Roger Meddows-Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Roger Meddows Taylor)
Hopp til navigering Hopp til søk
Roger Taylor
The Cross 1990 Neu Isenburg 2.jpg
Taylor med The Cross i 1990
Verkeleg namn Roger Meddows Taylor
Fødd 26. juli 1949 (69 år)
King's Lynn, Norfolk, England
Instrument
  • Trommer
  • vokal
Sjanger rock
Aktive år 1968 til i dag
Yrke
  • Musikar
  • songar-låtskrivar
  • plateprodusent
Tilknytte artistar
Plateselskap

Roger Meddows Taylor (fødd 26. juli 1949) er ein engelsk musikar, trommeslagar, songar og låtskrivar. Han er mest kjend som trommeslagar i rockebandet Queen, men han skreiv òg songar i bandet og var stundom solovokalist. Som trommeslagar vart han tidleg i karrieren kjend for den unike lyden sin.[1] Han har sidan blitt hylla av trommeslagaren i Foo Fighters, Taylor Hawkins, som ein av dei viktigaste rocketrommeslagarar i 1970- og 1980-åra,[2] og vart rangert som den åttande beste trommeslagaren i klassisk rock i ei rundspørjing utført av radiokanelen Planet Rock i 2005.[3]

Som låtskrivar skreiv Taylor songar heilt frå starten av bandet, og skreiv minst ein gong per album dei gav ut, og song ofte solovokal på sine eigne songar. Han skreiv eller var med å skrive tre songar som nådde toppen av den britiske singellista («These Are the Days of Our Lives»,[4] «Innuendo» og «Under Pressure») og medverka på minst fem andre store hittar («Radio Ga Ga», «A Kind of Magic»,«Heaven for Everyone», «Breakthru» og «The Invisible Man»[5]). Han har samarbeidd med andre artistar som Eric Clapton, Roger Waters, Roger Daltrey, Robert Plant, Phil Collins, Genesis, Jimmy Nail, Elton John, Gary Numan, Shakin' Stevens, Foo Fighters, Al Stewart, Steve Vai, Yoshiki, Cyndi Almouzni og Bon Jovi. Som produsent har han produsert album av Virginia Wolf, Jimmy Nail og Magnum. Han bur i dag i Guildford i Surrey, men har òg hus i Helford i Cornwall.

I tillegg til trommer, spelte Taylor ofte klaverinstrument, gitar og bass på sine eigne songar. I 1980-åra danna han samstundes med Queen bandet The Cross, der han var frontsongar og rytmegitarist. Tidleg i 1980-åra var Taylor òg dommar i det populære britiske quiz-showet Pop Quiz, leia av Mike Read.

I følgje rikinglista til The Sunday Times var Taylor verdt kring 80 millionar pund eller kring 127 millionar dollar i 2011.[6] I 2014 var han med i The Life of Rock with Brian Pern som seg sjølv.

Taylor er kjend for falsett-stemma si.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Queen.

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Frimerke[endre | endre wikiteksten]

I 1999 vart Taylor den første levande personen, utanom medlemmar av den britiske kongefamilien som var på eit frimerke frå Royal Mail, då han var å sjå bak Freddie Mercury som ein del av serien «Great Britons». Dette skapte kontroversar, sidan det var ein oppfatning om at levande folk ikkje skulle trykkast på britiske frimerke, annan enn kongefamilien.[7][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolling Stone – Issue 149 – 12 June 1973
  2. «Taylor Hawkins: Rhythm 2002». Fooarchive.com. Henta 19. mai 2016. 
  3. Zeppelin voted 'ideal supergroup', 10 July 2005, http://news.bbc.co.uk/1/hi/entertainment/music/4669597.stm, henta 28 January 2008 
  4. «These Are the Days of Our Lives». Bechstein Debauchery. Arkivert frå originalen 17 December 2007. Henta 20. mai 2016. 
  5. «The Invisible Man». Bechstein Debauchery. Arkivert frå originalen 17 December 2007. Henta 28 January 2008. 
  6. Tara Evans (4 May 2011). «Sunday Times music rich list: top 50 richest people in music». Thisismoney.co.uk. Henta 19. mai 2016. 
  7. Rohrer, Finlo (14 October 2008), The politics of stamps, BBC News, http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/magazine/7669252.stm, henta 29 October 2011 
  8. Alex Spence, Royal Mail unveils Beatles album cover stamps (''Times'' Online), UK, http://www.timesonline.co.uk/tol/news/uk/article636773.ece, henta 29 October 2011