Songen A Kind of Magic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Kind of Magic
Singel av Queen
frå albumet A Kind of Magic
B-side

«A Dozen Red Roses for My Darling»
«Gimme the Prize (Kurgan's Theme)» (US)

Utgjeve 17. mars 1986 (UK)
4. juni 1986 (US)
Innspelt September 1985 – januar 1986
Sjanger rock
Lengd
  • 4:25 (album)
  • 3:37 (Bonusspor på CD: «A Kind of 'A Kind of Magic'")
  • 6:23 (12" extended version)
  • 4:10 (Original Highlander-versjon)
Selskap EMI, Capitol
Låtskrivar(ar) Roger Taylor
Produsent Queen, David Richards
Queen-kronologi 
«One Vision»
(1985)
A Kind of Magic «Princes of the Universe»
(1986)


«A Kind of Magic» er tittelsporet til albumet med same namn frå 1986 av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av trommeslagaren Roger Taylor for filmen Highlander. Singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart, topp ti i fleire land i EUropa og 42. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Songen er opningssporet på samlealbuma Greatest Hits II og Classic Queen.[1]

I Queen-samlingane The Platina Collection, Classic Queen og Greatest Hits II står det i omslaget at songen nådde toppen av listenen i 35 land verda over,[2] men så langt kjenner ein ikkje til noko stad der songen nådde toppen av listene.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Tittel[endre | endre wikiteksten]

Tittelen «a kind of magic» vert sagt i Highlander av Connor MacLeod (Christopher Lambert) då han skildra udøydelegheita si. Roger Taylor likte uttrykket så godt at han brukte det som ein inspirasjon for songen. Det er ein referanse til filmen i teksten: «one prize, one goal»; «no mortal man» og «there can be only one».

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Taylor skreiv melodien og akkordane for versjonen i filmen, som Brian May skildra som «ganske sorgfull og tung».[3] Freddie Mercury komponerte ei ny basslinje, la til instrumentale pasuar og endra rekkefølgja i songen slik at han vart meir popvenleg. Mercury og David Richards produserte denne nye versjonen. Songen var likevel berre tilskriven Taylor. Medan versjonen til Taylor kjem mot slutten av filmen, kom Mercury sin versjon først på albumet. Filmversjonen av «A Kind of Magic» vart først gjeve ut som bonusspor i 2011.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart ofte spelt på The Magic-turneen same året, som viste seg å bli den siste turneen til Queen før Freddie Mercury døydde.

Taylor spelte ofte songen på solokonsertane sine, og i lag med bandet The Cross. På Rock the Cosmos-turneen i EUropa song Taylor solovokal på songen på somme av konsertane.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for songen vart regissert av Russell Mulcahy, som regisserte Highlander. I videoen kan ein sjå Mercury som går inn på eit nedlsagt teater, der han finn May, Taylor og John Deacon, kledde som landstrykarar. Mercury omvandlar dei tre til Queen-medlemmar, med sine respektive instrument, før dei går attende til å bli landstrykarar att når han forlet teateret. Gjennom videoen dansar animasjonbilete til rytmen i songen. Desse vart produserte av Walt Disney Corporation.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Musikalartisten Elaine Paige spelte inn songen på albumet hennar The Queen Album i 1988.[4]

Lister[endre | endre wikiteksten]

1986 Posisjon
UK Singles Chart 3
Irish Singles Chart 3
Den sveitsiske singellista 3
Nederlandsk Topp 40 4
Den franske singellista 5
Den tyske singellista 6
Australian Singles Chart 6
Den austerrikske singellista 12
Billboard Hot 100 i USA 42

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Brasil (ABPD)[5] Platina 100,000*

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Queen Album: Classic Queen MTV. Henta 2. juli 2011
  2. Jenkins, Jim; Smith, Jacky; Davis, Andy; Symes, Phil (2000). The Platina Collection (CD booklet). Queen. Parlophone. s. 11. 7243 5 29883 2 7. 
  3. Purvis, Georg (2011). Queen Complete Works. London: Titan Books. s. 209. 
  4. «The Queen Album». AllMusic. Henta 6. september 2015. 
  5. «Brazilian single salstrofé – A Kind of Magic» (på portugisisk). Associação Brasileira dos Produtores de Discos. 
  1. «A Kind Of Magic by Queen Songfacts». Songfacts. Arkivert frå originalen den 23. desember 2007. Henta 31. desember 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]