Songen Innuendo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Innuendo
Singel av Queen
frå albumet Innuendo
B-side Bijou
Utgjeve 14. januar 1991
Innspelt tidleg 1989 – midten 1990
Sjanger Progressiv rock,[1] hardrock, kunstrock, flamenco
Lengd 6:30 (album)
6:46 (12" explosive version)
Selskap Parlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
Låtskrivar(ar) Queen
(Freddie Mercury/Roger Taylor)
Produsent Queen og David Richards
Queen-kronologi
«The Miracle»
(1989)
Innuendo «I'm Going Slightly Mad»
(1991)


«Innuendo» er ein song frå 1991 av det britiske rockebandet Queen. Han er opningssporet på albumet med same namn, og vart gjeven ut som den første singelen frå albumet. Singelen gjekk rett inn på toppen av UK Singles Chart i Storbritannia i januar 1991.[2]

Med ei lengd på seks og eit halvt minutt og er ein av dei mest episke songane til Queen og den lengste songen dei gav ut på singel, 35 sekund lengre enn «Bohemian Rhapsody». Songen har blitt skildra som «liknande» «Bohemian Rhapsody» fordi han gjekk «attende til dei progressive rockerøtene deira».[1] Han inneheld ein flamencogitarsolo framført av Yes-gitaristen Steve Howe og Brian May,[3][4] eit opera-aktig mellomspel og seksjonar med hardrock som minnar om tidleg Queen, i tillegg til ein tekst som er delvis inspirert av sjukdomen til songaren Freddie Mercury. Sjølv om mediapåstandar om helsa hans vart avvist på det sterkaste, var han no alvorleg sjuk av AIDS, og han døydde til slutt av sjukdomen i november 1991, ti månader etter at singelen kom ut.

Musikkvideoen inneheld animerte versjonar av bandet på eit filmlerret som minna om Nineteen Eighty-Four, skumle plastilinfigurar og rystande bilete, og har blitt skildra som ein av dei mørkaste og mest rørande verka til bandet.[5] AllMusic skildra songen som «herleg episk», som omhandlar «korleis mennesket ikkje klarar å leve i harmoni med kvarandre».[6]

Låtskriving[endre | endre wikiteksten]

«Innuendo» var sett saman som eit «puslespel». Eit tema går att (med ein boléro-aktig rytme) byrja som ein jam mellom May, Deacon og Taylor, Mercury la så til melodi og noko tekst, som vart skrive ferdig av Taylor.

Den midtre delen var hovudsakleg Mercury sitt verk, i følgje eit intervju med May i oktober 1994 i Guitar Magazine. Han inneheld ein flamenco-gitarsolo, etterfølgd av eit klassisk inspirert mellomspel, og så soloen igjen framført på elektrisk gitar. Denne seksjonen er særleg kompleks, med eit mønster i tre takter i 5/4-takt (ganske uvanleg i popmusikk) etterfølgd av fem takter i den meir vanlege 3/4-takten. Slutten av flamenco-gitarstilen er basert på 5/4-takten, men vert spelt i 6/4-takt.

Mellomspelet («You can be anything you want to be») består av sofistikert orkestrering, skapt av Mercury og produsenten David Richards med den populære synthesizeren Korg M1. Mercury hadde arrangert og vore medarrangør for orkester i solokarrieren, og avslutta det førre Queen-albumet med sporet «Was It All Worth It», som inneheldt eit Gershwin-aktig mellomspel, òg framført på ein M1-synth.

Bidraget til Steve Howe[endre | endre wikiteksten]

Steve Howe har sagt at han var «så stolt» over å ha spelt på plata, og han var den einaste gitaristen utanom Brian May som har spelt på ein Queen-song.[7][8] Howe og Mercury hadde vore vener i fleire år, sidan dei ofte møtte kvaranre i Townhouse Studios i London. Yes hadde spelt inn Going for the One i Mountain Studios i 1976–77 kort tid før Queen kjøpte det sveitsiske studioet, og debutalbumet til Asia vart produsert av lydteknikaren til Queen, Mike Stone.

I ein pause frå innspelinga i Geneve, køyrde Howe til Montreux og stoppa for å ete lunsj. Der møtte han Martin Gloves som hadde arbeidd for Yes før, og no var utstyrsansvarleg for Queen. Gloves fortalte at Queen var i studio. Howe vitja dei i studio og Mercury spurde han om han ville spele noko gitar (i følgje produsenten David Richards, som hadde arbeidd med Yes tidlegare). Ein annan versjon er at Brian May føreslo at han skulle spele flamenco-biten.[4] Då Queen spurde Howe om han ville spele på tittelsporet, så spurde han dei forsiktig om dei hadde gått frå vettet. Heile bandet måtte overtyde han.

