/master/217383
- ↑ Light of Love CD booklet notes by Mark Paytress, March 1995