Muffin Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Muffin Man
Song av Frank Zappa/Captain Beefheart/The Mothers
frå albumet Bongo Fury
Utgjeve 1975
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 5:33
Låtskrivar(ar) Frank Zappa, Don Van Vliet

«Muffin Man» er ein song av Frank Zappa. Han finst som eit konsertopptak på konsertalbumet Bongo Fury frå 1975 i lag med Captain Beefheart (Don Van Vliet). Songen byrjar med eit studio-innspelt parti med tekst av Zappa og følgjer så med refrenget. Songen var inspirert av eit tradisjonelt barnerim, The Muffin Man.[treng kjelde] Songen avsluttar bådet dette albumet og samlealbumet Strictly Commercial, og vart òg nytta som siste song på konsertane til Zappa i mange år etterpå.[1][2] Tonen i songen er blitt samanlikna med stilen til Jimi Hendrix.[3]

Girl you thought he was a man
But he was a muffin

Frank Zappa (1975)

Ein alternativ konsertversjon av «Muffin Man» finst på samlealbumet You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6. Songen finst òg på albuma Philly '76, FZ:OZ og Halloween.

Sonen til Frank Zappa, Dweezil, har i lag med Zappa Plays Zappa (ZPZ) , spelt «Muffin Man» på mange konsertar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]