I følgje Steve Howe:

« I studioet var Freddie, Brian og Roger. Dei sa: ‘La oss spele albumet for deg’. Eg høyrde det sjølvsagt for første gongen […] Og dei sparte sjølve «Innuendo» til slutt. Dei spelte han og vart heilt blåst i bakken. Alle av dei sa: ‘Me vil at du skal spele noko vanvittig spansk gitar over dette. Improviser!’ Eg byrja å leike med gitaren og det var ganske vanskeleg. Etter eit par timar tenkte eg ‘Eg har teke ein større bit enn eg kan tyggje her’. Eg måtte lære meg litt av strukturen, finne ut av akkordrøtene, du måtte vite kvar du skulle hen. Men det gjekk mot kveld, og me dreiv på, og det vart ganske så morosamt. Me hadde ein flott middag, me gjekk attende til studio og høyrde på. Og dei sa: ‘Det er flott. Det er det me ville ha’.[9] »

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga ein særs utførleg musikkvideo til singelen som kom ut 23. november 1990. Han bestod av ein kombinasjon av animasjon, animert med rotoskop og plastillinfigurar, som minna om plateomslag i ein detaljert miniatyrkino. Bandmedlemmane er berre til stades som illustrasjonar og bilete, hovudsakleg teke frå tidlegare Queen-videoar (som på «The Miracle», «Scandal», «Breakthru», «The Invisible Man», «I Want It All», og klipp frå «Live at Wembley Stadium 1986»), på ein kinoskjerm på liknande måte som filmen Nineteen Eighty-Four, der Mercury er teikna i stilen til Leonardo da Vinci, May som victoriansk etsing, Taylor i stilen til Jackson Pollock, og Deacon i stilen til Pablo Picasso.[10] Han inneheldt òg ein montasje av historiske bilete. Produksjonsselskapet DoRo (som hadde produsert videoar for alle singlane deira frå Innuendo) vann ein Monitor Award for beste utføring i musikkvideo.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen og delar av Led Zeppelin-songane «Kashmir» og «Thank You» var framført av frontmannen i Zeppelin, Robert Plant, med dei tre overlevande medlemmane av Queen (May, Taylor og Deacon) på The Freddie Mercury Tribute Concert i 1992 på Wembley Stadium. «Kashmir» hadde vore ei av inspirasjonskjeldene for «Innuendo». Songen vart ikkje med på DVD-utgåva etter Plant sitt ønske, fordi han gløymde delar av teksten og vokalen hans var, i følgje han sjølv, ikkje heilt på topp.

12" Explosive Version av «Innuendo» inneheld ein lyd som minnar om ei atombombe etter Mercury syng linja «until the end of time».

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[11] Sølv 200 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991) Plassering
Den australske singellista[12] 28
Den austerrikske singellista[13] 12
Den nederlandske singellista[14] 4
Den tyske singellista[15] 5
Irish Singles Chart[16] 4
Den italienske singellista[17] 4
Den newzealandske singellista[18] 10
Den sveitsiske singellista[19] 3
UK Singles Chart[20] 1
US Mainstream Rock Chart[21] 17

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Queen - Innuendo». rokpool.com. Henta 18. august 2015.  «The opening self-titled track has the band doing their tourist bit reminiscent of 'Bohemian Rhapsody' harking back to their progressiv rock roots."
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness rekordbok Limited. s. 523. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. Alessandro Cannarozzo and Luca Cuoghi. «QueenItalia - The Italian Queen Community | Queen | Discografia | Innuendo». Queenitalia.it. Henta 30. mars 2014. 
  4. 4,0 4,1 [1] Arkivert 9. februar 2009 på Wayback Machine.
  5. Queen's Greatest Videos. Channel 4. 1999. nr. 1/1.
  6. Prato, Greg. Innuendo review. Allmusic. Henta 12. april 2011.
  7. Burgess, Mick (25. april 2014). «Yes! We’re ready for the challenge: We chat to Steve Howe». Evening Chronicle. Henta 14. september 2015. 
  8. de Haan, Jan-Jaap. «Queen: A Night At The Opera». Dutch Progressive Rock Page. Henta 14. september 2015. 
  9. Dave Everley, Sheer Art Attack, Prog magazine, March 2012, pp. 68-71
  10. Queen - Champions of the World video (1995)
  11. «British single salstrofé – Innuendo». British Phonographic Industry.  Enter Innuendo in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  12. Steffen Hung. «Australian charts portal». australian-charts.com. Henta 30. mars 2014. 
  13. Steffen Hung. «Austerrike Top 40 - Hitparade Österreich». austriancharts.at. Henta 30. mars 2014. 
  14. Steffen Hung. «Dutch charts portal». dutchcharts.nl. Henta 30. mars 2014. 
  15. «Die ganze Musik im Internet». musicline.de. Henta 30. mars 2014. 
  16. Jaclyn Ward - Fireball Media Ltd (1. oktober 1962). «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 30. mars 2014. 
  17. «Hit Parade Italia - Indice per Interprete: Q». Hitparadeitalia.it. Henta 30. mars 2014. 
  18. Steffen Hung (24. mars 2014). «New Zealand charts portal». charts.org.nz. Henta 30. mars 2014. 
  19. Steffen Hung. «Die Offizielle Schweizer Hitparade und Music Community». swisscharts.com. Henta 30. mars 2014. 
  20. «ChartArchive - The Chart Archive». Chartstats.com. Henta 30. mars 2014. 
  21. «Music Search, Recommendations, Videos and Reviews». AllMusic. Henta 30. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]