Strictly Personal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strictly Personal
Studioalbum av Captain Beefheart og his Magic Band
Utgjeve oktober 1968
Innspelt April 25 - 2. mai 1968
Studio Sunset Sound Recorders, Hollywood, California
Sjanger
Lengd 38:54
Selskap Blue Thumb
Produsent Bob Krasnow
Captain Beefheart og his Magic Band-kronologi
Safe as Milk
(1967)
Strictly Personal Trout Mask Replica
(1969)


Strictly Personal er det andre albumet til Captain Beefheart and his Magic Band. Det kom ut i oktober 1968 som det første albumet på selskapet Blue Thumb Records. Det kom ut nesten eit år etter bandet hadde vore i studio og spelt opp ein oppfølgjar til Safe as Milk i 1967.

Produsenten Bob Krasnow la til phasing og etterklang-effektar på innspelingane, som sidan har vore tema for mange diskusjonar blant fans og kritikarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege meininga var å spele inn eit album for Buddah Records kalla It Comes to You in a Plain Brown Wrapper (plateomslaget til Strictly Personal kom frå dette opphavlege konseptet).[1] Det vart spelt inn mykje musikk for prosjektet i perioden oktober-november 1967 med Krasnow som produsent. Buddah avviste derimot albumet,[2] som kom ut i ei revidert form året etter. Strictly Personal inneheld nyinnspelte versjonar av songane frå 1967.

Krasnow la på mykje phasing og etterklang i miksinga av albumet, noko som passa bra med dei populære psykedeliske trendane på den tida. Beefheart fordømde produksjonen. Han sa effektane vart lagt til utan at han visste om det eller godkjende det. Desse kommentarane vart offentlege etter at albumet selte langt dårlegare enn venta. Andre bandmedlemmar har hevda at han i starten gjekk med på å bruke desse effektane. Uansett gav Beefheart ut seinare innspelingar med langt meir enkel og uhandsama lyd.

Buddah gav ut somme innspelingar frå dei tidlegare innspelingane, i lag med ein tidlegare versjon av «Kandy Korn», som Mirror Man i 1971. Mykje anna materiale frå innspelinga i 1967 har sidan kome ut: samleplata I May Be Hungry But I Sure Ain't Weird (1992) inneheld elleve av dei originale innspelingane henta frå masterlydbanda. Dette albumet har ikkje vore i sal på lenge, men dei elleve spora finst spreidd ut over The Mirror Man Sessions og den noverande utgåva av Safe as Milk. Somme av desse spora vart òg nytta på ei vinylutgåva frå Sundazed i 2008 med den originale tittelen It Comes to You in a Plain Brown Wrapper, men denne utgjevinga er ikkje ein kopi av det originale konseptet eller rekkjefølgja på songane.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Rolling Stone(middels) [4]

Barret Hansen skreiv ei melding i desember 1968 for Rolling Stone, og var usikker på verdien av plata. Han meinte at Beefheart og banda hadde «høvet til å lage det ultimate, kvite bluesalbumet», men at det var «brokete, discom-bobulated freakout-drit» og «flytande lyd» øydelegg potensialet, så det var uklart for han om albumet var eit verk av «den største kvite bluesmannen i verda», «ein kompetent musikar, kapabel av enkelte titaniske augneblink» eller «ein banal artist» med genial produksjon.[5]

Stewart Mason skreiv i ei seinare melding for AllMusic at albumet var strålande, men undervurdert på grunn av statusen miksen til Bob Krasnow har fått. Han meinte at «lydeffektane og phasinga døyver albumet her og der».[6]

Albumet vart stemt fram til 661. plassen i boka til Colin Larkin kalla All Time Top 1000 Albums 3. utgåve (2000). [7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Don Van Vliet

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Ah Feel Like Ahcid»   3:05
2. «Safe As Milk»   5:27
3. «Trust Us»   8:09
4. «Son of Mirror Man - Mere Man»   5:20
Side to
# Tittel Lengd
1. «On Tomorrow»   3:27
2. «Beatle Bones 'n' Smokin' Stones»   3:18
3. «Gimme Dat Harp Boy»   5:05
4. «Kandy Korn»   5:06

I følgje plateomslaget var alle songane skrivne av Don Van Vliet. Tekstforfattaren Herb Bermann hevda derimot å ha skrive tekstar til songane «Safe As Milk», «Trust Us,» «Gimme Dat Harp Boy» og «Kandy Korn»[8][9]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barnes, p. 55
  2. Platt, John (1999). The Mirror Man Sessions, liner notes.
  3. Mason, Stewart. «AllMusic review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 25. april 2020. 
  4. Hansen, Barret (7. desember 1968). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). Henta 14. august 2014. 
  5. Hansen, Barrett (7. desember 1968). «Strictly Personal Album Review». Rolling Stone. Henta 25. april 2020. 
  6. Mason, Stewart. «Strictly Personal - Captain Beefheart, Captain Beefheart & the Magic Band : Songs, Reviews, Credits, Awards : AllMusic». allmusic.com. Henta 25. april 2020. 
  7. Colin Larkin, red. (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 216. ISBN 0-7535-0493-6. 
  8. Barnes, Mike (2002). Captain Beefheart: The Biography. Cooper Square Press. s. 40. ISBN 9780815411901. 
  9. Bermann, Herb (2015). The Mystery Man from the Magic Band. Brass Tacks Press. ISBN 978-0-9820140-1-1.