Rockette Morton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rockette Morton
The Magic Band @ the Zanzibar Club, Liverpool 29-9-2012 (8039031690).jpg
Rockette Morton på Zanzibar Club i Liverpool. 29. september 2012
Fødd14. juli 1949 (70 år)
FødestadSalem i Illinois i USA
FødenamnMark Boston
OpphavUSA
AktivSidan 1963
SjangerRock, alternativ rock
InstrumentBassgitar, gitar, klaverinstrument, korvokal
Tilknytte artistarCaptain Beefheart
Mallard
Frank Zappa
Verka somMusikar

Rockette Morton (fødd 14. juli 1949 som Mark Boston)[1] er ein amerikansk musikar, mest kjend som bassist og gitarist for Captain Beefheart og The Magic Band i 1960- og 1970-åra.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1963, etter han flytta til Lancaster i California, vart Boston med det framtidige Magic Band-medlemmet Bill Harkleroad (òg kjend som Zoot Horn Rollo) i eit band kalla B.C. & the Cavemen.

Han fekk kallenamnet «Rockette Morton» av Captain Beefheart etter han vart medlem i The Magic Band. Morton spelte på fem av albuma til Beefheart: Trout Mask Replica (produsert av Frank Zappa i 1969), Lick My Decals Off, Baby (1970), The Spotlight Kid (1972), Clear Spot (1972) og Unconditionally Guaranteed (1974). Han spelte opphavleg bass, men byta til rytmegitar etter den tidlegare Little Feat-bassisten Roy Estrada kom med i bandet.

I boka Lunar Notes: Zoot Horn Rollo's Captain Beefheart Experience fortalte gitaristen Bill Harkleroad om kranglar mellom Beefheart og medlemmar i bandet. Dette førte til at dei vart oppløyste i 1974, då Rockette Morton slutta for å skipe Mallard i lag med bandkollegaene John French, Bill Harkleroad og Art Tripp. Mallard gav ut to album, Mallard (1975) og In a Different Climate (1976). Etter dette bandet vart oppløyst heldt Morton fram i ulike band som gitarist og bassist.

Morton gav ut eit soloalbum, Love Space, i 2003.[2] Det vart spelt inn i musikkstudioet hans i Aiken i Sør-California.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Captain Beefheart and the Magic Band[endre | endre wikiteksten]

Mallard[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rockette Morton discography». RateYourMusic. Henta 24. juni 2018. 
  2. «LoveSpace liner notes». CD Baby. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Harkleroad, Bill (1998). Lunar Notes: Zoot Horn Rollo's Captain Beefheart Experience. Interlink Publishing. ISBN 0-946719-21-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]