Adamit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°4′42.27″N 35°12′39.59″E
Adamit
landsby
ADMIT 1.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Vest-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 33°4′42.27″N 35°12′39.59″E
Folketal 110 (2012) [1]
Grunnlagd August 1958
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Adamit

Adamit (אֲדָמִית) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Galilea i Israel nær grensa til Libanon, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 110.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen Adamit vart grunnlagd i august 1958 av medlemmar frå Hashomer Hatzair, og vart kalla opp etter ein by frå tida kring Det andre tempelet, som låg i dette området.[2] Kibbutzen vart grunnlagd på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Khirbat Iribbin, som låg vest for landsbyen.[3] I 1967 vart kibbutzen fråflytta, og berre Nahal-grupper var att.[treng kjelde] I 1971 vart kibbutzen busett på ny av immigrantar frå England, USA og Canada, etter eitt år med opplæring i kibbutzen Mishmar HaEmek. I 1980-åra leid kibbutzen av økonomiske problem og kom under bustyrarskap. Sidan 1990-åra vart det bygd eit nytt nabolag i åssida over landsbyen.[4]

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen ligg på ein ås med flott utsyn over Galilea. På eine sida ligg Nahal Betzet naturreservat, og i nord Nahal Namer. Regionen får normalt 750 millimeter nedbør i året, som er relativt høgt for Israel.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israel Central Bureau of Statistics. 2012. Henta 7. mars 2015. 
  2. Adamit Shelanu
  3. Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The palestinske Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, s. 17, ISBN 0-88728-224-5 
  4. 4,0 4,1 The good life, on a kibbutz, Haaretz