Nanduar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rheidae)
Nanduar
Stornandu, Rhea americana, Foto: Adrian Pingstone
Stornandu, Rhea americana,
Foto: Adrian Pingstone
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Infraklasse: Palaeognathae
Orden: Rheiformes
Familie: Rheidae
Slekt: Nanduar Rhea
Brisson, 1760

Nanduar er strutsefuglane i den biologiske slekta Rhea. Det finst to artar, stornandu og fjellnandu, og begge lever i Sør-Amerika. Stornanduen har utbreiingsområde frå Nordaust-Brasil til Argentina, medan fjellnandu høyrer til i område frå Peru til Patagonia.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Nanduar er store fuglar utan flygeevne med gråbrun fjørdrakt, lange bein og lang hals, dei liknar strutsar. Hannar av stornandu kan bli 1,50 meter høge, og vege opptil 40 kg, men ei vekt på 20 kg er meir vanleg.[1] Vengene er store til strutsefugl å vere og vengene vert spreidd ut medan dei spring, som segl. I motsetnad til dei fleste andre fuglegrupper, har nanduar berre tre tær.[1] Tarsen har horisontale plater på framsida. Dei lagrar òg urin separat i ei utviding av kloakken.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Fuglane lever i slettelandskap.[1] Dei er altetande og føretrekk å ete av plantar med breie blad, men vil òg ete frø, røter, frukt, øgler, biller, grashopper og kadaver.

Nanduar er for det meste stille fuglar, unntaka er når dei har ungar eller når hannen søkjer ein make. Utanom hekkesesongen kan dei danne flokkar på mellom 10 og 100 fuglar, fjellnanduen ofte mindre flokkar enn dette. Når dei kjenner fare flyktar dei i ei sikksakkretning, samstundes som dei nyttar vekselvis høgre og venstre veng som ror. Ofte går dei saman med andre dyr som guanaco eller hjortedyr.[1] Under hekketida bryt flokkane opp.

Nanduar er polygame, med hannar som oppvartar mellom to og tolv hofuglar. Etter paring byggjer hannen eit reir, der kvar ho legg egga sine. Reiret består av ei enkel senking i bakken, fora med gras og lauv. Hannfuglen rugar 10-60 egg. Hannen vil nytte ein lokketaktikk og plasserer nokre egg utanfor reiret som offer til rovdyr, slik at dei ikkje vil prøve å kome inn i reiret. Hannen kan nytte ein annan underordna hann å ruge egga sine, medan han samlar eit anna harem for å starte eit neste kull. Ungane vert klekt innan 36 timar etter kvarandre. Hoene kan i mellomtida gå vidare og pare seg med andre hannar. Medan dei har omsut for ungane, vil hannane rekne alt som nærmar seg som trugsmål, òg andre nanduar av hokjønn. Ungane når full vaksen storleik etter omtrent seks månader, men vil ikkje hekke før dei når to år.

Det vitskaplege namnet «Rhea» er frå klassisk gresk mytologi. Det var Paul Möhring som gav slekta namnet i 1752, det er ikkje kjent kvifor dette namnet vart valt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «rhea» (2011). Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nanduar