Bolan's Zip Gun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bolan’s Zip Gun
Studioalbum av T. Rex
Utgjeve 16. februar 1975
Innspelt 1974
Studio MRI, Hollywood
Sjanger Rock, funk, soul, R & B
Lengd 33:42
Selskap T.REX (Storbritannia), Ariola (Tyskland)
Produsent Marc Bolan
T. Rex-kronologi
Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow
(1974)
Bolan’s Zip Gun Futuristic Dragon
(1976)


Singlar frå Bolan’s Zip Gun
  1. «Think Zinc»
    Utgjeve: 1974 (berre Tyskland)
  2. «Light of Love»
    Utgjeve: 1974
  3. «Zip Gun Boogie»
    Utgjeve: 1974

Bolan's Zip Gun er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet T. Rex, gjeve ut 16. februar 1975 på EMI.

Åtte av elleve songar på albumet var alt gjeve ut i USA året før på Light of LoveCasablanca Records. Zip Gun vart gjeve ut med tre ekstra spor.[1] Det var det einaste T. Rex-albumet som ikkje gjekk inn på den britiske albumlista.[1]

Bakgrunn og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Den nye kjærasten til Marc Bolan, Gloria Jones og andre nylege amerikanske vener, som bror til Gloria, Richard og korsongaren Pat Hall, var med å påverke musikkretninga til Bolan, og han eksperimenterte ein del med soul på denne plata.

Albumet vart spelt inn i MRI Studios i Hollywood i USA, produsert av Bolan sjølv.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om lyden på albumet var naken og tekstane særs enkle og direkte, prøvde Bolan å gå vidare frå rocken T. Rex hadde spelt før og gå djupare inn i soul-musikken i USA. Fleire av songane hadde ein futuristisk tone, særskild «Space Boss», «Think Zinc» og «Golden Belt». Bolan var stor fan av science fiction. Bandet brukte òg stundom to trommesett samstundes på somme spor, som «Solid Baby», der Davy Lutton og Paul Fenton spelte samstundes.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Bolan’s Zip Gun kom ut 16. februar 1975 på selskapet T. Rex (distribuert av EMI). Det gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.

Det kom ut to singlar frå albumet: «Light of Love», som nådde 22. plassen på UK Singles Chart og «Zip Gun Boogie».

I 1994 gav Edsel Records ut Bolan’s Zip Gun med fleire bonusspor. I 1995 kom det tilhøyrande Precious Star (The Alternate Zip Gun), med alternative versjonar, uferdige studioopptak, eit konsertopptak og demoar. Dette og hovudalbumet kom ut i lag i 2002.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[2]
Pitchfork5.9/10[3]
PopMatters4/10[4]

Bolan's Zip Gun fekk dårleg kritikk då det kom ut.[2] I ei seinare melding likte AllMusic variasjonen i materialet, med songar som «den herlege knockouten 'Precious Star', den angrande boogien på 'Till Dawn' og det hardtslåande tittelsporet» som var eit steg attende til «den undervurderte boltringa han alltid hadde utmerka seg i». «Token of My Love» vart skildra som «like gloande» som ein leiken blues. Skribenten Dave Thompson merka seg ein enklare stil «med vekt på rytmar, forsterka korvokal der rocken var lagt på hylla». «Light of Love», «Golden Belt» og balladen «I Really Love You Babe» hadde alle «ein jordnær ektheit».[2]

Pitchfork skreiv «Med eit målretta steg attende til den lausare stilen på Electric Warrior, fyrer Gun med lauskrutt. Med den direkte stilen er albumet nesten perfekt, og fungerer med nokre av dei same lydane og ideane, men resultatet manglar rørsle og livskap. Mojoen til Bolan fungerte heilt klart ikkje. Verre var det at han ikkje høyrest ut som han la sjela si i desse songane.» I følgje Stephen M. Deusner var dei alternative opptaka på andre plata av utgåva frå 2014 «røffare og råare» og «langt betre versjonar, som hentar ut ein sjarmerande boogiepiano på 'Precious Star' og ei poppande basslinje på 'Light of Love'.[3] PopMatters delte ei liknande meining og sa at «Zip Gun har nok gode augneblink til å hindre å bli klassifisert som ein katastrofe, men berre så vidt.» Whitney Strub likte fleire spor og sa «'Light of Love' opnar ting på ein glam-funk-måte og 'Precious Star' tilbyr uimotståeleg kremaktig doo-wop.»[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Marc Bolan, bortsett frå der andre er nemnde.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Light of Love»3:16
2.«Solid Baby»2:37
3.«Precious Star»2:53
4.«Token of My Love»3:40
5.«Space Boss»2:49
6.«Think Zinc»3:25
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Till Dawn»3:02
2.«Girl in the Thunderbolt Suit»2:20
3.«I Really Love You Babe»3:33
4.«Golden Belt»2:41
5.«Zip Gun Boogie»3:26
Bonusspor på CD-utgåva frå 1994
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Do You Wanna Dance?»Bobby Freeman2:13
13.«Dock of the Bay» (sungen av Gloria Jones)Steve Cropper, Otis Redding2:20
Precious Star (The Alternate Zip Gun)
Nr.TittelLengd
1.«Light of Love»2:22
2.«Solid Baby»2:29
3.«Precious Star»2:45
4.«Token of My Love»3:40
5.«Space Boss»3:17
6.«Think Zinc»3:23
7.«Till Dawn»4:54
8.«Girl in the Thunderbolt Suit»2:42
9.«I Really Love You Babe (Precision Debating)»3:06
10.«Golden Belt»3:28
11.«Zip Gun Boogie (Live)»9:11
12.«Do You Wanna Dance?»2:15
13.«Dock of the Bay»2:22
14.«Solid Baby»6:06
15.«Till Dawn (Marc's Guide)»4:44
16.«Till Dawn»4:29
17.«Till Dawn»4:03
18.«Girl in the Thunderbolt Suit (Blue Jean Bop)»2:39
19.«Dishing Fish Wop (Golden Belt)»3:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Australia (Kent Music Report)[5] 89

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Paytress, Mark. Bolan: The Rise and Fall of a 20th Century Superstar. Omnibus Press. 2003.
  2. 2,0 2,1 2,2 Thompson, Dave. «Bolan's Zip Gun – T. Rex». AllMusic. Henta 16. juli 2021. 
  3. 3,0 3,1 Deusner, Stephen M. (5. februar 2006). «T. Rex: Tanx / Zip Gun / Futuristic Dragon / Work in Progress». Pitchfork. Henta 16. juli 2021. 
  4. 4,0 4,1 Strub, Whitney (23. januar 2006). «T. Rex: Tanx / Bolan's Zip Gun / Futuristic Dragon / Work in Progress». PopMatters. Henta 16. juli 2021. 
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 302. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]