Sa'ar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°1′42.6″N 35°6′34.56″E
Sa'ar
סַעַר
kibbutz
none
Namneopphav: Storm
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Vest-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 33°1′42.6″N 35°6′34.56″E
Grunnlagd 1948
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair og Holocaust-overlevande
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sa'ar (Kibbutz)

Sa'ar (סַעַר, tyder Storm) er ein kibbutz vest i Galilea i Israel. Han ligg nær Nahariya, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 403.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i 1948 av medlemmar frå den sosialistisk-sionistiske ungdomsrørsla Hashomer Hatzair og Holocaust-overlevande.[1]

Kibbutzen vart grunnlagd i august 1948 på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Az-Zeeb, sør for landsbyen.[2][3]

I august 2006 flykta mange innbyggjarar frå kibbutzen etter at Hizbollah avfyrte opp til 60 rakettar dagen. Kibbutz-medlemmet David Lelchook vart drepen av splintar frå eit missil som traff framsida av huset hans.[4]

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart kjend som gardssamfunnet der komikaren Jerry Seinfeld arbeidde som frivillig då han var 16 år gammal.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kibbutz Sa'ar website
  2. Morris, 2004, p. xxi, settlement #18.
  3. Khalidi, 1992, p. 37.
  4. [http://info.jpost.com/C002/Supplements/CasualtiesOfWar/2006_08_03_1.html Rocket kills American oleh at Kibbutz Sa’ar, Jerusalem Post
  5. Jerry Seinfeld show in Atlantic City