Kabri i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kabri
כַּבְרִי
kibbutz
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 33°1′15.23″N 35°8′56.4″E / 33.0208972°N 35.149000°E / 33.0208972; 35.149000
Folketal 1 054 (2019)[1]
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Tidlegare medlemmar i kibbutzen Beit HaArava
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Kabri i Israel
33°01′15″N 35°08′56″E / 33.020897222222°N 35.149°E / 33.020897222222; 35.149
Wikimedia Commons: Kabri
Nettstad: www.cabri.org.il

Kabri (כַּבְּרִי) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Vest-Galilea kring 4 km aust for middlhavsbyen Nahariya, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 751.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området kring Kabri-kjeldene vart først busett for 16 000 år sidan i steinalderen. Permanente strukturar dukka opp kring 10 000 fvt. Arkeologiske utgravingar har avdekt spor etter ein eldgamal by. Byen vart bygd kring 2500 fvt. og området dekte 32 mål, som var omgjeve av sju meter høge vollar, der det vart bygd vakttårn.[2]

Byen vert av arkeologane kalla Tel Kabri, men det kaananittiske namnet er ikkje kjend. Byen var ein bystat styart av ein monark og slottet hans låg i hjartet av byen, dekorert med fargerike fresker og ornament i minoisk stil. Innbyggjarane i byen (som er estimert til 5 000) levde av jordbruk og internasjonal handel. Ein har funne spor etter handelsvarer frå Egypt, Tyrkia og Kreta i ruinane og gravene på staden. Bystaten vart heilt fråflytta kring 1600 fvt. av ukjende årsaker.[2]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Etter nokre få generasjonar vart ein festningsby grunnlagd av fønikarane like ved den eldre byen. Her er det seinare gjort funn av våpen og kjøkenutstyr frå greske leigesoldatar, i tillegg til ein særs sjeldan bolle, der ein lagde purpurfarge, som var hovudeksportvaren til fønikiarane. Busetnaden vart øydelagd på 600-talet fvt. av babylonarane.[2]

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Den arabiske landsbyen al-Kabri låg på staden etter krosstoga og fram til 1949. I 1948 vart Yehiam-konvoien overfalt då han passerte landsbyen. I følgje den iraelske historikaren Benny Morris, førte eit påfølgjande Haganah-åtak til at dei fleste landsbybuarane flykta, medan andre vart drepne i det som vart kjend som al-Kabri-massakren. Haganah planla å øydeleggje Al-Kabri og nærliggande landsbyar i Vest-Galilea. Seinare var Al-Kabri blant landsbyane som vart rasert for å sørge for at dei opphavlege innbyggjarane ikkje kunne eller ville kome attende.[3]

I 1949 vart ein ny kibbutz grunnlagd på staden av forflytta medlemmar frå kibbutzen Beit HaArava og yngre flyktningar frå Unge Aliyah. Beit HaArava låg langs Jordanelva nær Jeriko, og vart evakuert under den arabisk-israelske krigen 1948, og sidan øydelagd av dei invaderande jordanske styrkane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/northern/akko/0576__kabri/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003313.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Historie». cabri.org.il. Arkivert frå originalen 5. mars 2007. Henta 7. mars 2015. 
  3. Morris, Birth of the palestinske Refugee Problem, 1947–49, 1. red, s. 125

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]