Lick My Decals Off, Baby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lick My Decals Off, Baby
Studioalbum av Captain Beefheart og The Magic Band
Utgjeve Desember 1970
Innspelt Mai 1970
Studio Record Plant, West Hollywood
Sjanger
Lengd 39:38
Selskap
Produsent Don Van Vliet
Captain Beefheart og The Magic Band-kronologi
Trout Mask Replica
(1969)
Lick My Decals Off, Baby Mirror Man
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Christgau's Record GuideA–[2]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]

Lick My Decals Off, Baby er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet Captain Beefheart og The Magic Band, utgjeve i desember 1970 av Straight og Reprise Records. Det var oppfølgjaren til Trout Mask Replica (1969), og vert av somme kritikarar og lyttarar rekna som eit betre album og var favoritten til Van Vliet. Van Vliet sa at tittelen var ei oppfordring om «å bli kvitt merkelappar», og å vurdere ting etter merittane deira, og ikkje etter overflatiske merkelappar (decals).

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Musikarane på albumet var Don Van Vliet på vokal, munnspel og blåseinstrument, Bill Harkleroad på gitar, Mark Boston på bass, Art Tripp på marimba, trommer og perkusjon, og John French på trommer. French hadde vore arrangør og musikalsk leiar på Trout Mask Replica. Van Vliet kasta French ut av gruppa - både i overført tyding og bokstavleg. Han skal visstnok ha kasta han ned ei trapp - kort tid etter Trout Mask Replica var fullført, og desse musikalske rollene gjekk vidare til gitaristen Bill Harkleroad. French kom attende til gruppa kort tid før innspelinga byrja.

Dei fleste av songane byrja som pianoimprovisasjonar av Van Vliet. Han ønskte å spele inn lengre improvisasjonar på kassett. Harkleroad lytta så til desse improvisasjonane, plukka ut dei beste partia og sette dei saman til komposisjonar.[4] Dei musikalske linjene på Decals verkar å vere lengre og meir intrikate enn samansetjinga av dei korte fragmenta som prega mykje av Trout Mask Replica.

I notata i plateomslaget til albumet finne in to dikt, eller tekstar, for songar som ikkje er på albumet. Den eine har ikkje tittelen og den andre heiter «You Should Know by the Kindness of uh Dog the Way uh Human Should Be».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Kritikaren Robert Christgau sa dette om plata: «Den kjende fem oktavar store rekkjevidda i røysta til Beefheart og skjulte totalitære strukturer har tatt på seg ein leken undertone, fråstøytande og oppslukande og slapstick-morosam.» Lester Bangs skriv at musikken og tekstane til Beefheart var meir modne enn før, og skreiv at «sjølv om lydlandskapet stundom er meir komplekst og kantete enn på Trout Mask, er meldingane hans universale og varme som eldstaden i Amerika me ein gong drøymde om».[5]

Fordi John Peel var ein forkjempar for albumet på BBC-radio, låg Lick My Decals Off, Baby elleve veker på UK Albums Chart, og nådde 20. plassen der. Dette er den høgaste plasseringa Beefheart fekk i Storbritannia.

Ein tidleg musikkvideo vart laga til tittelsporet, og det vart òg filma ein bisarr fjernsynsreklame med utdrag frå stumfilmen «Woe-Is-uh-Me-Bop» med maskerte medlemmar i Magic Band som nytta kjøkkenutstyr som musikkinstrument, og Beefheart som sparkar ei bolle med det som verkar å vere graut på ein bilveg. Videoen vart sjeldan vist, men vart akseptert av Museum of Modern Art, der han er blitt nytta i fleire program.[6][7]

Enigma Retro gav albumet ut på CD i 1989. Albumet har sidan blitt gjeve ut på ny på 180-grams vinyl. Kort tid etter Van Vliet døydde i 2011 vart albumet tilgjengeleg digitalt.[8] 17. november 2014 gav Rhino Records ut albumet som ein del av ein avgrensa plateboks kalla Sun Zoom Spark: 1970 to 1972, i lag med The Spotlight Kid, Clear Spot og ei plate med unytta opptak frå desse tre albuma.[9] Albumet vart òg gjeve ut separat, utanom bonusspor, av Rhino den 25. september 2015.[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar komponerte av Don Van Vliet. Arrangert av Bill Harkleroad.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Lick My Decals Off, Baby»2:38
2.«Doctor Dark»2:46
3.«I Love You, You Big Dummy»2:54
4.«Peon» (instrumental)2:24
5.«Bellerin' Plain»3:35
6.«Woe-is-uh-Me-Bop»2:06
7.«Japan in a Dishpan» (instrumental)3:00
Side to
Nr.TittelLengd
1.«I Wanna Find a Woman That'll Hold My Big Toe Till I Have to Go»1:53
2.«Petrified Forest»1:40
3.«One Red Rose That I Mean» (instrumental)1:52
4.«The Buggy Boogie Woogie»2:19
5.«The Smithsonian Institute Blues (or the Big Dig)»2:11
6.«Space-Age Couple»2:32
7.«The Clouds Are Full of Wine (not Whiskey or Rye)»2:50
8.«Flash Gordon's Ape»4:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Huey, S. (2011). «Lick My Decals Off, Baby - Captain Beefheart & the Magic Band | AllMusic». allmusic.com. Henta 26. april 2020. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: C». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. «Captain Beefheart». The Rolling Stone Album Guide. 1992. ISBN 0-679-73729-4. 
  4. Harkleroad, Bill with Billy James, 1998: Lunar Notes: Zoot Horn Rollo's Captain Beefheart Experience. SAF Publishing Ltd.
  5. Bangs, Lester (March 1971). «Review: Lick My Decals Off, Baby». Creem. Henta 20. november 2017. 
  6. Music Video: The Industry and Its Fringes, Museum of Modern Art, September 6–30, 1985
  7. Looking at Music, Museum of Modern Art, 13. august 2008 – 5. januar 2009
  8. «Lick My Decals Off, Baby by Captain Beefheart & The Magic Band». Itunes.apple.com. Henta 26. april 2020. 
  9. «Captain Beefheart – Sun Zoom Spark 1970 to 1972». Ispincds.com. Arkivert frå originalen 2014-09-07. Henta 26. april 2020. 
  10. Amazon website retrieved 31. oktober 2015.