Safe as Milk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Safe as Milk
Studioalbum av Captain Beefheart og his Magic Band
Utgjeve Juni 1967[1]
Innspelt Våren 1967
Studio RCA Studios i Los Angeles
Sjanger
Lengd 33:40
Selskap Buddah
Produsent Richard Perry, Bob Krasnow
Captain Beefheart og his Magic Band-kronologi
Safe as Milk Strictly Personal
(1968)


Singlar frå Safe as Milk
  1. «Yellow Brick Road»
    Utgjeve: 17. august 1967
  2. «Plastic Factory»
    Utgjeve: 25. mars 1969

Safe as Milk er debutplata til den amerikanske rockegruppa Captain Beefheart and his Magic Band, gjeve ut i juni 1967 på Buddah Records. Det er eit mykje blues-aktig verk. Den då 20 år gamle Ry Cooder spelte gitar på albumet og skreiv somme av arrangementa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Før innspelinga av Safe as Milk hadde bandet gjeve ut eit par singlar på A&M Records, og det var for dette selskapet gruppa først la fram debutalbumet sitt i 1966.[6] Dei presenterte for selskapet ei samling med R&B-aktige demoar, som selskapet meinte var for ukonvensjonelle og valde å droppe bandet.[6] Beefheart sa seinare at selskapet droppa dei etter å ha høyrt songen «Electricity» og sa at han var «for negativ».[7] Talentspeidaren Jerry Moss meinte innhaldet var for vågalt for øyrene til dottera. Dette, og at Leonard Grant gav seg som manager, førte til auka misnøye. Bandet gjekk i staden til Bob Krasnow, som då arbeidde for Kama Sutra Records. Han henta dei til den nye etiketten deira, Buddah.[8]

Samstundes hadde Beefheart i løyndom planlagt endringar i besetninga til The Magic Band, noko han ofte kom til å gjere medan gruppa eksisterte. Gruppa som spelte inn dei to singlane for A&M hadde bestått av Doug Moon og Richard Hepner på gitar, Jerry Handley på bass og Alex St. Clair på trommer. Hepner hadde alt slutta, og Beefheart ønskte å erstatte Moon med Ry Cooder, som då spelte med Gary Marker og Taj Mahal i Rising Sons. Desse og andre endringar førte til ei besetning med Handley på bass, St. Clair på gitar og John French på trommer, medan Cooder spelt ekstra gitar. Marker overtydde Cooder om å bli med i bandet og fekk han til å tru at han skulle produsere albumet. Marker var i røynda berre med på demoinnspelinga av albumet.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Albumet var kraftig påverka av Delta blues, noko ein kan høyre i opninga av det første sporet, «Sure 'Nuff 'n Yes I Do», som var basert på Muddy Waters sin «Rollin' and Tumblin'».[9] Opningsteksten, «Well I was born in the desert ...», siterer «New Minglewood Blues» av Cannon's Jug Stompers, ein tidleg versjon av «Rollin' and Tumblin». Elles har albumet ein versjon av Robert Pete Williamssin «Grown So Ugly» arrangert av Cooder.[10]

Ein av dei meir særprega songane på albumet er «Abba Zaba», ein av tre songar som er skrivne av Beefheart under hans verkelege namn. Ei melding på AllMusic skriv om songen at «sjølv om det ikkje er direkte blues, inneheld 'Abba Zaba' perifere element av den seige delta-stilen som dominerte mykje av albumet», og skreiv at innverknaden til Cooder er tydeleg her i dei «klingande, intrikate gitarlinjene» og den «tydlege og bitande bassen».[11] Sporet er kalla opp etter sjokoladen Abba-Zaba, som var favoritten til Beefheart som barn. Bandet hadde på eit tidspunkt planlagt å kalle opp albumet etter sjokoladen, men produsenten Cardinet Candy Co., nekta å gje dei løyve til å bruke namnet, og albumet fekk ein annan tittel. Det varte og gule sjakkmønsteret på baksida av albumet, designa av Tom Wilkes, er ein idé som kom frå papiret kring sjokoladen.[11] I eit minneord for Beefheart i 2010 skreiv Matt Schudel i The Washington Post:

«Tekstane og songtitlane til mr. Van Vliet skuldar surrealistisk poesi mykje. Sjølv om dei prøvde, hadde fansen store vanskar med å analysere linjer som desse frå 'Abba Zabba' frå albumet Safe as Milk:

Mother say son, she say son, you can't lose, with the stuff you use
Abba Zabba go-zoom Babbette baboon
Run, run, monsoon, Indian dream, tiger moon.[12]

Lenge skapte rolla til Herb Bermann som medlåtskrivar på åtte av spora på albumet mykje forvirring, sidan Vliet ikkje tilsette han, eller sidan brukte medlåtskrivarar, og heller aldri diskuterte rolla hans på albumet. Det var få spor etter han, sjølv om namnet hans dukka opp i eit unytta manus for After the Gold Rush basert på Neil Young-albumet med same namn i 1971. Forskjellige Magic Band-medlemmar har indikert at det truleg ikkje var noko anna eit pseudonym. Det var først i 2003 at Bermann vart lokalisert og intervjua, og stadfesta at han hadde vore involvert i låtskrivinga.[13]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[14]

Safe As Milk vart mykje marknadsført i Billboard, World Countdown og andre stader i juni 1967. Men den planlagde konserten til bandet på Monterey-festivalen den månaden vart ikkje noko av, og plata vart ikkje særleg populær. Ho gjekk ikkje inn på listene verken i USA, der ingen av platene til Beefheart gjekk inn på topp 100-lista, eller i Storbritannia, der bandet sidan fekk noko suksess med seinare album som Trout Mask Replica (1969). John Lennon hadde to Safe As Milk-klistremerke på skapdøra si heime.[15][16]

Albumet gjorde det betre i Europa enn i USA, og den britiske undergrunns-DJ-en John Peel var stor fan frå starten av. Den originale britiske utgåva kom derimot berre ut i mono.

Albumet var med i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[17]

Albumet vart stemt fram til 172. plassen i boka til Colin Larkin kalla All Time Top 1000 Albums (3. utg. 2000). [18]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i Storbritannia på Pye International, og sidan på budsjettetiketten til Pye, Marble Arch med berre ti spor, utan «I'm Glad» og «Grown So Ugly». Då den britiske distribusjonen av Buddah i Storbritannia gjekk til Polydor i 1970, vart albumet gjeve ut i gjen, denne gongen på 99-serien til Polydor, under namnet Dropout Boogie.[19] Først kom denne ut med dei same ti spora som på Marble Arch-utgåva, men dei manglande spora vart raskt sett inn. Denne 99-serien var òg første gongen albumet kom ut i stereo i Storbritannia.

I 1999 gav Buddha Records, eigd av Sony BMG som kjøpte katalogen til Buddah, albumet ut på ein ommastra CD. Dei la til sju bonusspor, teken frå innspelinga for det som skulle bli oppfølgjaren, Brown Wrapper, som aldri kom ut. Desse spora vart spelte inn kring november 1967 (to månader etter Safe as Milk kom ut), og var frå dei same innspelingane som gav songane på Mirror Man (1971). Buddha gav òg ut The Mirror Man Sessions på CD i 1999, med ytterlegare fem bonusspor frå denne innspelinga.

I 2013 gav Sundazed Records ut monomiksen av Safe As Milk på LP og CD.[20]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 2019 vart songen «Zig Zag Wanderer» nytta i ein reklamefilm for Hyundai.[21]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Herb Bermann og Don Van Vliet, utanom der andre er nemnde. Alle bonusspora er skrivne av Don Van Vliet.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Sure 'Nuff 'n Yes I Do»2:15
2.«Zig Zag Wanderer»2:40
3.«Call on Me» (Van Vliet[22])2:37
4.«Dropout Boogie»2:32
5.«I'm Glad» (Van Vliet)3:31
6.«Electricity»3:07
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Yellow Brick Road»2:28
8.«Abba Zaba» (Van Vliet)2:44
9.«Plastic Factory» (Van Vliet, Bermann, Jerry Handley)3:08
10.«Where There's Woman»2:09
11.«Grown So Ugly» (Robert Pete Williams)2:27
12.«Autumn's Child»4:02
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLengd
13.«Safe as Milk» (opptak 5)4:13
14.«On Tomorrow»6:56
15.«Big Black Baby Shoes»4:50
16.«Flower Pot»3:55
17.«Dirty Blue Gene»2:43
18.«Trust Us» (opptak 9)7:22
19.«Korn Ring Finger»7:26

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Captain Beefheart and his Magic Band[endre | endre wikiteksten]

  • Don Van Vliet – solovokal, munnspel, marimba, arrangement
  • Alex St. Clair Snouffer – gitar, korvokal, bass (9, 10), perkusjon
  • Ry Cooder – gitar, slidegitar, bass (8), perkusjon, arrangement
  • Jerry Handley – bass (utanom 8, 10), korvokal
  • John French – trommer, korvokal, perkusjon

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «50th Anniversary of Safe As Milk >> Captain Beefheart Radar Station». Henta 23. april 2020. 
  2. 2,0 2,1 Unterberger, Richie. Allmusic review
  3. «A beginner’s guide to the weird world of Captain Beefheart». 6. november 2014. Henta 23. april 2020. 
  4. Cooper, Kim; Smay, David (2005). Lost in the Grooves: Scram's Capricious Guide to the Music You Missed. Routledge. 
  5. «The 50 best psykedelisk rock albums of the Summer of Love». BrooklynVegan (på engelsk). 16. juni 2017. Henta 16. desember 2018. 
  6. 6,0 6,1 Barnes, p. 28
  7. Barnes, p. 29
  8. Barnes, p. 30
  9. Barnes, p. 36
  10. Barnes, p. 42
  11. 11,0 11,1 Planer, Lindsay. Allmusic song review: «Abba Zaba»
  12. Schudel, Matt (19. desember 2010). «Don Van Vliet, avant-garde rocker who performed as Captain Beefheart, dies at 69». Henta 30. september 2018 – via www.washingtonpost.com. 
  13. The search for the mystery co-låtskrivar from Safe As Milk Arkivert 24. juni 2016 ved Wayback Machine.
  14. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 3074. ISBN 978-0857125958. 
  15. «Photo of John Lennon lounging at his Surrey home, with «Safe as Milk» bumper stickers visible». Henta 23. april 2020. 
  16. Tom Adams (10 Aug 2015). Looking Through You: The Beatles Book Monthly Photo Archive. Omnibus Press. s. 195. 
  17. ^ Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2.
  18. Colin Larkin, red. (2000). All Time Top 1000 Albums (3. utg.). Virgin Books. s. 93. ISBN 0-7535-0493-6. 
  19. «Captain Beefheart And His Magic Band - Dropout Boogie». Discogs. Henta 23. april 2020. 
  20. «Captain Beefheart on Sundazed!». Sundazed. 2015. Henta 23. april 2020. 
  21. «Tailored For Petrol Heads». adsoftheworld.com. Henta 23. april 2020. 
  22. Somme kjelder oppfører «Call on Me» til den tidlegare Magic Band-trommisen Vic Mortensen, og ikkje til Van Vliet eller Bermann.